Gå til hovedinnhold

Innlegg

Kristen nestekjærleik og toleranse

I år 2011 kan ein spørre seg om "kristen-Norge" tek hensyn til nestekjærleik og toleranse, eller om dette er reglar som gjeld kun for andre. Inger Lise Hansen blir ikkje gjenvalgt som nestleiar i Krf, og ingen er vel overraska. Krf viser sitt sanne ansikt. Der er for lite takhøgde. Krf er ikkje eit parti som er klare til å ta på alvor det vi anser som menneskerettar, nestekjærleik og likebehandling av mennesker i år 2011. Altså homofile. I Krf kan dei heller ikkje godta at ein nestleiar i partiet kler seg akkurat som alle andre kvinner på hennar alder. Nei, der går grensa. Hansen må sjå til å få på seg stakken. Her praktiserer vi reglar frå forje tiår, eventuelt forje hundre år Einaste skilnaden er at Hansen havna i VG. Det var kanskje ikkje så bra, gitt gubbeveldet som veltar fram frå Krfs indre korridorar. Med anstrengte miner og store tankar om nestekjærleik, verdivalg og takhøgde, berre dei slepp utøve det sjølv. Men det stansar ikkje her. Episodar frå kristen-Norg...

Angsten for at frilansforfattarane skal utslette bygda

Eg drikk brennevin og tek ein pause i flåinga av den sjølvdaua gampen. Publisert i Bergens Tidende i januar 2011. «Etter kvart som dei idylliske småbyane fyllest av glasblåsarar og frilansforfattarar med sikre utsikter for solide farsarvar vert dei lokale fyrstegongsetablerarane pressa inn mot dei større byane der husprisane ligg langt under det halve,» skriv bygdeforskar Bjørn Egil Flø i Bergens Tidende 16.januar i år og frykta spreier seg på bygda. «Dei som er igjen i lokalsamfunnet no, (...) er enten helselause, gamle eller nyrurale som knapt evnar anna enn å lese romanar». Med skrekk og advarsel blar folk i avisa. Tenk om dei kjem hit, kviskrar dei rundt kjøkkenborda. Ein vågar knapt sei ordet høgt: frilansforfattar. Ikkje nok med at dei har ubrukelege utdanningar, dei kan til og med skvise oss vekk. Personar som verken kan kastrere reinsdyr med tennene, byte motor på ein traktor eller slå inn tryner på naboen med kølle på ein skikkeleg fest. Som berre kan teori, ikkje prak...

Kampsone distrikts-Norge

Vågar DU flytte på bygda? Det er atter tid for Sogn og Fjordanes næringslivsmesser. På same tid er kampane i distrikts-Norge så harde at ein må ha bunkers i kjellaren, Oslo-makta rullar inn med sine strupetak og alle bygdefolk med respekt for seg sjølv jamrar i kor. Men ærleg talt. Kven vågar flytte til bygda når det tilsynelatande er på nivå med å flytte til ei kampsone? Kvifor er det slik at mange profilerte næringslivsaktørar i Sogn og Fjordane advarer unge menneske mot å flytte til fylket? Eg kan ikkje hugse direkte kva slags forklaringar dei oppga, dei næringslivsfolka som, i heilt ulike settingar, sa at dei vil fråråde folk å flytte hit om dei ville noko. Det var noko med takhøgde, at dei knapt heldt ut sjølv i eit miljø som stod på bakbeina, blant folk som baksnakka dei som var dyktige og i møte med bygdedyret. På same tid flaggar ein høgt og fritt historiene om bygde-Norge som den nye, sexy framtida. Her kan du leve ditt karriereliv omgitt av vakker natur. Her får du alt du...

Telenor sitt rot med linjer og dårlege kundeservice, ei interessant observasjon frå Bygstad

Vi fekk i mange år ikkje installert internett her i Bygstad. Årsaka var, som Telenor påpeika, at det var ikkje bygd ut linje. Merkeleg, tenkte vi. Alle naboane har jo internett. Kvifor ikkje vi? Etterkvart, etter purring og masing og diverse oppslag i Firda, orka Telenor å sjekke systemet sitt. Det viste seg at her var utbygd for internett. Men Telenor hadde rota vekk linja i systemet sitt. Dei visste ikkje at den eksisterte. Dei var også så elendige i geografi, og hadde ikkje orka sjekke, så dei hadde trudd at vi budde ein heilt annan stad på kartet enn kva som faktisk var tilfelle. Dei hadde rett og slett eit salig kaos i karta sine som fekk det til at vi budde ca på flyplassen. Det gjer vi då altså ikkje.  Telenor sitt slurv og elendige kundeservice stansa derimot ikkje. Når dei først hadde klart å rote vekk ei linje, kunne dei like gjerne prøve seg med litt snusk i tillegg. Eventuelt er det berre uttrykk for ein låg komptanse i Telenors bedrift. At dei har ansett folk som ...

