Gå til hovedinnhold

Innlegg

I love New York

That is a fact. NY er ein fantastic by. Eg er kort sagt blitt heilt forelska i denne byen etter å ha vore der to veker på påskeferie. Eg liker undergrunnen. Lyden, lukter, folka, musikken, tempoet. Passer meg perfect. Citylife. Ahh enjoy. NY er berre fabelaktig og kan egentlig ikkje beskrives, så eg lar det ligge. Men om du skal dra: ligg unna Times Sqare. Det er berre kjipt. Ligg unna øvre del av Broadway. Ellers: et, drikk, heng ut. Du vil ikkje bli skuffa. Det er kort sagt awesome!! I love NY, og henfaller til klisjeer;) Om du skal dra: sjekk ut lonelyplanet New York (praktisk, oppdatert og har gode kart og undergrunnskart). Kjøp den i NY. Der er den langt billigere enn i Norge. Sjekk også ut Time Out New York. Der står det alt om kvar du kan ete drikke bra innanfor alle slags sjangerar av mat, drikke og klientell. Det kjem ut ny med jevne mellomrom, så ikkje bruk ein Time Out som er fleire mnd eller år gamal. Times changes.

Eg vil vere naken i avisa - kvinnedagen 2008

Dette er eit kåseri sendt på direkten i radiorakel FM 99,3 på kvinnedagen 2008 i radiorakels litteraturprogram Fabulatoriet som sendes direkte kvar onsdag mellom 16 og 17. Eg er feminist . Trur eg sjøl i alle fall. Av og til lurer eg litt. Eg vil for eksempel gjerne stille opp naken på framsida av klassekampen, men når ikkje ein gong simone de bever kan gjere det utan å skape sjokkbølger og rasande debatt innover i det feministiske miljøet, så kan vel ikkje eg gjere det heller. Lat oss legge lista med ein gong. Eg føler meg undertrykt. Av feministane. Problemstillingen er altså denne: aller helst ville eg kaste kleda på framsida av nærmaste avis, men dette strider mot all feministisk tankegang. Eller finnast det argumenter i feminismen som seier at ja, kast kleda, vis puppa, spre beina og blott deg i dagspressa? For å finne argumenter drog eg å skaffa eit urepresentativt utvalg meir eller mindre feministiske bøker. Det er jo trass alt snart kvinnedag og eg føler for å lette ...

Jenter, bygg nettverk! Gi faen i flisespikkeri og intrigemakeri.

Vasete kvinnedagsdebatt frå Førsund og Tonning i Firda. Les debatten her på Firdas bloggforum. Både kulturentrepenør Randi Førsund og SV-ar Rita Tonning bidreg retorisk til å stemple både seg sjølv og andre kvinner med siste dagars "kvinnedagsutspel" i Firda. Kvar er kvinnekampkompetansen blant kvinnene i fylket? Den er i alle fall ikkje på trykk. Ein kan spørre seg Randi Førsund og Rita Tonning har særlig greie på kva debatten rundt kvinner og kvinners stilling faktisk har dreia seg om siste åra. Argumentasjonen deira kan tyde på det motsette. Kvinnedagsdebatten i Firda har vore prega av vasete utspel og ubegrunna påstander om kvinner og debatt kvinner i mellom. Randi Førsund synest jentetreffet til Sparebanken Sogn og Fjordane verkar litt som «Jenteklubben Grei». – Kva er det å vere vågal, som dei kallar det i brosjyren? spør Farsund. Her er det ikkje Sparebanken som går seg ut på glatta, men Førsund. Dersom ein har fulgt litt med i media, vil ein vite at det har vore mykje...

Mette Marit mister skoa, tabloid bunnivå?

