Gå til hovedinnhold

Innlegg

Det mange ikkje har fått med seg

.. er at eg har flytta ut av Oslo og ut på bygda. Riktignok ikkje ut på den norske, men på den svenske bygda. Dette kan eg sei med ein gong at er ein stor overgang, men det gir muligheter ein ikkje har i Oslo. Ein må slutte med å bedrive moralisme, alla feig og modig, i debatten om flytting til og frå by og land. Det virker som om debatten i stor grad er driven av moralisme, heller enn realitetsorientering, samt at hatet mot Oslo er ei drivkraft bak distiktskonferansar. Klaging og syting og moralisme har teke overhand. Det er lite konstruktivt. Ein faktor er at det er langt betre plass her. Stort hus kan ein leige til dumpingpris. Eg har god internettilgang, det er stille og rolig om natta. Ingen galningar som fulle spring rundt og brøler i gatene utanfor. Då eg gjekk opp Karl Johan forleden kveld, tenkte eg: gud for eit bråk. Eg liker det stille og rolig. Ein liten kåk i ein bygard var ikkje mi greie i lengda, og det har det heller aldri vore. No har eg hage, den er på fleire mål...

Nationens kommentator tygger drøv om flyttedebatten

Igår skreiv Drude Beer ein kommentar i Nationen: "Feigt eller friskt å flytte fra bygda?" Kommentaren oser av det vi kan kalle for god gamaldags misunning. Ho insinuerer at Oda Rygh, med sin kronikk "Jeg flytter!" ønsker seg ein jobb hos Liv-Signe Navarsete. Ærleg talt, Drude Beer. Som navnet ditt tilseier, du må slutte å drikke på jobb. Beer meiner det er andre som hadde fortjent dei rundstykka som Rygh fekk hos Navarsete då ho vart innkalt til ein samtale. Det kan vere at FLEIRE hadde fortjent rundstykker hos Navarsete, men det betyr ikkje at Rygh ikkje har fortjent dei. Ein må ikkje tape dei heilt elementære nyansane. Rygh skriv om eit standpunkt som det faktisk krever litt mot å gå ut med. Det er ikkje eit standpunkt som kvar av oss tørr å fronte. Eg vil kalle Rygh for tøff som skriver som ho gjer i sin kronikk. Det burde Beer sjå, men istaden framstår Beer som ei sur gammal kjerring, beklager uttrykket, men det var det første som slo meg. Beer skriver: ...

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys...

Kvifor skal vi ha norsk landbruk når det er i ferd med å fjerne seg frå både natur og småskala drift?

Eg stiller eit par enkle spørsmål. Per idag bruker vi veldig mykje statlege midlar på å finansiere eit norsk landbruk. På same tid som vi snakkar om at smått er godt, og at norsk mat er naturnært produsert. Dersom desse to påstandane er usanne, kvifor skal vi då ha norsk landbruk? Presisering: smått er ikkje alltid godt. Det ser ut til at dyrevelferden er lågare i småskala besetningar, gjerne fordi bonden jobbar deltid. Det er altså ei myte. Vi må også skille mellom produksjon av kvitt og rødt kjøtt, samt melk. Kvitt kjøtt er industriproduksjon. Rødt kjøtt og melk er i Norge fortsatt småskala. Norsk landbruk utviklar seg i same retning som landbruket ellers i Europa. Større einingar, meir industri. VVi satsar stort på produksjon av kvitt kjøt frå kalkun og kylling, samt egg frå høner i bur. Alt dette er dyr som lever heile sitt liv innendørs i STORSKALA oppdrett langt frå naturen, og som aler opp dyr som har sterkt redusert dyrevelferd, stikk i strdi med norske målsetningar om å...

Dyr har følelsar: Kva føler du no, rev?

Det er ikkje dyrevernsekstremisme å snakke om at dyr har følelsar. Det er eit uttrykk for høg fagkompetanse. Artikkelen har stått på trykk som Med andre ord-artikkel i Klassekampen 17.november 2010. Forskninga på dyrs følelsar er ny, og kunnskapen om dyrs følelsesliv er ikkje allmennkunnskap, verken blant garva bønder eller kjæledyrseigarar. Det mange har lært seg å sjå på som naturleg åtferd hos dyr, er ofte ei adferd utvikla som ein følge av dyras tilpasning til eit lite tilfredstillande miljø.    Ein heil pels betyr ikkje at dyret trivast. Mange måler dyrs velferd i antal sår eller i kor reine dei er. Men dyrs følelsar viser seg oftast ikkje i form av sår, avmagring eller død. Dei plagar dyra gjennom smerter, kronisk stress eller svoltkjensle. Ein skal ikkje la seg lure av ein strøken utsjånad. Følelsar er oftast skjult for det blotte auge. Det er difor betenkeleg å lese om pelsdyroppdrettarar som vise fram revar med fin pels og seier at dyra deira har det godt nok. ...

Bestialsk praksis

Om bønder som ikkje har råd å ringe dyrlegen. Denne artikkelen har vore trykt i Klassekampen som Signert-artikkel. Den er basert på Sverige. - Eg har ei kyr som er i ferd med å blåse opp på venstre sida. Den ligg og reiser seg, den sparkar seg mot buken, legg seg igjen, rullar seg, reiser seg. Det er ein bonde som er på telefonen. Klokka er fem om ettermiddagen. Det er vakttid. Vakttid er dyrare. Eg sit i veterinærbilen på veg heim. - Skal eg komme ut og sjå på kua di? spør eg. Dette høyrest ut som ein akuttpasient. - Nei, nei nei nei nei, ropar bonden oppkava. Ikkje kom! Eg vil ikkje at du kjem ut. Det har eg ikkje råd til. Eg vil berre ha nokre råd frå deg. Råd er gratis. Er det noko eg kan gjere sjølv for å behandle kua? Han er stressa. Ei ku med trommesjuke, som det kan høyrast ut som om denne kua har, kan stryke med ganske kjapt om ikkje rett behandling blir iverksett. Gassen drep dyret om den ikkje slepp ut. I verste fall set eit hol gjennom vomveggen så gassen vert evakuert...

SafetyFAIL?? Eller blondinePOWER

driv og testar SAS sine innsjekkingsrutiner. Sende gjennom scanningen pc og full vassflaske nedpakka i ryggsekk. Ingen sa eit kvekk. Begynte så å sende gjennom toalettsaker i div storleikar pakka i posar. Fekk først beskjed om at desse er FOR store, men ok du får dei med denne gongen, men neste gong du har dei med deg, må du IKKJE legge dei i plastpose men gøyme dei i sekken ellers kjem nokon til å ta dei frå deg (fordi dei er for store). Neste gong gøymde eg altså flaskene i sekken og sende sekken gjennom. Ingen sa noko då heller. SafetyFAIL?? Eller blondinePOWER