Gå til hovedinnhold

Innlegg

Bur for verpehøner framleis lov i Norge

I januar skreiv norske medier ei rekke saker om at no var bur blitt forbode for verpehøner i Norge. Dette var ein faktafeil. Norske verpehøner står framleis i bur, men i ein an type bur enn før. Sjekk bilete av bura her. Merk deg bilettekstane til burbileta: "hønene kosar seg", står det under dette biletet. Alle bileta er henta frå linken over. Og denne bodskapen, hønene kosar seg, greidde fjørfebransjen og Fjørfelaget lure mediene med på. Dermed fekk vi saker på trykk av denne typen: bur forbode for verpehøner i Norge. Men norske verpehøner står i bur den dag i dag. Eller kva vil du omtale installasjonen på biletet over som? Biletet under: det første her viser då altså reiret for høner i bur. Skikkelig flott reir, eller kva?  Biletet under viser då altså strøbadet hønene i dei nye bura får tilbod om. Denne måten å halde høner på er flott, ifølge fjørfelaget. Kva seier det oss om fjørfelagets syn på dyrevelferd? Spørsmålet er tabu å stille, men det er ganske ty...

Google translate meiner at kvinner bør vaske huset, kler og ta oppvasken sjølv om ein skriv inn at det er ein mann som gjer det.

Klikk på bileta og dei blir store og leselege. Så ser du korleis google translate overset!!

Min verste datingopplevelse

Siden folk skriv om jogging og sånt på sosiale medier, skriv eg om min verste datingopplevelse. Satt på kjøkkenet med denne karen og tok en pils da eksen kom inn, slo han ned tre gonger, knuste ei rekke glasboksar som stod på disken på kjøkkenet, slo inn to vindu + ei dør og kjørte over gressklippern med bilen før ho stakk. Hell hath no fury like a woman scorned. Dating er gøy.

Liker du gode aviser og god musikk?

Det er sjeldan eg driv reklame, men idag er eit unntak. Om du ønsker å skaffe deg ei god avis som serverer kvalitetslesestoff, gode saker og stoff du ikkje finn andre stader, send DT3V til 2007 så får du tre veker gratis avisa Dag og Tid . Dag og Tid er ei kvalitetsavis som kjem ein gong i veka på nynorsk. Og så litt god musikk. God helg!