Her misser Mette Marit skoa bildeteksten: MISTET SKOA I ASKEPOTT-STIL: Den vanlige jenta Mette-Marit fikk i sin tid prinsen og snart hele kongeriket. Her mister hun skoa - men ikke fatningen - når den kiler seg fast i døråpningen. Kjeder Dagbladets journalister seg på jobb eller? Kven i alle dagar er det som finn det interessant å skrive om at kronprinsessa mister skoa? Og kven i alle dagar er det som leser om det? Jo, eg. Eg min nysgjerrigper som sitter å klikker på nettaviser og leser om hundemoter og prinsesser som mister skoa kun fordi eg lurte på kor i hulaste det var dama mista skoa, og kva i alle dagar slags skofadese det var som hadde ramma det norske kongehuset. Eg er med andre ord ein tabloid jævel som leser dritt på nettet for så å slakte det etterpå. Men ein må vel lese for å slakte? Ein kan ikkje blankt oversjå dagbladet.no sjølv om det til tider vel ville ha vore det beste. Eventuelt kan ein blankt oversjå det, men da ville ein aldri fått sett skolause prinsesser. Kven k...

Bergen i våre hjarte

Bergen i mitt hjarte. Kva er det med Bergen som får alle vestlendingar til å ville forbli her til evig tid, eventuelt dra hit for å studere for seinare å reise tilbake til der dei ein gong kom frå ein annan stad på Vestlandet, medan Bergen fortset med å forbli å våre vestvende hjarte? Kan det vere det sinnsyke regnet som hamrar ned og vinden som vrir paraplyen, eller haglet som treffer deg i skallen som kuler når du kryssar Torgallmenningen, eller er det det store fråveret av østlendingar.. Eller er det kort sagt at her kryr av kjente som ein har kjent sidan ein var ein neve stor, som ein sprang i skauen med då ein var liten, bada naken med i elva eller drakk sine første øl sammen med? Muligens. Så da vil det med andre ord sei at eg trekkes mot Vestlandet som eit ledd i eit nostalgisk tilbakeblikk mot ein svunnen barndom. Hm. Det vil i såfall bety at det ikkje er vitsi å reise tilbake. Barndomen er jo unekteleg over. Og eg kjem som alle andre til å måtte jobbe og slite for å overleve, ...

Fylket som er som alle andre

I Sogn og Fjordane kan du både skape deg ein karriere og leve det gode liv. Anne Viken, journalist Kommentar trykt i Firda 21.februar OMEGA 3 FRÅ MÅLØY: Omega 3 of Norway Eg hasta avstad gjennom Oslos gater på vei til messe om næringslivet i Sogn og Fjordane, og hadde strengt tatt ingen ide om kva som venta meg. Det første som slo meg, var at overskrifta Framtidsfylket er ei overskrift som lovar svært mykje. Det andre som slo meg, var at ein skal aldri lure kunden. Fredag viste det Stryn-baserte merket Moods of Norway fram årets høst- og vinterkolleksjon på Bislett stadion under brask og bram, så det var med ein viss skepsis eg høyrde at moromannen Ole Johannes Øvretveit skulle opptre på næringslivsmessa som skulle rekruttere nye innbyggarar til Sogn og Fjordane. Kvifor har dei ikkje trekt fram yngre og meir imagevennlige sjeler enn Øvretveit, tenkte eg. Her i Oslo vassar vi dessutan i moromenn og standup-komikarar til langt over knea. Gi meg Moods of Norway, tenkte eg...

Journalistar og mannlege kilder

Professorene pressen liker. De er menn, middeladrende og bor i Oslo, skriv Morgenbladet denne veka. Av de 50 mest si­ter­te, er det fire kvin­ner. Eg siterer direkte frå saka i Morgenbladet: "Guri Hjelt­nes, pro­fes­sor i jour­na­li­stikk ved BI, lig­ger på 54. plass på lis­ten. Hun er ikke over­ras­ket over Oslo- og manns­do­mi­nan­sen av pro­fes­so­rer i me­dia. – Det er som før. Slik jeg for­står re­dak­sjo­ne­ne, er det van­ske­lig å få kvin­ner til å stil­le opp. Det er klart jour­na­lis­te­ne en­der med å rin­ge menn, når de må kon­tak­te ti kvin­ner for å få en til å si ja." I mi karriere som journalist har eg intervjua svært mange forskarar. Det har eg oftast gode erfaringar med, og spesielt vil eg trekke fram forskarar som Carlo Aall ved Vestlandsforskning i Sogndal, samt Reidar Toresen ved Havforskningsinstituttet i Bergen som svært dyktige formidlarar. Begge to jobbar med tema er eg rimelig godt inne i og svært interessert i, havforskning og klima/samfunn. Alle for...