Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra september, 2013

Keisaren er naken: norsk landbrukspolitisk retorikk

Ein bygger ikkje landbruk på retorikk. Av veterinær, journalist og forfattar Anne Viken. Klikk på bileta så blir dei store og leselege. Lat oss ta ein rask kikk på utviklinga i landbruket sidan 2005. I denne perioden er det fjerna 18 000 årsverk frå landbruket og lagt ned 8330 gardar. Nedgang i kornareal er på 285 633 dekar og reduksjonen i dekar fulldyrka areal er på 456 219 dekar. Dette har ikkje skjedd på tross av, men på grunn av, landbrukspolitikken. Tala kan ikkje bortforklarast.  Fakta: Nedbygging av kornareal dei siste åtte åra er rekordhøg i norsk samanheng. Fem tusen fotballbaner med korn har forsvunne kvart år sidan 2005. I det same tidsrommet har kraftfôrimporten auka med 108 prosent, og matkornimporten stige med 72,9 prosent. I klartekst: Norge bygger ned eigne kornareal, på same tid som vi importerer stadig meir kraftfôringrediensar og matkorn. I 2012 importerte vi, ifølge Statens Landbruksforvaltning, 697 869 tonn kraftfôr til Norge, meir enn dobb...

Terningkast FEM i VG for Elise og mysteriet på hesteklinikken

Hest hest ! WOW!!! Les heile omtalen frå VG. UTDRAG: "Elise er en heltinne av det snille, ambisiøse og fornuftige slaget. Hun er hestegal og har allerede bestemt seg for at hun vil bli veterinær." "Siden forfatteren selv er veterinær finnes her også fagkunnskap å stole på. For snille hestejenter må boken være en drøm å lese." Les om prosessen med å skrive bøkene. Eg legg korta på bordet. Det er ganske slitsomt til tider, og til tider veldig gøy. Her finn ein alle bloggpostar om bøkene og prosessen med bøkene, skriving, media, fotos og det meste. For dei som vil lese meir om hestesjangeren, klikk her. Sjå promoen for Elise og mysteriet  Her kan du lese om då vi spelte inn promofilmen. Den fekk ein god del mediadekning også, så det var gøy!  Bøkene kan bestillast hos haugenbok på nett. Dei har dei også i bokhandlane, samt på Spar Sande, Viksdalen handel, Spar Bygstad og Spar Jølstraholmen, blant andre. Spør gjerne etter dei i bo...

Elise og mysteriet - promofilm for bøkene er klar og ny bok er lansert!

Hestebøker: Hest, spenning og dyrlegepraksis. Ny bokserie av Anne Viken I denne spennande serien om Elise tar Anne Viken hesteboksjangeren til nye høgder! Om " Elise og mysteriet på hesteklinikken " Onkel Kalle har fått seg arbeid som veterinær på Trollskogen hesteklinikk, og Elise er lykkeleg over å få vere med han på jobb. Men i den gamle veterinærbustaden skjer det uforklarlege ting, og ute i praksis har Kalle alvorleg trøbbel med å gjere pasientane friske. Gamle Ylva påstår at ein spøkelsesdyrlege går gjennom gangane, og Elise forstår etter kvart at hesteklinikken skjuler langt meir enn sjuke hestar. les meir om bøkene: http://www.samlaget.no/nn-no/barn%20og%20unge/9-13-aar/elise-og-mysteriet-paa-hesteklinikken/innbunden.aspx Dei som har laga filmen: Klipp og regi: Oddmund Haugen Fjalerfilm Bak kamera: Jørn Nedrebø Stemme: Anne Viken Elise: Elisabeth Solheim Brekke Kalle: Reiel Haugland Kyr og fjøs: Torbjørg Grimsbø Eskeland Hund: Rex Kvit hest: Sur...