Vibrasjonar eller tørre kommentarar

Skrivemåtar. Fekk ein liten epost idag. "Så deilig innlegg i avisa (Klassekampen, 20.januar2011)! Sjøl er jeg nok mest bokmålstypen, men måten du skriver på gir gode vibrasjoner i leseropplevelsen. Sammenligna med alle saklige, tørre kommentarer i avisspaltene (uavhengig av tema!) var det herlig befriende å glede seg over noen som rett og slett bare uttrykker seg med det språket som passer" Dette med skrivestil er omdiskutert. Før fekk eg alltid høyre at eg var for røff i tonen. No har det blitt sånn at min tone er det som er det ein får mest skryt for, både profesjonelt og privat. Det kan ein faktisk like. Verda er no ikkje ein gong knekkebrødtørr og ordentleg. Satan vil buldre på di dør i din mørkaste time om du ikkje ramlar så hardt på kne at kneskålene dine blir knust, skrik ut di naud for guds åsyn og blir ein frelst med eit brak, dundra predikanten, og folk skalv i skinkene. Utdrag frå Bibelsoga, ny norsk utgåve. Og sånn går no dagane. Med rabalder og...

Er ein sjølvgod om ein ikkje ønsker seg hets av andre trusgrupper?

Debatt på nett. Svar til Jostein Ness. I Firda kallar Ness meg for sjølvgod og påstår at eg meiner det er eg sjølv som skal sette standarden for muslimdebatten.  Les lesarbrevet som Ness svarar på her . Det er på bakgrunn av dette lesarbrevet at han kaller meg sjølvgod. Dette må eg med nødvendighet tilbakevise all den tid det vel er klart for dei fleste at eg har lite med standarden i muslimdebatten å gjere. Nettdebatt er eg svært interessert i, og den drøye hetsen og grove karakterestikken av nye landsmenn som finst i mange nettforum er faktisk noko ein bør legge merke til og ikkje akseptere. Lat meg gjere det heilt klart. Ja, eg kalte Arne Hansen sine utsegner for drit. Kvifor? Fordi det var drit. Eg tek meg også den fridomen å påstå at « MUSLIMAR må aldrig få overta noko ex.bedehus i GAULAR!! Då er det bedre å rive det ned til grunnen. Eller i verste fall brenne det ned. MUSLIMAR betyr som oftast problem! Det har en alt for mange bevis på ,her i landet. » er eit undermåls...

Det er på tide at nynorskfolket sluttar å gjere det til ei belastning å vere nynorskbrukar.

Slutt å kjefte, målfolk Lesarbrev i Klassekampen torsdag 20.januar 2011 Det er ikkje uventa at Allkunne viser vankunne i sin framgang mot Wikipedia. Klassekampens journalist Olav Brostrup Müller skriv i Klassekampen 15.januar det vi alle tenker: «Målsaken er altfor viktig til å blil overlatt til nynorskfolk». Eg er skribent og bloggar. Eg skriv nynorsk. Eg skriv kort og godt nynorsk fordi det føles mest naturleg, men å berre meine at nynorsk er mest anvendeleg, er ikkje grunn god nok. Eg vert pepra huden full i at årsakssamanhengen for mitt språkvalg er langt meir komplisert. Det handlar visst om språkleg sjølvkjensle. Skriv eg bokmål har eg dårleg sjølvkjensle og vel eg sideformer tek eg avstand frå røtene mine. Det eine argumentet er meir patetisk enn det andre, og dei handlar om alt anna enn språket. Debatten om nynorsk minnar ofte om forkvakla psykoanalyse. Røynda verkar vere ein fjern stad for mange i nynorskens trange korridorar. Nynorskens folk fell stort sett i kategorien «...