Gå til hovedinnhold

Innlegg

Kunstmusea i Sogn og Fjordane legg ingen ressursar i å presentere utstillingane på web for publikum. Godt nok?

Les om manglande tilgjengelighet og slurvete nettsider, ikkje oppdatert på fleire år, hos kunstmusea i Sogn og Fjordane. Sjølv ved opninga av det nye Kunstmuseet i Førde, minna websidene meir om ei privat nettside frå tidleg 2000-tal enn websida for ein profesjonell institusjon. Er dette godt nok for publikum i Sogn og Fjordane? Slike websider hadde ein aldri sett, og aldri godteke, for Oslos kunstmseum. Kvifor må publikum ta til takke med så dårlege nettsider hos kunstmusea i SFJ? Fordi det er på bygda? Bloggen kan lesast her. Sjå teaseren for prosjektet KUNSTsf2012 Les sak om KUNSTsf2012 Tour hos NRK   Les også saka hos Aftenposten.  

KUNSTsf2012 Tour dag 2!

Fotos!  Frukost hos Terje Lyngstad.  Intervju med Førde-ordføraren i Rådhuset! Marius og Frank utanfor Kunstmuseet i Førde! Eg intervjuar Ingebjørg Erikstad!  Frank intervjuar Edvin Helgheim! Eg intervjuar Marius om kunst på Sunnfjord Hotell! Frank intervjuar Johannes Eggen Mundal frå Fjærland på Oddvar Torsheim sin faste plass på Sunnfjord Hotell. Posering på brua i Handelshuset i Førde.

KUNSTsf2012 - følg Anne Viken og Frank Willy Djuvik si jakta på kunsten i Sogn og Fjordane

STUNT: Vi legg oss på veien, oppsøker kunstmuseum, kulturhistoriske museum, kultur- og kunstpersonar i fylket. I videoklipp, bloggpostar og fotoseriar presenterer vi våre opplevingar og funn. Følg bloggen KUNSTsf2012 Tour hos Origo på Fjordaglimt. Her blir det publisert video, blogg og fotos kvar tirsdag framover. Du finn no ein prosjektbeskrivelse samt eit fotoalbum her. Her er teaseren for prosjektet. Ønsker du at vi skal kome og ete frukost hos deg? Ta kontakt. Les saka om prosjektet i Firdaposten: Skal ta pulsen på fylkeskunsten. Klikk liker på vår Facebook-side KUNSTsf2012 tour . Her vil vi poste fotoalbum, videoar og linke til bloggpostar på vår blogg. Du er velkommen til å skrive på veggen, kome med forslag eller poste fotos og linkar eller tips til stader vi bør dra, folk vi må helse på, eller kanskje vil du haike med oss? Alt er faktisk mulig. Slik jobbar vi!  Frukost hos Georg Arnestad i Sogndal! Eg intervjuar Georg i stova hans. Følg med på...

Senterungdommen vurderer kunst i Førde

  - Ditta e norske potete. Eg er heilt sikker, seier Erlend Herstad, leiar i Senterungdommen i Sogn og Fjordane. No vil han på Stortinget.  Her er eit eksklusivt intervju med Herstad medan han framleis går an å få booka i Førde utan at ein må slite seg til Oslo, krongle seg gjennom sikkerhetssjekken på Stortinget og sitte i ein sofa som ein anna løk og vente på audiens. I eit intervju med Sogn Avis, eller kanskje Fjordaposten, eller Firdaposten, eg går i surr i dissa lokalavisene - beklager - går han inn for meir lokalpoliti, Herstad er også ukritsk til pels og diverse andre ting vi ikkje skal ta med her, men idag kik han på kunst! Og Herstad er svært positiv til det nye Kunstmuseet som har blitt hamra opp i Førde på rekordtid. Einaste han er kritisk til, er eit blinkande lys under ein kasse i første etasje, samt eit noko kort forheng framfor inngangen til lys- og lydinnstallasjonen. Eg prøvde presse han, men det gjekk ikkje. Han var og blei ganske positiv, trur ...

Anne Viken held eit høgt litterært nivå i forfattardebuten

skriv Haugen Bok. Endeleg ei hestebok som er basert på ein verkeleg veterinærpraksis! Forfattar Anne Viken er sjølv veterinær og held eit høgt litterært nivå i forfattardebuten. Boka fengslar lesaren frå første side med levande skildringar, sprelsk språk, mykje humor, stort alvor og sitrande spenning, fletta saman med brei og interessant veterinærkunnskap. Vi tilrår boka på det aller varmaste - for både små og store lesarar. #anbefalt Les meir her. Les også omtalen av boka i helgas Firda. Book ein veterinærtime for rideleir eller rideskular inkludert bok. I oktober held eg også ein veterinærtime for deltakarane på rideleir hos Fosseheimen Naturpark på Viksdalen. I veterinærtimen skal eg forklare litt om korleis ein hest fungerer, teikne på hesten og demonstrere blant anna sårstell og bøyeprøve på hest. Altså hands on-hest for hesteinteresserte. Alle som deltek på rideleiren får eit eksemplar av boka med seg heim. Det går an å booke meg for liknande oppdrag på epost viken.a...

Rapport frå opning av nytt kunstmuseum i Førde - hummer og kanari, eller tenker dei ta valg, på sikt?

Igår var det opning av kunstmuseet i Førde. Eg trappa opp iført eit kulturelitetilpassa antrekk med hipstersko og tilbehør. Den første fyren eg gjekk på var Frank Willy. Han stod bak ein diger betonogklosse og hørte ingenting saman med Ove. Her er eit bilete av oss. Betongklossen er til venstre. Eg stilte meg opp på same flekk og høyrde like lite. Etter ei stund avslørte vi at Hans Jakob Reite stod like ved og lata som om han var i sivil. Reite var i eit heidundrande Reite-humør og skapte voldsomt bra stemning i køa, der vi stod som sild i tønner og fekk angst kvar gong døra stengte seg: KJEM VI IKKJE INN?? men så opna den igjen og nye slapp inn. Som ein god gamal uteplass, humra Reite. Reite hadde på seg eit slips med kyr på. Oppå betongklossen stod ein megasvær turtles-trompet som vi hadde ein lang samtale om korvidt kunne brukes i ein valgkamp. Alt vi måtte bedrive fordi vi ikkje hørte eit einaste ord av verken den eine eller andre talen. Eg ante heller ikkje ...