Gå til hovedinnhold

Innlegg

Rovdyrforkjemparar har den same brutale syn på dyr som ein finn i den hardast industrialiserte delen av storskala landbruk

Det er interessant at mange av dei som seier ja til ulv, og ja til økologisk mangfald og natur, innehar det same synet på dyr som ein finn i den mest industrialiserte delen av landbruket. I begge leirar anser ein dyr som deler av ein flokk, ikkje som levande enkeltindivid med følelsar som angst og svolt.  Logikken som vert brukt i rovdyrdebatten, er kjend frå storskala industrilandbruk der ein ikkje lenger har oversikt over enkeltdyr, berre enkeltdyrs nummer i eit datasystem eller på flokk- og bingebasis. Eksempelvis kylling, kalkun og verpehøner, dyr fullstendig utan eigenverdi. Den same logikken forheld ein seg til i rovdyrdebatten, men då er det sau og geit det gjeld. Dyr utan ansikt og offentleg profil. Dei har berre nummer, og kanskje eit namn, og eit ansikt som lett vert erstatta av eit anna. Medan bønder flest bryr seg om dyr og er opptatt av «enkeltindividet sau», er ikkje rovdyrvernarar opptekne av dyr. Dei er opptekne av flokk og av at alle brikkene i eit økosystem sk...

Industritankegang blant rovdyrforkjemparar i rovdyrdebatten:

Bjørn og ulv drep berre når dei er svoltne, brølte eit par naturforbund, og så var alt sagt. Folk gjekk fem på. Dei trudde på at bjørn og ulv drap berre for mat.  Avstanden til landbruket og dyra er enorm, gigantisk, ubeskriveleg, sa far min og eg nikka. Sjølvsagt hadde han rett i det. Ein trengte berre å kunne lese for å vite såpass. Stillheita senka seg. Allmennheita var avleda, folket lurt. Drapsmaskinene hadde sine høge beskyttarar i systemet. Det hadde ikkje geiter. Det hadde eg no klart forstått. Geiter var stygge dyr utan verdi, og fordi det var mange av geitene, var det ikkje så farleg at nokre av dei vart ihjelrivne av rovdyr, plaga eller haldne på uetisk vis. At ei av tusen geiter hadde det vondt, var ingenting å bry seg om. Der fanst trass alt ein haug andre geiter som ikkje hadde det vondt, og geiter er ikkje eit individ, men flokk. Tanken var i rovdyrdebatten som i industrilandbruket: eit dyr har ikkje ansikt, ikkje namn, berre eit nummer. Far min sa at natur...

Kronikk: Frå beite til bur i dagens Aftenposten

Kronikken finn du her http://www.aftenposten.no/meninger/kronikker/article4031914.ece For utfyllande, les også mitt innlegg om landbruk på Frp sitt fylkespartimøte om landbruk. Eg er ikkje Frp, men landbruk er viktig dog. Eg har også skrive eit essay om dyr sine følelsar, basert på forskning. Det finn du her. Og hugs: når det gjeld dei næringane eg her har beskrive, kylling og kalkun, så er det inga skilnad på økologisk og konvensjonell. Problema er dei same. Eit spørsmål: vi ønsker oss meir etisk dyrehald, betre dyrevelferd, kvifor satsar vi då på kvitt kjøt? Kylling, kalkun, egg. Og om vi vil ha betre helse: det er sagt at kjøt som er produsert på kraftfor er meir kreftframkallande. Så kvifor anbefaler ein folk å ete kvitt kjøt? Kvitt kjøt er utelatande produsert på kraftfor. .

Iselin Alvestads magiske univers: Alanya-serien

Eg har lese gjennom Iselin B. Alvestad sin serie om Alanya. Først las eg bok nummer to, så nummer fire, så nummer ein og til sist nummer tre. Litt hakkete rekkefølge på det som er meint å vere ein serie barnebøker i rett rekkefølge. Fin underhaldning sjølv om spenningen blir litt kverka når ein har lese nummer fire og veit at ting går bra til slutt. (Der kjem også ei nummer fem). Oppsummert vil eg slå fast at nummer to og tre er dei klart beste. I nummer ein er Alanya veldig barnslig og lita. Tolv år. Ein veldig barnslig tolvåring. Men kanskje er overgangen til å lese om Alanya i bok ein, etter å ha lese bok to og fire først, litt stor. Jenta har trass alt gått gjennom ei ganske stor utvikling som menneske frå bok ein til fire. I bok ein "Veien følger hjertet" har ho levd heime i eit skjerma liv hos onkelen, Pip og kona hans, Munny. Alanya gjennomgår stor utvikling til bok nummer to, eit kvantesprang vil eg sei. Ho er nesten ikkje til å kjenne att. Eller jo, ein kjen...

Les VG idag: min kronikk: Turisme har blitt så viktig i Sogn og Fjordane at dei ikkje lenger bryr seg om at folk skal bu her.

Les min kronikk i VG idag. Kronikken ligg http://vgdebatt.vgb.no/2011/02/12/drukna-i-turisme/ Sogn og Fjordane har gløymt at det skal bu folk i fylket. Dei satsar kun på turisme. Vi som faktisk bur her får ikkje ein gong internett. Det driter dei nemlig i. Her skal vi tilpasse oss til National Geographics forestillingar om rein natur. Då er internett sikkert i vegen. Her får du ein liten blogg-utdjupning av problemet dårlig internett på bygda! Advarsel: vågar du flytte til Gaular kommune? Kommunen som ikkje har internett? Og der ordførar Jenny Følling går ut i avisa Firda og påstår at ho ikkje kjenner til problema med nettet sjølv om ho har blitt varsla fleire gonger per år? Er det forsvarleg å ha ein slik ordførar som preikar usanning i avisa? Eventuelt som hugsar såpass dårlig? Skal ikkje kommunen jobbe for innbyggarane, ikkje mot? Skal vi sitte på gjerdet og vere nøgd med dårlig nett for å hindre at merkevara Sogn og Fjordane slår store sprekker? Framtidsfylket er ein bløff. Brei...

Bloggarane: vår tids intellektuelle? Og er bok rett medium i vår tid?

Blogg er makt Dette innlegget stod på trykk som Signert-artikkel i Klassekampen 5.februar 2011. Kvart år kårar Tordenbloggen Norges beste bloggar, og ein har superheltinnekåringar i sosiale medier. Sosiale medier inkluderer Facebook, Twitter og blogg. Bloggarar er like sjølvsagt inventar på Aschehougs hagefest som forfattarar. Dei har fleire lesarar enn Klassekampen. Gjennomsnittleg antal solgte bøker i Norge ligg rundt 250 for ein debutant, eit latterleg lågt tal om ein samanliknar med antal daglege treff på ein norsk samfunnsblogg. Sosiale medier bidreg til å styrke maktnettverk, meiner mange. Men sosiale medier bidreg også til å opprette nye maktnettverk og rive beina under gamle. Kven treng sitte på Kunsternes hus å ete middag med kulturelitens yppersteprestar når ein kan regjere på nettet? Kulturelite og media har fått ein sterk konkurrent i bloggsfæren, og bloggarane er sjølv ofte ein del av den såkalte kultureliten. Og om dei ikkje er det, kven bryr seg. Blogg er o...