Gå til hovedinnhold

Innlegg

Flukta frå agurkane

Eg var när ved å bli kvalt av ensformigheten i Oslo-media, brukte eg sommarferien på å arbeide som veterinär i Sverige. Denne artikkelen stod på trykk i Bergens Tidende sommaren 2010 som kommentar i lördagsbilaget. Avstanden mellom media og folket er stor. Det heile minnar tidvis om eit svært show. Vi veit jo alle at publikum sit adskilt frå scena. Når showet er over, går dei heim. Det meste ein har sett, vil snart bli gløymt. Slik sat eg ein gong i vår og tenkte på ein röd skinnstol ved respatexbordet i min minimale, sterkt overprisa vintagekåk på Grünerlökka i Oslo. Halve kretsen sat heime og las Knausgård, alle Facebook-debattar dreide seg om Knausgård, alle aviskommentarar dreide seg om Knausgård og eg gjespa meg gjennom spaltane. Det heile minna om ein parodi. Ein vakker dag var det nok. Eg var lei av innesnödde mediefolk viss einaste kilde til idear såg ut til å vere Facebook, og sidan eg tilfeldigvis er utdanna dyrlege sökte eg på förste og beste sommarjobb som kuveterinä...

Sommar! I Sverige!

Som enkelte sikkert har merka seg, er eg treg med å oppdatere bloggen no i sommar. Det har seg slik at eg er i vårt vakre naboland Sverige og arbeider som veterinär. Då blir det litt mindre tid til blogging. Dessutan er det finare å vere ute no i kokande sol enn å sitte inn framfor ein pc. Og eg likar betre praktisk arbeid og sosialt liv enn kontorarbeid. Men eg kjem sterkare tilbake. Og så har eg klart meg ca eit par veker utan Facebook, og det kjennes digg. Sosiale medier er greit å ha, men dei kan også bli stressande, og eg merker at eg savner ikkje Facebook eit dugg. Ei heller Twitter. No for tida bur eg på eit stabbur ved ein stor sjö med flott utsikt, gröne marker og fiskevatn. Utan innlagt vatn, utan dusj, men med kran like ved. Utan internett, men med ström. Det er skikkelig digg. Stilt og roleg. Stor hage, kaffe, lokal pils, ei bra bok. Av og til haglar det hagl store som bordtennisballar, og av og til skin sola brennheit. Så drar vi på dans eller på travlöp (nei, ingen gö...

Fleip eller fakta??

Ein musikkjournalist som ikkje veit skilnaden på Bob Dylan og Madonna, på gitar og piano, er inkompetent. Ein journalist som legg for dagen eit liknande kunnskapsnivå i naturvitskap, er det ingen som legg merke til. Min påstand er at journalistars manglande kompetanse i naturvitskap gjer det vanskeleg å føre ein kompetansebasert debatt rundt klima, miljø og matproduksjon i det offentlege rom. Ei rekke journalistar greier ikkje skilje fakta frå fiksjon, faktafeila florerer og i ei rekke saker er den naturvitskaplege delen av sakskomplekset droppa. Få redaktørar verkar vere i stand til å sjå faktafeila. Denne artikkelen er publisert som Signert-artikkel i Klassekampen 18.juni 2011. Kommentaren «Grisens hevn» om svineinfluensa av Marte Michelet i Dagbladet (25. juli 2009): Her skriv Michelet at det var blant genmodifiserte svin i Mexico at svineinfluensaviruset oppstod. Teorien om genmodifiserte svin er fin den, men her er eit problem: det eksisterer ikkje genmodifiserte grisar. De...

Journalistars kompetansemangel i naturvitskap: eit demokratisk problem. Eit essay om profetar.

