Gå til hovedinnhold

Innlegg

Saue og geitehald i India i 2010.

Under ei slik korg står lamma heile dagen mens mora er på beite. Ein let ikkje lamma gå med mora pga det er for strabasiøst i dette varme og golde landskapet. Hus for geit. Hus for sau. Dette er altså indisk landbruk i år 2010.

Oslo mot røkla

Saker frå frokostmøtet i regi av Civita og Minerva. Oslo-eliten er som bygdedyret, seier Lundteigen. Sak i Nationen. Lundteigen har rett, skriv Torbjørn Røe Isaksen. Eg kan vel tilføye at Lundteigen er ein av dei få frå Senterpartiet som vågar kalle ein spade for ein spade i dei aller fleste saker. .

Senterpartiets skrøner om sentralisering

Det kjem til å komme berre 1905 nye innbyggarar i Sogn og Fjordane innan år 2030, viste tal frå SSB. Reaksjonane på tala frå fylkets politikarar, kan forklare kvifor det går som det går i Sogn og Fjordane. Jenny Følling, gruppeleiar for Senterpartiet i Sogn og Fjordane, leverte dette sitatet til NRK som respons på tala: – Det kunne vore ei meir negativ utvikling om ein ikkje hadde hatt eit parti som meiner det er viktig med desentralisering. Les saka hos NRK her. Ja kva skulle vi vel gjort utan Senterpartiet, og kva skulle vi vel gjort utan nokon som tenkte at det var viktig med desentralisering. Som om ikkje alle politiske parti ute i bygdene ønsker seg at nett deira bygd skal overleve. Føllings sitat er på sitt beste dumt: sjølvsagt kunne det ha vore verre, men ærlig talt. Tala er svært ille. Virkelighetsfornektelsen blir i seg sjølv ein parodi frå Følling, ordføraren i Gaular kommune. Kommunen som ikkje kan tilby internett til folk som bur der. Djevelen finst i detaljane. Det e...

Svarte-Mathilda

Eg har lese barneboka "Svarte-Mathilda" frå Samlaget. Ettersom eg er relativt lettskremt, er det ikkje særlig lurt å sette seg til å lese ei slik skummel bok, for Svarte-Mathilda er ganske skummel, sjølv om det er ei barnebok. Mulig eg er ei pingle, men ok. Det begynner ganske brått på. Vi vert så og sei kasta med stor K, inn i handlinga etter ein kjapp intro. Kasta for kjapt, føler eg. Eg blei fullstendig tatt på senga. Brått var vi midt i blod og gørr og ting som mildt sagt ikkje skjer vanlegvis, med mindre det er noko overnaturleg tilstades vel og merke. Spenningskurven vart for kjapp, eg følte meg snytt for den snikande følelsen av at noko skal skje. Men muligens er det slik i barnebøker at ting må skje med ein gong, ellers hiv ein boka vekk. Ungar er kravstore lesarar. Likevel. Boka var spennande. Ein haug lause trådar blir antyda løysingar på, men langt frå løyst og dei heng att på slutten og viftar i vinden. Det er litt sånn japansk, ganske lite hollywood. Ein skal lik...

1905 nye innbyggarar innan år 2030

i Sogn og Fjordane, ifølge tal frå SSB. Kanskje på tide å tone ned dette evinnelige turistfokuset og heller tenke på å få opp folketalet? Lat meg ta kommunen eg kjem frå. Gaular kommune i Sunnfjord som antagelegvis, vel Bygstad iallefall, er ei sånn bygd som berre satsar på turisme. Vikingfjorden med vikingskip er vel det fremste symbolet på kor fortidsbaserte og bakoverskuande dei folka er som styret showet. Det er jo ikkje rart det stagnerar. Folk jobbar i Førde og Dale og andre stader. Kor mange jobbar vel i Bygstad? Der er ingen nye, interessante arbeidsplassar, utover dei ein mekker sjølv, heime på soverommet, altså om ein jobbar via nettet med eiga bedrift. Ellers er du tvingande nødt til å jobbe på butikken, køyre taxi eller pendle til Førde. Jada, pendle er ok, men når skal Bygstad kunne tilby ein interessant arbeidsplass? Om femti år? I mellomtida kjem vel trehundre nye vikingskip på fjorden. Det er faktisk heilt utrulig at folk får økonomisk støtte til å på denne måten få ei ...

Dogmatisk økodebatt

Debatten om økologisk er dogmatisk. Delar av det økologiske regelverket for hald av landbruksdyr bør opp til debatt i likhet med økologisk landbruk generelt. Anne Viken, veterinær Kronikk i Nationen 11.oktober 2010 Eg har med interesse fulgt debatten om økologisk landbruk i Nationen. Det er fascinerande å sjå korleis forskarar som legg fram dokumentasjon på at økologisk landbruk ikkje er stor meir utsleppsvennlig enn konvensjonelt blir forsøkt knebla. Det er interessant, og det er skremmande å bli klar over at enkelte av dei som hevdar å arbeide på vegne av berekraftig landbruk ikkje tolererer kunnskap som strir mot ideologisk ståstad. Det er skremmande udemokratisk at Lars Peder Brekk, som er landbruksminister, har gått ut og slått tilbake mot forskning som dokumenterer at økologiske matprodukt ikkje er meir miljøvennlig eller dyrevennlig enn konvensjonelt. Aftenposten 26.februar 2009: «Det blir for unyansert og gir ikke hele bildet av faktagrunnlaget», var Brekks respons. Spørs...

Så kva er toleranse? Jon Michelet, Nabintu Herland og Arnulf Øverland i lett miks

Eg sit og les litt bøker i kveldens mulm og mørke, langt ute i gokken på den svenske landsbygda. Her er ikkje så mykje anna å ta seg til enn å lese, og ettersom eg ikkje vågar lese skrekkelig skumle bøker av hensyn til min frykt for gamle hus omgitt av store, mørke, hengande hagar fulle av grevling og andre skumliteter, så les eg Jon Michelets bok "Brev fra de troende. Ei bok om tro og tvil". Den har eg kjøpt på bakgardssalg i likheit med eit tonn andre bøker, eg måtte ta trikken to gonger, og boka skuffar ikkje. "Brev fra de troende" er ein tolerant ateist si tilnærming til kristendom, eller til breva han får frå dei truande etter at han har stått fram som ateist i ein reportasje i avisa Vårt Land. Vårt Land er ei god og interessant avis, og Michelet er ein klok mann som les breva frå dei truande, ikkje uventa fleire gamle damer frå Vestlandet, med stor innsikt. Og ikkje minst toleranse. Michelet har ikkje tenkt å la seg frelse, han er og blir ateist, men trass sit...