Gå til hovedinnhold

Innlegg

Kvifor slapp ikkje NRK inn på slakteri? Pluss ein del informasjon om kor sjuke norske kyllingar og kalkunar er, likevel veks dei.

På bloggposten Fjørfenæring på ville vegar fekk eg nokre kommentarar eg vil trekke fram her. Bloggen vart skriven i forbindelse med at Forbrukerinspektørene på NRK laga eit kritisk program om norsk egg og kyllingproduksjon. Sjå sendinga her. Den eine kommentaren er denne: Måten du fremstiller denne saken på er virkelig helt latterlig. Jeg synes det er skremmende at det finnes mennesker i ditt yrke med disse holdningene. Du gir uttrykk for at bøndene ikke bryr seg om hvordan dyrene deres har det og at de ikke gjør sitt ytterste for at de skal ha et fint liv. I tillegg beskylder du bransjen for å ville holde det hemmelig hvordan maten produseres. Hvor i all verden tar du det fra? I NRKs program stilte bøndene velvillige og ærlige opp for å gi folk et mer virkelighetsnært innblikk i hvordan livet på en gård virkelig er. Dette burde de hedres for. Jeg er selv godt kjent med hvordan både burhøns og kyllinger lever og vet at hønene ikke ville ha lagt egg og kyllingene ikke ...

Forbrukerinspektørane på NRK avdekker ingenting anna enn godt kjent fagkunnskap om høner og kylling

I går sende Forbrukerinspektørene på NRK eit program om produksjon av norsk kylling og egg. Er solegg betre for deg, og har løsdriftshøns det betre enn burhøns? Svaret er nei.  Egentlig er det ganske rart at ein skal måtte lage gravejournalistikk for å få fram godt kjent fagkunnskap. Det handler mest av alt om å avdekke merkevarer.  Det er per idag godt kjent at lausdrift ikkje er betre for høner, ofte verre. Det er også godt kjent at kvitt kjøt frå dyr som kun et kraftfor, ikkje er bra for helsa di. Ingenting av det som her kjem fram er nytt for den som kan litt om dette feltet, men det er skremmande nok nytt for ganske mange. Sjå programmet her

Fjørfenæring på ville vegar

Per Olaf Lundteigen har vore ute fleire gongar og refsar norske kyllingprodusentar for å produsere sjuk og usunn slaskekylling. Då mobilserer bønder, Bondelaget og politikarar frå Senterpartiet mot Lundteigen. Det er viktig å halde dette hemmeleg. Forbrukarane skal ikkje vere klar over korleis produksjonen foregår.  I vår skreiv eg ein kommentar om dette i Klassekampen basert på ny forskning. Kvitt kjøt farleg for helsa di  No har NRK laga ein dokumentar som viser det same, Rødt kjøtt er sunnare enn kvitt, basert på den same forskninga. David Koht-Norbye, leiar i Fjørfelaget, skriv på lesarbrevplass i Nationen sist veke: «Når hun (Viken) skriver om «stadig aukande burbasert produksjon av kjøt (fjørfe)», avslører hun fullstendig mangel på kunnskap om norsk produksjon av kylling og kalkun.» Fjørfelaget vil forsvare den uetiske fjørfenæringa med nebb og klør. Lesarbrevet var eit svar på min kronikk om sekterismen i Bondelaget og korleis ein forsvarer og dekker til kritikk...

Utan innlagt vatn, dusj og internett, duger helten best

Sidan eg så og sei aldri skriver noko om kva eg bedriv på fritida her på denne bloggen, gjer eg idag eit unntak. Budde her i dette stabburet frå 1700-talet tre månader i sommar. Utan internett, innlagt vatn og dusj. Det var glimrande. Vinden bles inn gjennom vegga og det kunne bli ganske mørkt her om kvelden, ute altså. Inne var det elektrisk strøm. Utsikta var vakker over Storsjøen og rundt stuga gjekk hestar på beite. Her låg ein middelaldersk avrettarplass der ein brukte høgge av folk armar, føter og andre passande kroppsdelar i middelalderen og tidlegare. Kyrkja som ligg like ved vart påbegynt på 1200-talet og ein frende av Olav den Heilage ligg under golvet der. Hackås kyrkje er Sveriges eldste steinkyrkje, eller nest eldste. Like utanfor døra til stuga gjekk pilgrimsvegen til Nidaros. Dei gjekk ned ved kyrkja, 300 meter lenger bort, ned til sjøen og rodde over. På andre sida av sjøen ligg ei avlatskyrkje. Det betyr at ein ved å dra dit kunne kjøpe seg fri eit visst antal dagar...

Med døden på jobb

Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger. Signert-artikkel som stod på trykk i Klassekampen 1.oktober 2010 Eg har som veterinær havna oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Det er ikkje koselig å trekke på seg verneutstyr og masker, og gå inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig. Under ein sermoni i Roma i juni erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda. Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga av dampmaskina førte til at ein kunne sende levende kveg over store avstander med jernbane og skip. Konsekvensene var katas...

Erfaring frå felt tilseier at storskala landbruk er best for dyrevelferden

Debatten om storskala vs småskala landbruk ruller og går. I Norge blir vi fortalt av småskala er best, tryggast, sikrast, best for dyra og så vidare. Men er dette sant? Denne artikkelen er relevant innanfor ein NORDISK kontekst, og gjeld for storfe og sau. Når det gjeld fjørfe er dyrevelferden svært låg uavhengig av skala, med mindre vi snakkar om hobbyhald. Det same gjeld for gris. Eg tek her ikkje føre meg hobbydyrehald, men gardar der "garden er meint å vere eit inntektsgrunnlag". Stor vs liten skala må då også forstås som stor vs liten skala i Norden. Å debattere dette i ein an kontekst, blir lite relevant då klima og regelverd lenger sør er annleis, driftsformer dermed også heilt andre. Nei, seier erfaringar frå felten, og no snakkar eg ikkje berre om eigne erfaringar sjølv om dei tilseier det same: jo større gardar, jo betre er dyrevelferden. KOMPETANSE er eit kriterie som langt overstig SKALA i betydning for om dyrevelferden er god eller ikkje. Altså STOCKMANSH...

Vil DU gå på forfatterskule?

Eg søkte og kom inn på Aschehougs forfatterskole for nokre år sidan. Ei venninne av meg søkte, og som eit søknadseksperiment sette eg av 15 minutt kvelden før søknadsfristen gjekk ut og skreiv denne teksten. Teksten er skriven til det foto som var lagt ut som oppgåve: ein mann som låg på ein sofa ved sidan av ein liten unge som sat i ein stol. Teksten er fullstendig uredigert. Av over 200 søkarar kom 12 inn. Forfatterskolen, som består av ei vekentleg kveldssamling, får av meg terningkast 2. Ei ubeskrivelig langdryg lærebok som mest av alt var eit kroneksempel på dårleg litteratur. Skvalder og kaffe, langdryge økter og flytting av kjøleskapsmagnetar for liksom å sette fantasien i sving. Gjesp. Men eit sosiologisk studie var det jo definitivt. uten tittel. Min far er stygg. Jeg har aldri likt måten han kler seg på, ikke måten han snakker, ikke lukten av han eller synet av han. Han stinker ikke, og jeg vil ikke si han kler seg direkte stygt. Jeg tror det kommer av ...