Gå til hovedinnhold

Innlegg

Korleis kan vi vere mot tyrefekting når vi gaflar i oss industrikylling, egg frå burhøns og flesk frå gris på betong?

Er det i grunnen så mykje verrre å bli spidda i ein sirkel til underholdning for folk, enn å leve heile livet på betong og i bur? Dei same folka som kallar tyrefekting for galskap, stappar i seg søppelkylling, egg frå burhøns og flesk frå gris som lever på betong. Det er det ein kallar sofamoralisme. Oksen dør i ringen. Kyllingar blir frakta timesvis på transport, gassa og slakta. Same med gris. Men i motsetning til oksen som lever ute på beite, har verken kylling eller gris nokon sinne sett dagslys. Folk er vulgære. Photo: Occopy Europe Animals.

Norske kyr skal ut på beite! Ja/ nei, ja/ nei. Norge har så vanskelig natur at vi passer ikkje for matproduksjon?! Ja/ nei osv

Tine køyrde i 2010 romantiske reklamefilmar på tv der dei påstod at alle norske kyr går på beite i åtte veker. Dette er rein bløff då Tines eigne tal viser at tretti prosent av alle kyr i lausdrift aldri er utanfor fjøsets fire veggar. Likevel heldt Tine på sitt. I skrivande stund (medio juli 2012) er eit nytt tema på dagsorden. Frå og med 2013 er det nemleg eit krav at alle norske kyr, inkludert lausdriftskyr og ikkje berre båskyr slik kravet er i dag, skal få kome ut og lufte seg sommarstid. Protestane let, som forventa, ikkje vente på seg og det er bøndene sjølv som protesterer høgast. Bonden XXX frå partiet Krf protesterer særleg høgt då han vel argumenterer i tråd med at mennesket er sett til herre og gud over kloden og ergo kan legge opp drifta slik det passer ein sjølv og lommeboka. Galskap er det å sleppe kyr ut, seier han. Ja, tenke seg til, dyr ute i naturen. Vi kunne jo risikere at dei fekk betre helse. Dessutan er kjøt frå beitedyr sunnare for oss. På den andre sida har...

Hamburger Trail - søppelmat langs norske turistvegar

Når ein køyrer langs norske vegar, blir ein av og til svolten. Naturen er fantastisk flott og ein stoppar for å ete litt. Men kva får ein servert? Jo hamburger. Sjå på biletet under. Det er frå fagre Fjærland. Og kva ligg på tallerken? Jo, ein minimal burger til ein drøy pris. Det er ein stor mismatch mellom natur og kva mat ein får. Langs vegen går kyr og sauer på beite, men når ein skal kjøpe mat er det pølser og burger. Er det pølser og burger som vert produsert i vakker norsk natur? Søppelmat frå rein og pen natur? Det er i tilfelle ein tragisk måte å forvalte ressursar på: omskape dei til søppel. Er det desse fine kyrne som har blitt kverna om til burger? Skammelig er det i tilfelle. Fjærland kunne ha vore ein hot spot for luksusturisme, men då må service og matkvalitet opp mange hakk.  Her er breen i Fjærland. Matcher den ein hamburger?? Hadde det ikkje vore triveligare å ete lokal kvalitetsmat i denne naturen, enn ei svidd pølse med ketsjup? ...

Livet i praksis: ulike ting som plagar kyr

Eg har ein del kupasientar, og så ein del hestar. Det betyr at eg dagen lang køyrer rundt i ein stor firhjulstrekkar full av ting og tang, og fiksar store dyr. Helst ikkje kattar og hundar. Kattar og hundar må andre ta seg av, så langt det går. Sau er her lite av. Geitepasientar har eg vel knapt sett i mitt liv, og berre tidvis får ein grisar til behandling. Like greit. Grisefjøs er så varme, klamme og dyra står så tett at det er eit lite mareritt å vere der. Kufjøs er langt betre. Ei  diagnose du kan få på ku, er løpemagedislokasjon. Det vil sei at ein av kuas fire magar, løpemagen, er full av gass og har flytta seg til feil side i kuskrotten. Dette er ein venstresidig løpmagedislokasjon. Det finst også høgresidig, men dei er sjeldnare. Symptoma på at ein slik diagnose foreligg, er at kua er sløv og gjerne et dårleg og melkar lite. Då kjem eg ut, knipsar kua på venstre sida medan eg lyttar med stetoskopet, og høyrer ping ping -lydar som om ein knipsar på ei tom stålbøtte. Desse...

Kva er det artigaste oppdraget å få som dyrlege i felten?

TJA. Eg liker å utrede hestar. Kolikk er ein ganske interessant diagnose der du får gjort ei heil bråte med medisin. Andre interessante kasus er hestar med mystiske symptom på eit eller anna underleg der ein må vri hjernen litt for å finne ut kva det kan vere for noko. For eksempel feber som svingar, stive bein og andre underlige saker som ikkje alltid er heilt lett å direkte påpeike årsaka til. Blant anna hadde eg ein gong ein hest som på dag ein fekk kolikk, på dag to vart blind i eit døgn, og på dag tre fekk synet tilbake. Vanskelige tilfeller, men svært interessant. Om enn sjølvsagt svært kjedelege for eigaren. Men diagnosen frå helvete er utan tvil livmorframfall på ku. Alle som har sett korleis det ser ut når livmora ramlar ut på ei ku, veit at dette er eit lite lekkert syn. Den er ei bråte med kilo tung. Har den lagt ute av kua lenge, kan den vere tørr. Den kan ha blitt porøs, den kan sprekke og gå hol i når du tar i den. Er du riktig heldig ligg livmora i ein dam med vatn o...

Barnebok med segner og gamle soger frå Sunnfjord, inspirert av Bakom synger skogene og Gøsta Berlings saga

Til hausten kjem som før blogga om, mi første barnebok. Historia er bygd opp rundt Elise som er med onkel Kalle på arbeid i sommarferien. Onkel Kalle er veterinær i ei gamal bygd full av gamle segner. Ein gamal hestekult har halde til her. Dei ofra hestar. Dette er slettes ikkje uvanleg. På fleire stader i Norden har dei frå førkristen tid funne beinrestar av hundrevis av hestar som har blitt ofra. Ein stad i Skåne fann dei over eit tonn med hesteknoklar, og i Osebergskipet i Norge blei det funne skjeletta etter fleire hestar . Hestane skulle frakte dei daude trygt fram til dødsriket. Boka kan bestillast her. Den kjem på Samlaget i slutten av august og kostar 199 kroner. Det er alt ein del som har bestilt den, så det blir ekstremt spennande å høyre kva folk synest. Las siste korrekturen idag. Vi kjenner til gamle hestekultar som brukte hingstar i hingstekampar og vinnaren vart ofra. Ein har funne nedgravne hestehovud under hjørnestolpar i gamle langhus. Alt dette kan du lære meir...

Boknatti i Fjærland 23.juni 2012