Gå til hovedinnhold

Innlegg

Korrupt monsterlinje

I desse dagar går debatten om monsterlinja, eller meir presist: kraftleidningen 420 kV Ørskog-Fardal, som skal byggjast gjennom delar av Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Statnett planlegg eit rundt 300 kilometer langt luftspenn med master som er opp mot 45 meter høge, og 10. juni gav NVE konsesjon til å drifte linja som omsynslaust skal ture fram gjennom lokalsamfunn og natur. Under linja skal det ryddast eit rundt 40 meter breitt belte. Fleire stader skal kraftleidningane krysse verna område, blant anna Geirangerfjorden. Naturvernforbundet har karakterisert dette som det største naturinngrepet på Vestlandet gjennom tidene... Les heile kommentaren i dagens signert-artikkel i Klassekampen. (by me)

Når ein alpakka har vondt i tenna, må den opereres

Gjengitt med tillatelse. Alle foto privat.

Velkommen til radioteateret, eventuelt til Velferdstingets inkometanse på medier og pengefordeling

"Det var heller tomt retorisk kjekleri, fremfor rasjonelle vurderinger som til sist avgjorde hva studentmediene fikk på Velferdstinget (VT) sitt tildelingsmøte 5. oktober. Slikt politisk teater bør VT unngå i fremtiden", skriv redaktør Aksel Kjær Vidnes i dagens Universitas . Og vidare: "Det absurde er at det startet så bra med innstillingen fra VTs arbeidsutvalg. Det er arbeidsutvalget som først går gjennom alle søknadene og legger dem frem for VTs medlemmer (bestående av representanter fra alle lærestedene tilknyttet Studentsamskipnaden i Oslo) med et eget forslag til hva som bør prioriteres. Deres hovedmål i år var at alle studentmediene skulle overleve 2010, til tross for sviktende inntektsgrunnlag. Intensjonen var svært god, men manglet fullstendig overbevisningskraft overfor et velferdsting som hadde bestemt seg på forhånd." "Det er alltid interessant å høyre Velferdstinget uttale seg om studentmedier, og Velferdstingets stadig sviktande kompetanse på med...

Kvar finn vi god litteratur?

Då må vi ofte ut av landet, til USA. Eg slenger ofte blikket over dammen når gode bøker skal hankast inn. Siste forsøket er Det vi elsket av Siri Hustvedt. Eg kan ikkje enda sei om eg liker denne boka, den er litt seig i starten, men skal gi den ein del sider til før eg kastar den mentale terningen. Dessutan er det ofte i denne boka slik at eg må lese opp att sider for å få med meg kva som skjer, eller kven vi snakkar om no, eller kven som er kven og korleis og kvifor, og det liker eg ikkje så godt. Er sjeldan eg opplever dette ellers. Litt forvirring kan ein tåle i starten, som i Anna Karenina, men Anna Karenina er i ein heilt annan liga. Det har eg alt slått fast. Så tar vi det derfra.

Overstyring og umyndiggjering er ordet. Det er like før heile Sogn og Fjordane havnar på anstalt.

Kvifor er det slik at folk helst ser at Kurt Oddekalv blir slukt av ein ulv, at Naturvernforbundet og Miljøvernforbundet, Dyrebeskyttelsen og Noah går ad undas? Kvifor hatar mange desse ideelle aktørane som påstår dei vil redde oss frå undergangen og redde oss frå å føkke med strandsona? Det er lett å finne svaret. Berre sjå på desse eksempla. Ein kan vurdere å kalle fylket for ein anstalt heller enn eit fylket. Det er trass alt uten råderett over seg sjølv, og liknar meir og meir på ein koloni fjernstyrt av eksterne krefter. Sogn og Fjordane er 69 prosent eigna for ulv, sa Kurt Oddekalv til avisa Firda 1.oktober. Han hadde kasta seg rundt med kalkulator og eit kart. Lite vegar og få folk gjer Sogn og Fjordane til det fylket i landet som passar best til å ha ulv, meinte Miljøvernforbundet. Ressonementet var alt anna enn logisk, og debatten gjekk høg på firda.no. Oddekalv har òg kome fram til at over 60 prosent av Nord-Trøndelag, Hordaland og Sør-Trøndelag er eigna landareal for ulv. I ...

Skrivekurs - for gamle tanter med sjølvrealiseringsbehov?

Er det nett det der er, for deg med eit uant og godt skjult talent som du først tek fram etter førtiårskrisa, og du innser at dei glitrande dikta dine om hunder på gata, eller din eigen oppvekst, eventuelt om kva som befinn seg bak stillaset framfor kirka på heimstaden din, berre må ut av skuffa. Tja, eg stiller meg spørsmålet. Alle tar visst skrivekurs, altså to kveldars kurs med ein forfattar som står og leksar opp for deg at du må "ta deg tid til å skrive", og "finne di litterære stemme". Å dra på slike kurs er slikt du gjer når du har tippa førti eller femti og innser at det er tid for å realisere deg sjølv, men det hadde ikkje eg skjønt. Eg gjekk rett i fella og deltok to kvelder i strekk, o ve. Du pakkar ut pc-en, finn deg eit par rolige timar og parkerer gubben medan du hamrer ut ein roman som nesten heilt sikkert blir refusert. Alt dette snakkar du om på skrivekurset, om dei femten ungane som spring rundt deg heile dagen, om gubben som smugrøyker medan du s...

Forlagsbransjen - ytringsfrihet eller jakt på den neste store norske forfattaren?

"Aschehoug skal være landets ledende uavhengige litteratur- og kunnskapsformidler, garantere for ytringsfrihet og arbeide for åpen, internasjonal kulturkontakt", står det på forlagets twitter-profil, og vi tek dette sitatet som utgangspunkt for dagens bloggpost: (årsaka til at eg nyttar dette forlaget som eksempel, er at det er dette forlaget eg kjenner til, og den man elsker, omtaler man). Idag stiller eg spørsmålet: kva betydning har norske forlag for bevaring av ytringsfriheten? Jamfør neste bloggpost der tema er om det er for lett å gi ut bøker i Norge. Om det er ytringsfrihet, bør det også vere "lett" å gi ut bøker, men om det er "for lett", blir bøkene for dårlige. Og er det egentlig "ytringsfrihet" som ligg bak den floraen av samtidslitterære bøker, eller debutanter, ein finn på markedet? Nei, det er eg rimelig sikker på at det ikkje er. Neste spørsmål kan altså bli: har ytringsfriheten mindre betydning, medan jakta på den neste store no...