Gå til hovedinnhold

Innlegg

Elise og mysteriet - promofilm for bøkene er klar og ny bok er lansert!

Hestebøker: Hest, spenning og dyrlegepraksis. Ny bokserie av Anne Viken I denne spennande serien om Elise tar Anne Viken hesteboksjangeren til nye høgder! Om " Elise og mysteriet på hesteklinikken " Onkel Kalle har fått seg arbeid som veterinær på Trollskogen hesteklinikk, og Elise er lykkeleg over å få vere med han på jobb. Men i den gamle veterinærbustaden skjer det uforklarlege ting, og ute i praksis har Kalle alvorleg trøbbel med å gjere pasientane friske. Gamle Ylva påstår at ein spøkelsesdyrlege går gjennom gangane, og Elise forstår etter kvart at hesteklinikken skjuler langt meir enn sjuke hestar. les meir om bøkene: http://www.samlaget.no/nn-no/barn%20og%20unge/9-13-aar/elise-og-mysteriet-paa-hesteklinikken/innbunden.aspx Dei som har laga filmen: Klipp og regi: Oddmund Haugen Fjalerfilm Bak kamera: Jørn Nedrebø Stemme: Anne Viken Elise: Elisabeth Solheim Brekke Kalle: Reiel Haugland Kyr og fjøs: Torbjørg Grimsbø Eskeland Hund: Rex Kvit hest: Sur...

Opera som motmakt: Vestlandets rolle aktualisert

To hundre år etter Guiseppe Verdis død, vert LaTraviata nytolka innanfor rammene av norske motkulturelle rørsler.  Sjå innslag om operaen på Dagsrevyen 20.august. Fotosession med Hulda som Violetta, iført bunaden til Anne Viken Opera er ein av dei minst sette og mest elitistiske kunstformene i verda, og muligens også den dyraste. Dette sa programleiar Sarah Montague i samtale med operasongar Thomas Hampson i BBC hardtalk 30.juli i år. Eg skulle ha likt å sett Montague på besøk på Åmot Operagard i Bygstad der operaoppsettinga i slutten av august problematiserer dei historisk distriktsbaserte motrørslenes kamp mot klassesamfunn, liberale og urbane verdiar. På denne måten kan opera ta del i samtidsdebatten.     Sunnfjordbunader akkompagnert av fôrhøstarar frå Taarup med beitande islandshestar bak gjerdet. På låven brakar indremisjonspredikantar saman med lokal bondekultur og overklasseluksus i årets nytolking av La Traviata av Guiseppe Verd...

Fjelltur med ny bok!

Elise og mysteriet på hesteklinikken er ute i butikkane. Kva er då betre enn å ta boka med på fjelltur? Boka har trass alt fokus på natur, folk og fe. Og naturen set rette rammer for innhaldet. Her er Elise på toppen av varden på Lisjehesten, Storehesten i bakgrunnen.     Elise på toppen av varden på Lisjehesten. For den som ikkje har vore på Lisjehesten, vil eg anbefale ein tur. Det er Sunnfjords flottaste naturperle. Varden på Lisjehesten i bakgrunnen. Oppe på Lisjehesten er eit fantastisk vatn. Her kan ein bade og grille.   På veg opp og ned må ein klatre elva. Det er ikkje så skummelt som det ser ut til, og dessutan er her eit godt festa tau ein kan halde seg fast i. Lat deg ikkje skremme av litt vatn. Berre ta det roleg.   På veg opp og ned frå Lisjehesten, går ein forbi vatnet under. Det er ein fin plass å bade, vatnet blir raskt varmt og der er fullt av rumpetroll og andre dyr ein kan studere. Her står Elise på l...

Ein forfattars bekjenningar: den mykje lettare andreboka og skriveprosessen

Då eg var rundt ti år, bestemte eg meg for å bli forfattar. Min eigentlege plan var så å skrive poesi, så i 2010 gav eg ut boksingelen XXX, og brukte deretter mange sommartimar på ei svensk kyrkjetrapp der eg skreiv lange prosadikt om avstand som eg er sjeleglad aldri blei gitt ut.  Eg begynte å skrive på mi første barnebok, eg trur det var i 2009 etter å ha lese ei bok der Pitbull-Terje barberte ein puddel. Det var mange år sidan eg sist las ei barnebok, sikkert nær tjue, og eg vart oppriktig fasciner. Det som fascinerte var den likefram fortellarmåten der mykje er sagt og endå meir usagt, så enkelt men så elegant, og korleis dette skapar eit stort rom for assosiasjonar, også for meg som vaksen. Dermed kan eg kanskje takke Pitbull-Terje for at eg i desse dagar slepp mi andre barnebok, Elise og mysteriet på hesteklinikken . Trur eg.  Ideen til serien om Elise fekk eg fordi eg er utdanna dyrlege og ville lage ein spenningsserie frå dyrlegepraksis. Eg begyn...

Skal bønder få behandle sjuke dyr sjølv?

Onsdag 24.juli gjekk debatten på NRK Sogn og Fjordane om korvidt norske bønder skal få tilgang til å behandle sjuke dyr utan at veterinær har vore på staden og stilt ein diagnose . Problemstillinga har vaka i kulissene lenge, og det er ei problemstilling som er verdt å diskutere. Som veterinær har eg arbeidd i Sverige i praksisområder med såkalt delegert behandling for gris og kjøtfe, det vil sei eigenbehandling, og eg vil fortelle litt om korleis dette fungerte.  Ordninga fungerer slik: bønder som er med på ordninga har tilgang til å behandle enkelte diagnoser på dyra sine sjølv, utan å kontakte veterinær og varsle om at dyret er sjukt. Bonden får også hente ut legemiddel, men kun visse preparat og kun til visse avgrensa diagnoser. Veterinæren kjem med nokre vekers mellomrom, tre til seks, litt avhengig av sjukdomsbilete og tilhøve på garden, ut til garden for å sjå over besetningen og gå gjennom medisinbruken. Alt må nøye loggførast. Det er fortrinnsvis dei større gardane...

Då har Elise og mysteriet på hesteklinikken kome frå trykken!!

Mange snakkar om at å gi ut si første bok er ein grand happening, men eg er faktisk meir begeistra for tanken på å sleppe bok to om Elise, Elise og mysteriet på hesteklinikken , enn eg var for bok ein. Og det trur eg er fordi eg har kome ein del lenger i utviklinga av meg sjølv som forfattar. Bok to var ikkje så vanskeleg å skrive. Bok ein var tidvis eit lite mareritt å få ferdig, medan bok to berre gjekk av seg sjølv. Eg tar plottbygginga fleire hakk vidare frå bok ein. Dessutan: eg berre digger det omslaget. Det er kanonfint. Øystein Vidnes er mannen bak. Det tok litt tid å få ferdig omslaget, vi gjekk ganske mange rundar med det, men då det først førelåg i den versjonen de her ser, var eg strålande nøgd. Det er Elise. Omslaget til bok ein ser eg i ettertid at kunne ha vore ei aning mindre dunkelt og mørkt. No er eg særdeles spent på kva publikum vil sei om Elise og mysteriet på hesteklinikken. Bok ein vart svært godt motteken, har fått utruleg mange tilbakemeldingar frå publ...