Gå til hovedinnhold

Innlegg

BLURB!! om å skrive bok

Så skal ein leite opp nokon som kan blurbe om ei bok, altså få betalt for å sei noko tøft om boka di som du kan trykke på omslaget. Men kven skal ein velge?? Nokre gir slagsider ein ikkje vil ha. Og kven vil selge sjela si for å sei noko pent om boka? Eg har pirka fram nokre namn og er i ferd med å spørre fleire. Og så skal ein ha testlesarar. Nokre pirkar på komma, andre kan ikkje lese. Lese som i "lese", ikkje som i å kunne sette saman bokstavar til ord. Å finne gode lesarar er ikkje lett. Du merker asap om du har ein god lesar på hand. Har du ein god lesar, er det gull, gull og atter gull verdt. Og så skal ein vite at boka er bra nok til at ein tørr sleppe den ut på markedet. Ein vil liksom ikkje havne mellom dei bøkene ein sjølv meiner eignar seg best som peisved. Og det er ikkje lett å vite. Og så skal ein tenke på lesaren, og ikkje tenke på lesaren, og så skal ein ikkje legge to fingrar mellom men ikkje framstå som ein løk. Og så skal ein gjerne late som om ein er l...

Höst!

Eg er between jobs, og det vil difor vere litt skralt med bloggpostar for augneblinken!

Minkfarm hadde levende mink i frysekonteiner/ Mattilsynet fant to levende mink i en frysekonteiner sammen med mange døde mink.

Når pelsböndene på farmen no påstår dei mistenker sabotasje på anlegget, fortel det oss ein ting: dei manglar oversikt over eigen farm, dei kjenner ikkje til forholda på eigen farm, dei veit ikkje kva som foregår der. Dei lyg til pressa og stiller seg sjölv i eit, om mogeleg, enda dårlegare lys. Uanmeldte besök frå Mattilsynet er effektive: då får ikkje pelsböndene göymt unna dårleg dyrehald, avliva sjuke dyr som dei held i live men ikkje vil bruke pengar på å veterinärbehandle. Dei får heller ikkje dumpa döde dyr som ligg og sleng. Ja til fleire uanmeldte besök. Det er einaste måte å få fram dritten i pelsnäringa på. Les saka hos Nationen. Sei nei til pels. Still pelsböndene til ansvar. Det er i Norge ingen som er tvinga til å hente inntektene sine frå dyreplageri. Dei som vel dette, bör svare for sine etikk i möte med forbrukarane.

Litterär LUX

Sigrid Combuchen ”Spill – en damroman”, Norstedts 2010 (svensk) Det er sjeldan ein kjem over böker alla ”Spill”. Dei mellommenneskelege relasjonane er litterär luksus, språkfölelsen sjeldan og det er lett å kaste seg på hylningsbölga som löfter fram Combuchen som ein av vår samtids mest avanserte forfattarar, stilistisk, teknisk og tematisk. Dama bedriv litterär utklassing. Hennar tematikk er kvinneroller, gode historiske skildringar, konflikter, mannsroller, yrke og utdanning, rolla som mor. I fascinerande miljömessig konstekst får ein presentert ein karakter bygd rundt konflikter og valg. Har ein kasta vekk livet eller tatt dei valga ein kunne? Den er så beint fram jävlig god at du får frysningar på ryggen, men dette er inga Linda Olsson-bok for deg som vil skru av hjernen. Her forflyttar vi oss mellom ulike tidsepokar, fiktive og relle personar, ein fortellar som sjölv er oppdikta, brevvekslingar og ein fiktiv roman. Men komposisjonen sit som eit skot. Det er tidvis komplisert, m...

Valgkamp oppdatering

Det er ikkje riktig, slik NRK pröver å formidle, at eg har trekt meg frå valgkampen. Eg befinn meg utomlands og har her fått fast arbeid. Eg vel fast arbeid utomlands framfor valgkamp ettersom desse to no har krasja. Dei gröne var på förehand informert om at dette kunne kome til å skje (at eg fekk jobb utomlands som krasja med valgkamp). Likevel önskte dei meg som listetopp. Det sa eg ja til. Så får vi sjå om media greier forholde seg til ein kandiat som er utomlands, eller om dei framleis trur eg har trekt meg. Eg kan delta via media, men kan ikkje möte opp fysisk på live debattar i fylket. NRK nekter meg iallefall å delta i utspörring av förstekandidatane for partia. Det er deira valg, eine og aleine. Eg har sagt eg kan stille, via telefon.

Bönder som vel fjörfe som inntekstkilde må stillast til ansvar for sitt valg

Kvifor önsker ein bonde å drive med fjörfe? Det er i dagens samfunn ikkje slik at ein er tvungen til å drive med fjörfehald for å overleve. Det er eit aktivt valg ein kvar kan ta. Ein kvar bonde kan ta eit aktivt valg med tanke på etikk i eigen produksjon. Ein fjörfebonde er ein bonde som har teke eit aktivt valg om hald av dyr som har elendige liv. Han har teke eit aktivt valg om å mishalde tusenvis av dyr. Det er ingen som har påtvunge han dette. Han har valgt det sjölv. Ein kan ikkje skulde dette på forbrukarar eller på myndigheter som tillet produksjonen. Det er for lettvint. Ein må også spörre seg om enkeltmenneskets etikk i dyrehald. Vi veterinärstudentar reagerte med avsky når vi besökte kalkunoppdrett. Skabbete fjörlause dyr i hallar der ein knapt får puste. Stöv. Luft som står stille. Kvelande varme. Hög varme gjer at dyra brukar mindre energi på å halde kroppstemperaturen oppe. Ergo bruker dei meir energi på å vekse og bli feite. Ergo bruker bonden mindre pengar på fô...

Om å ta eigne valg, eller om å flytte ut på bygda

Sverige er eit fint land. Dei svenske nordområda er vakre, og her treff eg mange svenskar som har evakuert frå sör. Ein evakuerte fordi kona elska garden högare enn mannen. Han krangla med svigerdottera, og pakka til slutt sekken. No bur han på småbruk i Jämtland. Ein annan sakna snö om vinteren. Det var så mörkt i sör. Han deppa, sa opp jobben og drog mot nord på jakt etter eit betre liv, men ting vart ikkje betre. No får han angst av jobben, angst av tanken på å sei opp jobben og går til psykolog. Så har du dei som ikkje vil snakke om årsakene til at dei forlot Stockholm, Malmö, Göteborg og flytta til Jämtland, Härjedalen, Norrbotten, Västerbotten. Eg spör heller kor mykje dei betalte for garden, kva rase er hesten, korleis fann dei denne staden som ligg vakkert med utsikt over Storsjöen, den raude solnedgangen, storsjöormen, kirka som Olav den Heilages frendar bygde. Det angår i grunnen ikkje meg kvifor dei bur her. Forklaringane er mange på kvifor dei har flytta mot nord. Eg ha...