Gå til hovedinnhold

Spektakulært plott med ujamt driv (bokmelding Firda 5.oktober 2006)

AnneViken-blog

Rune Timberlid
Roman: Deadline
Det Norsk Samlaget
286 sider

Anne Viken

I Rune Timberlid si fjerde bok om polititbetjent Rolf Randen dreiar handlinga seg rundt forsvinninga av ein kvinneleg NRK-journalist i Førde. Den sjølvstendige reporteren, kjend for hyppig bruk av anomyme kjelder og uortodokse metodar, har stige raskt i gradene frå sommarvikar til lokal stjernereporter med fast jobb. Etterkvart som etterforskningsprosessen skrir fram, dukkar det opp fleire kjelder frå Tonje Luster sitt liv som ”student” i Oslo. Er den 28 år gamle reporteren innhenta av fortida?

Randen tar saka, og etterkvart er både KRIPOS, presten i Førde og distriktssjefen i NRK innblanda i ei kompleks og dyster sak ingen av dei kjenner konsekvensane av. Ei blodspakt er inngått på eit loft i Sogndal og fleire skal dø: Den som er ute etter hemn, må grave to graver. Ein barneheim i Litauen skaffar unge jenter til fylket: Den kar som ikkje har kjerring, kan betale i grå konvolutt.
Ein tilsynelatande uengasjert politimeister slepper Randen laus, og Randen møter både attraktive kvinner og sveitte, redde menn på sine reiser til blant anna Høydalsfjorden, Tollbugata i Oslo og Vilnius i Litauen.

Dei rundt hundre første sidene held Timberlid koken, men heretter går boka over i å repetere seg sjølv. Rolf Randen slepp til med lange tankerekker rundt saka, og overlet i altfor liten grad handlinga til lesaren sin fantasi. I tillegg vert mykje gjenteke i dialogar, noko som gjer store delar av Deadline til ei heller tungrodd lesaroppleving.
Mange element vert trekt inn i historia tilsynelatande utan å ha nokon funksjon. Til tider gjer teksten brå overgangar mellom tid og stad. Dette gjer historia usamanhengande og rotete, men for det meste heng plottet saman, sjølv om den på fleire punkt er lite truverdig. På slutten tek boka seg opp att i det handlinga tek nye vendingar og serverer ei heller makaber løysing med eit spektakulært plott.
Deadline skal også ha skryt for å sette fokus på korleis media stadig flyttar grensene for kva som kan publiserast og ikkje, samt kva konsekvensar dette kan få for enkeltpersonar sine liv. Dette er i høgaste grad eit brennaktuelt tema.

Hovedpersonen Rolf Randen er eit typisk eksempel på ein kjedeleg fyr, utan hobbyar og vener, og på mange måtar er han stereotypen på etterforskaren i ein kriminalroman med lite pengar og gamal bil. Men til tider legg han for dagen ein snever samfunnskunnskap, og kjem med banale, om ikkje vulgære, tankerekker. Han snakkar om gateprostituerte i Oslo som ”byr seg fram”. Dette er eit av eksempla på korleis utanlandske prostituerte i Oslo, og offer for trafficking generelt, får ein primitiv og kunnskapslaus omtale i Deadline.
Randen omtalar også i fleire vendingar prostitusjon som verdas eldste yrke, ein påstand som for lenge sidan er tilbakevist og utgått på dato. Skildringane av miljøet her er i det heile lite truverdige og lite nyanserte. Kvinnesynet er gamalmodig, og det er vanskeleg å sei kva målgruppe det er forfattaren siktar seg inn mot. Rolf Randen, som sjølv ikkje har tippa førti, ser med undring og avstand på kvinner på 28, og har på mange måtar tankar som ein heller skulle tru tilhøyrer generasjonen tjue år eldre enn Randen sjølv.

Timberlid har lagt på bordet eit godt plott, mange gode karakterar og ei til tider spanande handling, men boka kunne med fordel vore slanka med fleire titals sider. Etterkvart bør også Randen satse på å utvikle sitt personlege spekter dersom han skal satse på å overleve fleire bøker. Terningkast tre.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...