Gå til hovedinnhold

Innlegg

Gratis reklame på nett

Sidan Førdefestivalen er så tøff, får den lov å reklamere gratis for seg sjølv på firda.no sine heimesider. Snakker om lokal dugnad. Nivået på journalistikken på firda.no vert verre og verre. (Firda på papir held eit heilt anna nivå). Skal ein le eller grine? Her ligg ute bildeseriar av Jens, som om Jens er noko så særlig spesielt å få besøk av at ein må ha bildeserien liggande ute i vekesvis. Ein gir eit sterkt inntrykk av at på bygda ser vi sjelden noko til dei store gutta, vi er i bakevja. Eventuelt: vi på bygda har eit nasegrus, lettare patetisk forhold til makta i tigerstaden. Neste tolkning: vi har ikkje noko forhold til makta i Tigerstaden, så vi omtaler den så naivt vi overhodet klarer, uten å vite det sjølv vel å merke, sidan vi veit like lite om makta i tigerstaden som den gjer om interiøret på soverommet vårt. Lokalpressa slit med imageproblemer, og det med svært god grunn.

Vold på vei heim frå byen nattestid

Igår natt gjekk eg heim frå Grønland til løkka. I Markevegen såg eg ein mann som dreiv å dytta og rista ei dame, midt i gata. Han skreik til ho og rista og slo ho. Shit, tenkte eg og kjente at eg begynte å bli sinna. Kva er det slags idiot som driver å disser dama si? Så eg begynte å følge etter dei. Etterkvart gjekk ho frå han, men han gjekk like bak. Etterkvart femti meter etter. Ho runda eit hjørne, og han runda hjørnet, og så runda eg hjørnet. Mannen fortsette bortover gata, eg vart ståande å sjå etter dama, og så kom ho fram. Ho hadde site på huk og gøymt seg bak ein bil. Så fortsette ho vidare. I neste gate stod han å gøymte seg bak ein container mens ho gjekk i gata, så gøymte ho seg bak ein bil og kryssa gata eit par gonger og så kom han fram. Ho dreiv å gøymte seg for gubben. Eg følte meg ein smule rar som dreiv å fulgte etter ho, men så lenge det var andre mennesker i gata, var det kanskje mindre sjanse for at han flaug på ho igjen, tenkte eg og heldt koken. Det var heilt tom...

Den radikale søppelblekka Dagbladet, no også med brukken rygg

Eg sit her ein søndagskveld og les på dagbladet.no om kvinna som vart funnen død i sin eigen leilighet. Der hadde ho lagt i sju år. Så les eg om Italias svar på Fritzl-saken , som har misbrukt dottera si i 25 år innesperra i eit rom uten strøm. Deretter om ein serievoldtektsmann som er pågripen her i Oslo, samt Alba som blei gravid 11 ganger med faren sin . Det eg jævlige historier, og alle sammen ligg tett i tett strødd utover dagbladet.no si framside. Er dette spekulative, drøye historier frå virkeligheten, eller er dette greier som vi har behov for å få trykt opp i trynet? Treng vi lese om kvinna som låg død i sju år i sin eigen kåk? Egentlig ikkje. Vi veit at det skjer. Det skjer over alt. Det skjer her i Oslo. Historia er heller ikkje sett inn i ein samanheng. Den er berre enkelt og billig presentert for oss som ein enkelthendelse. Så kva er så verdien av denne historia? Underhaldning. Italias svar på Fritzl-saken. Litt av ei overskrift, gitt. Her selger dei inn saken hos lesare...

Det mannlige griseblikket.

Aschehoug-forfatter Preben Z M ølle r kom etter nyttår med si skjønnlitterære debutbok Deflora. Boka er ingen typisk norsk debutant, slik eg leser den, og norske debutanter er langt frå alltid interessante (ifølge meg). Denne boka presenterer eit politisk ukorrekt innhald, og blei av Klassekampen omtalt som eit personlig kampskrift og ein kronikkroman (bokmagasinet). Her tipper eg over til å tenke at her sit ein fornærma anmelder og taster, Klassekampen og Morgenbladet blir nemlig kraftig harselert over, særlig i starten av boka. Og sjølv om beskrivingane frå pressemiljøet ikkje er truverdige, får han inn ein del slag under beltestaden for Litteraturhusets korrekte elite. Eg veit hovedpersonen Preben, ein mann på 52, skal vere ein insider i miljøet han omtaler, men dette fell gjennom all den tid miljøbeskrivingane frå dette pressemiljøet ikkje er realistiske. Dette gjer at hovedpersonen heller enn ein insider, framstår som ein som hardt strever for å vere inne men som i praksis...

Eg har havna på ungdomsbokkjøret. Fantasy, norrøn mytologi og norske folkeeventyr ser ut til å vere greia

Sigbjørn Mostue “Gravbøygen våkner ”, første bok i serien Alvetegnet. Cappelen Damm, paperback. Er ei av dei barne/ungdomsbøkene som sel aller mest, ifg bokhandlerne. Kom i 4.opplag i 2008, men vart første gong utgitt i 2005. Dette er fantasy. Ein solid miks av gamle norske eventyr og Ringenes Herre. Espen drar på landet i sommarferien og på landet kan som kjent det meste skje. Onkelen hans har begynt å hogge ned gammalskauen like ved garden, men i denne skauen finst det ting som ikkje liker at skauen blir hoggen. Ein dag finn Espen ein nøkkel i skogen, Edelåpne, og det heile begynner å minne meg om norrøn mytologi og sogespel om vikingtida som eg hyppig deltok i då eg var litt mindre enn eg er no. Det som overraska meg litt, eg er ikkje så inne i ungdom/barneboksjangeren, er at boka er såpass spekka med eventyr. Den første Espen møter er ein nisse, den andre eit skrømt på sætra (sæter er jo skikkelig lite kult, eller er sæter kult i litteratur?), og den tredje ein skitt...

Frå motekspertise til vekstdrivar

Frå skuletun til Campus. Soga om Høgskulen i Sogn og Fjordane. Av Gunnar Yttri, Skald forlag. Norsk høgare utdanning tok ved inngangen til 1970-åra ikkje berre steget frå eliteutdanning til masseutdanning, men sprengde også tidlegare fastlagde geografiske og kulturelle grenser innanfor utdanningssystemet. Ideen med etableringa av distriktshøgskulane var utdanning til folk der folk var. Det vesle forlaget Skald i Leikanger i Sogn og Fjordane har gitt ut praktboka «Frå skuletun til campus – Soga om Høgskulen i Sogn og Fjordane». Boka, skriven av historikar Gunnar Yttri, speglar endringa frå sekstitalets fokus på lokal kompetansebygging og vern om lokale verdiar, til dagens fokus mot ein stadig meir internasjonal marknad for utdanning. Motekspertise I 1965 låg Sogn og Fjordane i det nasjonale botnsjiktet i antall avlagde artium, og i 1970 omtala historikaren Johs. B. Thue Sogn og Fjordane som eit «sundslite og attendeliggande fylke». Til Kyrkje og undervisningsdepartementet gjekk de...