Gå til hovedinnhold

Innlegg

Nisselue i bedehusland

Da eg var lita og solgte julehefte for Norsk Barneblad før jul, fekk eg eit lengre foredrag av to eldre bedehuskvinner. Dei prenta meg inn i skallen at jula handlla ikkje om nissar, troll og smørbukk, men om bibelen sin bodskap.  Her i bedehusland blir muligens nisseluene sett på med like stor skepsis som i enkelte muslimske kretsar. Du skal danse rundt juletreet som var det det siste du gjorde, men plukk av deg nisselua, for guds skuld. Eit av mine favorittsitat frå bedehusland er dette: "på søndagsskolen var stemningen like kjærlig som på massemorderes minglefest". Fritt etter ein engelsk tv-serie om ein pastor som skal omvende ein haug med ekskristne.

Tomas Espedals forfattarskap er rått. Kvifor har eg ikkje oppdaga denne mannen før?

Det måtte ein kulturkjerringdebatt og ein Bragepris til før eg kom på å lese Tomas Espedal. Først denne veka las eg hans nyaste, imot naturen . Så las eg på raude rappen imot kunsten . No har eg lese biografi , og gitt meg i kast med dagbok . Det er ei skandale at mannen ikkje har skrive meir enn tolv bøker. Snart har eg lese alle. Det er alltid trist når det simpelten ikkje finst fleire bøker att å lese av ein nyoppdaga forfattar. Eg siterer Sigmund Jensen om Brev (et forsøk) i Stavanger Aftenblad: "Det er komplett ubegripelig at skjønnlitteratur av en så høy kvalitet som det Espedal gang på gang leverer, ikke skal kunne nå et bredere publikum" Espedal beskriv det indre gjennom ytre hendingar. Det er avansert kunst. Og det er rå litteratur. LES!

Vi blir jo det vi et, blir det sagt. Altså blir vi sjuk kylling med bukbetennelse og bein som knekker som fyrstikker

Landbruksmeldinga: «Matsikkerhet er til stede når alle mennesker til enhver tid har fysisk og økonomisk tilgang til nok og trygg mat, for et fullgodt kosthold som møter deres ernæringsmessige behov og matvarepreferanser som grunnlag for et aktivt liv med god helse.» Men får vi god helse av å ete dyr som har dårlig helse og dårlig velferd??? Vi blir jo det vi et, blir det sagt. Altså blir vi sjuk kylling med bukbetennelse og bein som knekker som fyrstikker. Eh kult.

Magisk vikingepos om møte mellom norrøne menn og Afrika

Det er noko skummelt magisk over Havjervens segling innover i det djupaste av Afrika. Så skummelt magisk at ein ser seg litt ekstra om etter skuggar på kvelden. Er det peisen som slår gneistrar? Eller er det nokon andre her... Ånder? Ute er det storm. Det passar dårleg når ein les Hard er mitt lands lov. Det vert enda skumlare. Mørket heng tungt over vikingskipet på veg frå Roma, nedover Afrikas kyst, innover i jungelen. Over vikingane som i veker vandrar over stepper, høgsletter og gjennom jungel. Samlaget omtaler boka som "eventyrleg" , men det er feil. Ordet er magisk vikingepos. Cathrine Krøger meiner språket er arkaisk, men det er det ikkje. Språket er eit verk verdig. Skildringane inngåande, innlevelsen sterk. Ordbildet er ein vesentleg del av denne forteljinga frå det svartaste av Afrika der over hundre norrøne viktingar slit seg fram. På jakt etter gull? På jakt etter hemn? Hard er mitt lands lov er eit verk i ordets rette forstand. Eit verk som vassar i kunnskap...

Talent for lykke

Det har blitt gitt ut ei rekke bøker om korleis skrive god litteratur. Kast dei i peisen. Les Ari Behns "Talent for lykke", ei lærebok i litterær briljanse. Dra ditt visakort i nærmaste bokhandel. Les den så tre gonger.

Veterinærar i samfunnsdebatten

Veterinærar er ei faggruppe som er så og sei usynleg i norsk samfunnsdebatt. Kvifor er det slik? Ikkje godt å sei. Synd er det uansett då faggruppa har mykje relevant informasjon å kome med. No har studentar ved Norges Veterinærhøgskule tenkt å gjere noko med saka. Dei har starta Fagpolitisk Forum som arrangerer livedebattar med panel og publikum ved NVH, opent for alle. Blant tema som står på planen er hundeavl (forje møte), kyllingproduksjon og tja, kanskje også: dei tause veterinærane. Sjekk ut deira Facebook-gruppe og følg med.