23. sep. 2013

Kjenner du barn og unge som vil bli betre til å skrive?

Frå neste nummer startar eg skriveskule i tolv delar i Norsk Barneblad. Der får du tips og triks til korleis du kan skrive betre stilar, historier eller kort og godt korleis du kan bli ein ekte forfattar. Eg gir konkrete eksempel, oppgåver og fortel om korleis ein arbeider for å lage tekst i ulike sjangerar.

Skriveskulen kan nyttast av barn og unge, vaksne til og med, og også læarar og foreldre. Følg med!


Lurer du på kva Norsk Barneblad er for noko? Klikk her og last ned eit eksemplar.

Du kan også sende spørsmål til meg om ting du lurer på om skriving. Send til nana att norsk-barneblad.no og merk eposten "Skriveskulen".

Følg Norsk Barneblad på Facebook!

Her teiknar du abonnement på bladet. Bladet kjem ut ein gong i månaden, og inneheld masse reportasjar, teikneseriar, lesarinnlegg og musikkstoff. Det er Norges einaste barneblad på nynorsk, dessutan!



Over ser du bilete av ein reportasje frå Norsk Barneblad. Bladet inneheld også historiske saker, reisereportasjer, internasjonalt stoff. Ja, masse forskjellig.