Gå til hovedinnhold

Innlegg

Arild Rønsen fell for eigen retorikk

Nynorsk må tas livet av, skriv Arild Rønsen på kronikkplass i Klassekampen 11.april. Av økonomiske og ressursmessige grunnar. Utfrå denne forklaringsmodellen, og Rønsens argumentasjonsrekker, vil eg påstå det også er samfunnsøkonomisk forsvarleg å ta livet av Arild Rønsen;) Hihi

Kvifor er det greit at folk på løkka seier ja til ulv, og at folk utan peiling på pels har lov å vere mot pelsdyrnæringa? Svaret ligg i vår tids samfunnsetikk.

Det er etikk, ikkje kunnskap, det handlar om. Difor kan ein ikkje avvise folk på Grünerløkka for å vere kunnskapslause når dei seier nei til ulv utan nokon gong å ha sett ein sau. Og fordi det er etikk det handlar om, kan ein heller ikkje skulde på folks manglande praktiske erfaring med, og innsikt i pelsdyrhald, når dei seier nei til pels. Fordi ulv, pelsdyr og folk på Grünerløkka lever i same samfunn, kan folk på Grünerløkka meine noko om pelsdyrhald i Trøndelag utan nokon gong å ha vore der. Det handlar ikkje om moralisme eller vankunne, men om samfunnsetikk. Samfunnetikken er dynamisk og i utvikling, og difor er det ikkje ulogisk at vår tids urbane befolkning seier ja til å verne ulven som våre foredre kjempa mot i hundrevis av år. Den gong handla ulvejakta om overlevelse, men idag har vi kome lenger i Maslows behovspyramide. Vi lever på toppen, og fordi vi lever på toppen, kan vi tillate oss å sei ja til ulv. Det er plass til både ulv og folk i Norge. Og fordi vi lever på toppe...

Det er ikkje berre dyrevern å vere mot pels, det er fagekspertise

Det er ikkje dyrevern å sei nei til pels. Det er fagkompetanse i praksis.  Kronikk trykt i Firda 13.april 2011 etter Aps landsmøte. «Dyrevernarar kuppa Ap» stod det på framsida av Firda mandag 11.april. Dette er ei sanning med modifikasjonar. Det er lenge sidan det var utelatande dyrevernarane som arbeidde for å få lagt ned pelsdyrnæringa. No er det fagfolk som står på barrikadane. I Firda mandag seier pelsdyroppdrettar Finn Årdal at avgjerda på Aps landsmøt, der dei går inn for avviklikng av pelsdyrnæringa, er eit resultat av ein kampanje frå dyrevernarar, der NRK spesielt har slukt materialet rått. Folk gjer seg opp meiningar ved det dei får servert i media, seier Årdal og ein kan spørre seg korvidt Årdal har fulgt med på fagdebatten rundt pels dei seinaste åra.  Det er ikkje berre såkalte dyrevernarar som er mot pels. Det er også ekspertise- og fagmiljø, og det er desse Ap viser til i sin uttalelse frå landsmøte: «Arbeiderpartiet mener det er forbundet med store utfo...

Nøkkelholslureri?? Og er momskutta mat bra for deg?

Nøkkelholet skal gjere det lettare å treffe det sunne valg, seier den danske fødevareministeren Eva Kjer Hansen i You tube- filmen «Nyt nordisk ernæringsmærke – Nøglehullet». Påstanden blir ironisk når ein ser på enkelte av nøkkelholsmatvarene. Denne artikkelen stod på trykk som Signert-artikkel i Klassekampen 9.april 2011. Fjærkre er eit av desse nøkkelprodukta som skal gi oss eit betre liv. Gitte Gross, leder for Nationalt Videncenter for Fødevarer og Sundhed, seier det er vanskeleg for forbrukaren å gjennomskode om eit produkt er sunt eller ei. Nøkkelholsmerket skal gi ei tolkning av varedeklarasjonen og på hjelpe forbrukaren å velge. Eventuelt ei fordreining. Kiwi har vore ein hard marknadsførar av nøkkelhol og seg sjølv som ein grøn aktør. På Kiwi sine nettsider for momskutt og nøkkelholsider finn vi ulike variantar av kyllingfilet, kyllingkjøtdeig, strimla kylling, kyllingfilet taco, krydderskinke kalkun, kalkun naturell, kalkunfilet krydret og så bortetter: kvitt kjøt alt...

