Gå til hovedinnhold

Sau og rovdyr i ein global kontekst

Sauerasen Norsk kvit sau minner om at norsk landbruk vert industrialisert, og at det på denne måten fjernar seg frå naturen. Retorikken om industrisau er enkel å framføre: tidsriktig, trendy, økologisk og naturnær. Men ein gløymer den internasjonale konteksten, og som i aller høgaste grad er interessant å diskutere.


Konsteksten er denne: mykje sau i Europa står inne heile året, dei går aldri ute på beite. Dette fører til heilt anna dyrevelferd enn den vi kan tilby utegåande sau her til lands. Den sterkt industrialiserte sauenæringa på New Zealand er brutal, og kjøtet er ikkje hovedfokus, men ulla, og ein amputerer blant anna haler, men denne internasjonale konteksten for norsk saueproduksjon uteblir frå debatten. Underlig, all den tid vi lever i eit globalt matmarked og burde forholde oss til dette.


Rovdyr er ikkje ei sak vi kan debattere i Norge utan å sjå over grensene, men dessverre blir dette gjort. Kunnskapstilnærminga er smal og einspora, også politisk.

Men rovdyr er ikkje det einaste problemet for sauenæringa. Det største problemet er lønsemd, eller mangel på denne.


I eit globalt matmarked vil det vere solidarisk av Norge å produsere mat ved bruk av dei naturresursane vi har, heller enn å importere. Årsaka er at mange land ellers vil eksportere på bekostning av eiga matforsyning, jamfør MUL. Det blir også eit dyrevelferdsspørsmål om vi vil ha norsk utegåande, i prinsippet økologisk sau, eller om vi vil ha importert og billig industrisau frå land som New Zealand.

Rovdyra kjem vi til å ha uansett. Bestandane veks. Og enkeltindivida som vandrar ut innover i Norge og blir felt, deltek ikkje i reproduksjon. Dei er utvandra hannar. Hoene held seg nær mora, og dei reproduserande bestandane finn vi i grensetraktene. Dette faktum blir utelate når ein snakkar om rovdyr. Ein hevda å snakke om bestandar, og enkelte hevdar sågar at der finst ein norsk bestand av eksempelvis bjørn, noko det ikkje gjer. Vi har ein skandinavisk bestand.

Enkeltdyr som vandrer er uten betydning for bestanden, men har eigenverdi i seg sjølv. Denne eigenverdien blir målt opp mot kva ein oppnår ved å felle bjørnen og behalde sauer i områder som er definert som rovdyrfrie. Å sei at ein utryddar rovdyrbestanden når ein feller vandrande enkeltbjørn, blir ein faktafeil all den tid utvandra enkeldyret ikkje deltek i reproduksjon og ergo ikkje påvirker bestandens størrelse. Det handlar med andre ord kun om enekeltindividet sin verdi.

Ideelt sett var vi alle vegitarianere, men det kjem neppe til å bli slik. Ergo må vi forholde oss til at folk kjem til å ete sau. Ein må dermed også forholde seg til det internasjonale matmarkedet, samt at vi har grenseoverskridande bestandar av rovdyr, ikkje norske. Først då kan vi få ein konstruktiv rovdyrdebatt.

(Denne bloggposten er eit omskrive leserbrev trykt i Klassekampen 7.august 2009)

Populære innlegg fra denne bloggen

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...