Tema: mediene og miljøpolitikken/klimakrisen; et kritisk blikk. Profetar, grisebust og journalistar. «Også guds ord må vinklast journalistisk», sa Martin Eide, professor ved Universitetet i Bergen, på Frokost med Bernt «Fra jakthund til vakthund» 20.oktober 2009. Han snakte om den journalistiske logikken for eit sprengfullt auditorie. Opp og ned trappene i det same auditorie vandra UiO-professor Bernt Hagtvedt og delte ut mikrofonen til taletrengte tilhøyrarar medan han jamra. Bernt jamrar alltid på Frokost med Bernt, og det er alltid oss journalistar han jamrar over. Han nyttar alle sjansar: Nei, nei og atter nei, desse journalistane. Vi skulle alle sammen vore pakka ned og lagt på lager. Eventuelt sprengt i filler, dynka i bensin og sett fyr på. Eg skal innrømme eg har kjent pulsen stige: han der Hagtvet må slutte å gjenta seg sjølv. Men så har han litt rett også, denne vandrande talemitraljøsa som kjeftar i veg ved ein kvar anledning. Journalistar manglar dannelse, journalistar ...

Det er billeg å vere blond - i Sverige!!

Alle snakkar om harryhandel, om å reise over den berömte grensa til Sverige, eit land dei fleste knapt verkar ha vore i. Det er trass alt ikkje Sverige ein reiser til. Ein reiser til storbyane, til Berlin og New York, og om du er yttterst politisk korrekt: Hellas. Alle snakkar om kor billeg Sverige er. Eg bur tilfeldigvis i Sverige, 5 månader ifjor og no nokre månader i år, og det er ikkje så billeg her. Maten i ICA og Tempo-butikkar er ganske dyr. Lat meg ta eit eksempel frå Ica her: 1 liter melk kostar på Ica her: 13,70 kroner. Kremflöyte: 9,40 kroner. Aftonbladet 12 kroner, 1 liter tropisk juice: 13,90 og ein pose (ekle) kanelbollar (bakt i dag): 26,90. Å klippe seg på Nikita i Östersund, kosta for meg (dame, langt hår) 450 kroner. Dette var ganske billeg. För har eg betalt 600 svenske i Mellerud for klipp og striping. Det er definitivt billegare å vere blondine her enn heime. Så kva med litt harry-hår-handel? Ta heile familien din over grensa, klipp og farg håret: spar masse ...

Kven skriv du mot, Andresen?

I lesarbrevet “Vi trenger deg ikke som bonde!” skriv Nils August Andresen, Minervas redaktör, at nordmenn ikkje har så lyst på norskprodusert mat som “det Viken postulerer”. Alt her snublar han. For kvar finn Andresen at eg postulerer dette? Ingen stad. Det er ikkje mitt poeng at all mat på död og liv skal vere norsk. Mitt poeng er at maten skal vere forsvarleg i den forstand at det skal vere levelege vilkår for folk og dyr, blant anna med skikkelige inntekter. Les min kronikk "Difor blir eg ikkje bonde" som Andresen svarar på. Andresen skriv at kortreist ikkje alltid er mest klimavennleg. Det har han heilt rett i, men Andresen trur tydelegvis at eg meiner det motsette. Kvar tar han det frå? Eg meiner da ikkje at kortreist alltid er best. Til slutt tek Andresen före seg subsidiene. Han vil ikkje betale meir i skatt for at eg skal produsere meir kjedeleg norsk mat. Men når sa eg noko om at eg ville ha meir i subsidier? Aldri. Andresen fyrer laus med argument som tydele...

"Mat er makt" av Kaare M Bilden - ein bokomtale.

Her for eit par veker sidan hadde journalist og debattredaktör i Ny Tid, Kaare M. Bilden, ein kronikk i Dagbladet der han gjekk til frontalangrep på Senterpartiet sine fortellingar om at det er for lite mat i verda. Han gjekk også til angrep på fortellinga om at kortreist mat alltid er mest miljövennleg. Begge fortellingane blir av Bilden omtalt som myter. Det er heilt greit. Det er nemleg myter. Det er ei myte å påstå at kortreist mat alltid er meir miljövennleg, men kven er det som trur på denne myten i år 2011? Og eit spörsmål melder seg: kven er det Bilden skriv for i boka "Mat er makt" ? Den andre myta: det er for lite mat i verda, er ikkje sann, skriv Bilden. Det har han nok rett i, om vi skal tru hans kilder, men det er forskjell på realitetsorientering og luftige visjonar. Bilden er rik på det siste. Per idag er det faktisk slik at mange svelt fordi dei får for lite mat, eller fordi maten er for dyr. Det er også slik at det er vassmangel ein del stader i verda s...