Aps landsmøte har gått inn for å avvikle pelsdyrnæringa! Gratulerer!

No er det berre å fortsette arbeidet mot pels fram til eit totalforbod ligg på bordet. Vi kan håpe at det ikkje ligg langt inn i framtida. Å forsvare pels i vårt samfunn er ikkje mulig, verken utfrå etikk, fag eller økonomi. Det er ei næring frå fortida, ikkje ei næring for framtida. - 6 av 10 Ap-velgere er mot pels - Pelsnæringen gir bare få og ustabile deltidsarbeidsplasser - Likevel mottar pelsnæringen nesten 50 millioner av våre felles skattekroner hvert år Eg har gått gjennom den nye pelsdyrforskrifta og den viser tydeleg ei næring langt bakpå. Dei krav som er sjølvsagte, så sjølvsagte at ein ikkje ein gong nevner dei for hald av andre dyreslag, er praktiske reglar i dagens pelsregelverk. Arbeiderpartiets vedtak om pelsdyroppdrett "Styrt avvikling av pelsdyroppdrett etter en overgangsperiode med omstillingsmidler Arbeiderpartiet mener det er forbundet med store utfordringer innen dyrevelferd i pelsdyrnæringen - noe både Den norske veterinærforening og Veterinærinst...

Les helgas Klassekampen: momskuttlureriet og nøkkelholsspøken

Om kor helsefarleg og lite etisk nøkkelholsanbefalingar om kvitt kjøt er for deg som konsument. Korleis Kiwi, utan å vite det sjølv, anbefaler deg helsefarleg kvitt kjøt. Det er vanskeleg å tenke seg at Kiwi har gjort eigen research, dei har gjerne berre hoppa på nøkkelholets historier. Er det snart på tide å kalle ein spade for ein spade: pelsdyroppdrett er ikkje landbruk. Kylling og kalkun er heller ikkje landbruk: det er industriproduksjon på linje med fiskeoppdrett. Kvifor kan vi i grunn kalle kylling og kalkun for landbruk når vi ikkje kan kalle fiskeoppdrett for landbruk? Logikken er ikkje særlig klar. Det er mengdeproduksjon i industrielle mengder. Det handlar ikkje om å bruke landet. Det handlar om bigger, faster, cheaper: produsere mest mogeleg for lågast mogeleg kostnad. Ordet er industri. Fisk, kylling og kalkun er ikkje landbruk. Ei heller pels. .

Støtter AUFs ønske om totalforbod mot pels

AUF vil ha forbod mot pels, medan Ap er i tvil. Det går an å håpe at Ap går inn for eit forbod, eventuelt eit kutt i tilskota til pelsdyrnæringa i Norge. AUF går i spissen for å få landsmøtet i Ap til å vedta avvikling av pelsdyrnæringa, og er viss på å vinne fram. Les saka hos Nationen. Les min kronikk i Aftenposten mot pels sett opp mot Lov om dyrevelferd. I kommentarfeltet ytrar ein lesar bekymring for kva det neste kan bli: forbod mot selfangst og kvalfangst? Ja, det får vi da inderlig håpe. Og så er det tid for å rydde opp i kylling- og kalkunnæringane, dagens desidert verste norske landbruksnæring. Langt verre enn pels, men pels er eit produkt vi ikkje har behov for, medan det nok vil vere verre å venne folk av med kylling. Les min kommentar i helgas Klassekampen side tre om nøkkelholsbløffen og Kiwis arbeid for å framstå som Norges fremste forsvarar av dårleg dyrevelferd i sine kylling- og kalkunkampanjer. Momskuttkampanjen er ein kampanje som utelatande marknadsfører kjøt fr...