Gå til hovedinnhold

Mareritt dynka i vodka, krigshistorie (Bokmelding Firda 15.november 2006)

AnneViken-blog

KRIGSHISTORIE «Frå Svalbard til Odessa. På flukt gjennom krigen»
Aud Elsa Grøneng
Det Norsk Samlaget 150 sider

Anne Viken

Hestekjerrer lasta med vodka og fyllesjuke soldatar. Dungar av lik, dampande hjernemasse og opphakka penisar ligg i fotefara etter skrantne hestar og ein hevnlysten og krigsherda stalingradsarmè der dei drikk seg gjennom Polen og Tyskland på veg mot Berlin.
Russarane avrettar for fote. Slaktar ned, gruppevoldtar og parterar tyske kvinner, soldatar, eldre og barn. Om kvelden festar dei blant ruinane.

Det er 1945. Over seks månader har slaget om Stalingrad kreve ein halv million døde før tyskarane trakk seg tilbake. Den raude armè skal ha sin hevn. Med på felttoget er dei to norske soldatane Kåre Olset frå Sunnfjord og Mads-John Thyvold frå Oslo. Kvar dag er eit mareritt for dei to norske soldatane som må feste med russarane for å drukne dei gruvekkande opplevingane.
Etter at dei to rømde frå ein tysk interneringsleir for offiserar sør i Polen, vart dei første tekne vare på av den polske motstandsbevegelsen. Så kom russarane og jaga tyskarane, og medan polakkane grov opp koffertar med sprit frå bakken for å feire, vart dei to nordmennene tvinga med på den russiske stalingradarmeen si makabre ferda mot Berlin.
Etter at dei endeleg får forlate det russiske felttoget, snur dei og dreg tilbake gjennom Polen og Sovjet til Odessa ved Svartehavet. Store avstandar tilbakelegg dei til fots.

Det var ikkje dette dei såg for seg då dei rømde til Englad, og gjekk gjennom harde avhøyrd i London for å bli godkjende som soldatar. Etter trening med carriertroppen i det skotske høglandet, vart dei fyrste sende til Svalbard for å passe på området rundt Isfjorden.
Dei levde av isbjørnkjøt og moskus med nervane i spenn fram til Barentsburg fell 8.september 1943. Svalbardtroppen vart frakta som tyske fangar, fyrst til Marlag und Milag fangeleir sør for Bremen. Seinare til interneringsleir for offiserar sør i Polen der dei to klarte å stikke av under ei fangeforflytning.

I starten vekslar den mellom forteljinga til Thyvold og Olset fram til dei to unge mennene møtes i London etter å ha rømt frå Noreg. Etter dette har dei felles opplevingar og begge mennene er tilstades i teksten.
Boka teiknar eit personleg og levande bilete av sider ved andre verdskrig vi høyrer lite om. Blant anna tyskarane sine forferdelege lidingar under det russiske felttoget før Berlin fall, og det er denne delen av boka som gir sterkast inntrykk. I tillegg er slaget om Barentsburg skildra med stor innleving.
Forfattaren er ein dyktig spenningsbyggjar og tydeleg fasinert av dei to norske soldatane sine opplevingar. Ein får stadig opplevinga av å stå midt i kuleregnet, blant ihjelsveltne russiske fangar i ein tysk fangeleir eller like i nærleiken når skamferne kvinner og born vert avretta mellom gravstøttene på ein kyrkjegard ved vegen mot Berlin. Til tider kan ein likevel trekke på smilebandet.

Fyrste kapittel derimot, ei skildring av Kåre Olset si oppleving av det tyske angrepet på Barentsburg, bidreg til lite anna enn å forvirre og gir slik sett boka ein noko dårleg start. Den tek seg derimot kraftig opp like etter og held koken til siste side.
Boka er kroneksempel på ein sjangerhybrid. På den eine sida får ein følelsen av å lese ein biografi. På den andre sida er den deskriptiv og rapporterande i blanding av reportasje og skjønnlitterær sjanger med innslag av dokumentar. Det skjønnlitterære preget gjer den til ei lett lesaroppleving men noko uklår sjanger og til tider springande tekst trekk ned.

Språkmessig er boka prega av at forfattaren har arbeidd som journalist. Beskrivingane er like fram og konkret med mykje fakta og lite krimskrams og glir slik sett rett inn under merkelappen ”bøker skrivne av journalistar”. Rett på sak med andre ord.
Men til tider skiftar scenene brått og historia er springande frå linje til linje, som ein nyhendejournalist som kastar seg rundt mellom sakene utan å setje inn mellomtittel. Ein er likevel glad ho tok det med ettersom uventa detaljar gir historia eit personleg preg.

Boka er lettlesen, interessant og spennande. Eit personleg bidrag til historia om andre verdskrig og ei godt levert lesaroppleving frå ein forfattar med stor forteljarglede.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...