Gå til hovedinnhold

Innlegg

Sosiale medier er naturleg

Du treng ikkje velge mellom Facebook og fuglesong. Sosiale medier et seg inn i livet ditt, et seg inn i jobben din, et seg inn i hovudet ditt. Til slutt må du berre stikke av, skaffe deg ein hest, bryte ut av samfunnet, rømme til skogs. Sosiale medier er etter deg, over deg, over alt. Og om du ikkje har evne til å ta kontrollen, tek det kontrollen over deg. Eg snakkar om forfattarar som må rømme ut i skogen på hytter utan internettilgang og mobildekning for å makte og gjere ferdig sine manus. Dei greier ikkje logge av på andre måtar. Vi har hørt historiene. Så er dette avhengighet eller er det berre ulike måtar å forhalde seg til ein del av samfunnet på? Samfunnet i dei sosiale mediene? Alle fagfolk liker å spekulere i nye fenomen. Sosiale medier er eit nytt fenomen. Så er sosiale medier farlege tidstjuvar, eller er det berre noko vi blir fortalt? Og kvifor er det så farleg i grunn? Og no snakkar eg ikkje om mobbing på nett, nettmobbing er feil. Eg snakkar om heilt vanleg bruk a...

Farleg sjølvhjelpslitteratur i jpg

Trykk på kommentaren og den blir stor og leseleg.

Og bakom synger skogene

Trygve Gulbranssen er ein mann som hittil har gått meg hus forbi. Eller hus forbi. Eg har visst at bøkene låg der. Eg har kjent til mannen. Eg har berre ikkje lese han. Difor las eg i jula. "Og bakom synger skogene", "Det blåser fra Dauingfjell" og "Ingen vei går utenom". Dette er fantastisk historisk drama med karakterar som eg sjeldan finn makan til. Stive, steile etterkomarar av høvdingætter lever i skogsbygda på garden Bjørndal ein stad på Østlandet seint på 1700-talet. Når dei svarte hingstane frå Bjørndal dundrar gjennom langs vegane mot byen med bjørneskinn, gyser folket i flatbygdene. Det ligg noko mørkt over skogsbygda i nord. Noko skremmande. Det ligg eit mørke over bøkene. Folk lever i spennet mellom liv og død, og begge er alltid tett innpå. Folk blir ryggstukne, dei vert tekne av steinsprang, troll herjar i steinurene og gjenferd ferdast langs vegane. Bjørnar riv hundar og folk i filler, segner og tussar følgjer dei, hestar vert tett av i...

Sjølvhjelpslitteratur gjer deg til ein egoist. Litteratur gjer deg klok.

Denne kommentaren stod på trykk som signert-artikkel i Klassekampen 8.januar 2010. Før jul tenkte eg at i 2011 skal eg bli eit betre menneske. Så kva skal ein stakkar gjere. I ein artikkel på Aftenpostens kultursider las eg at eg kan bli egoist, ja ein kunne enda til få lokka fram sin indre psykopat om ein les for mykje sjølvhjelpsbøker. Egoist er eg frå før, psykopat treng eg ikkje bli. Eg vurderte risikoen som ikkje verdt å ta, og på veg bort frå sjølvhjelpshyllene ramla eg over Edvard Hoem. Hoem er ein mann med mykje hår og mykje stemme som skriv mangt og mangfaldig. Blant anna boka Ave Eva. Så kva lærte eg av Ave Eva? Eg lærte at ikkje bør rømme frå kjærast og barn utan å sei frå, samt at odelsretten er ei last som kan ødelegge liv. Neste bok ut var The Glass Castle av Jeannette Walls. Her las eg at foreldre ikkje bør bruke pengane sine på alkohol når dei har fire ungar som treng mat, samt at ein ikkje skal køyre lastebil i mange timar med eit spebarn laust ligg...

Eg trur ikkje livet ditt blir betre om du legg ned din Facebook-profil. Ein treng ikkje velge mellom fuglesong og Facebook. Velg begge. Bruk dei med vett.

Kva med å bruke vettet? Internett er ikkje farleg. Det gir deg store muligheter og stiller store krav til ditt brukarvett. Greier du balansen? Internett et seg inn i livet ditt, et seg inn i jobben din, et seg inn i hovudet ditt. Til slutt må du berre stikke av, skaffe deg ein hest, bryte ut av samfunnet, rømme til skogs. Internett er etter deg, over deg, over alt. Og om du ikkje har evne til å ta kontrollen, tek det kontrollen over deg. Og no snakkar eg ikkje berre om sosiale medier. Eg snakkar om forfattarar som må rømme ut i skogen på hytter utan internettilgang og mobildekning for å makte og gjere ferdig sine manus. Dei greier ikkje logge av på andre måtar. Er det avhengighet? Vi blir fortalt og smurt øra fulle av at vi blir avhengige av internett, vi blir fortalt at det virkelige livet der ute er så mykje betre enn livet på nettet, vi blir fortalt at vi skal brenne ut før vi er tretti, før vi er tjue, før vi er femten. Vi skal lide for vår internettilgang. Det er iallefall sik...

Blandt rasfarlege vegar, hestar og knallharde bedehusfolk på Vestlandet

Då eg gjekk på barneskulen, gjekk det fleire store ras som tok vegen, eller bitar av vegen. Fascinert studerte eg steinsprang og nye elveleier.  Fleire, både unge og gamle, vart knust under traktorar som velta utfor stupbratte bakkar og smale vegar, gud vere dei nådige som ferdast på Vestlandets vegar eller blant områdets ville dyr. Ein vart drept av ei galen kyr. Eg vart sjølv angripen ved eit tilfelle av ku og ved to tilfeller av hest. Eg har velta ein gong med traktor og køyrd av veien ein gong med bil. Litt svinn må ein rekne med, og med slike vegar som ein her har, så er det ikkje rart at ein med jevne mellomrom havnar utom vegkanten. På fritida skaut vi på kyr med pil og boge, bar stein, slakta sauer og jaga troll på bedehuset. Blant organiserte fritidsaktivitetar var det swingkurs, to typar kor og fotball. Til utpå åttitalet krangla folk så busta fauk om korvidt ein skulle tillate folkedans på 17.mai eller ikkje, og her fanst, forståelge nok, ingen (opne) homofile. Då ...

Godt nytt år!!

Godt nytt år til alle lesarar og ikkje-lesarar. Eg er snart tilbake på blogg etter reiser i Afrika og juleferie. Det er digg å ta seg ein pause frå livet online, men det blir kjekt å kome tilbake også. Bloggsfæren er ei form for anarkisk. Lat oss dyrke anarkiet også i 2011. Godt nytt bloggår!