Gå til hovedinnhold

Innlegg

Visste du at norske slaktekyllingar får antibiotika i maten...

kvar dag fram til eit par dagar før slakting? Kvart år dør 25 000 menneske i Europa som ein følge av antibiotikaresistens. Nam nam. Her ser du to gamle høner med ekstrem flaks. Den brune her skulle egentlig blitt burhøne og slaktast etter rundt 70 veker i bur. Istaden blei den hagehøne og levde nesten ti år, samt hadde eigne kyllingar. Den har personlighet så det ryker etter og eigne meiningar om alt. Og nei, eg trur ikkje at dyr er mennesker, men moderne vitenskap viser oss at dyr kan ressonere og lære, altså kan dei tenke. Her ser du ein anna slags påskekylling. Nemlig ein påfuglkylling. Den et kokt egg. Påfuglkyllingar veks ekstremt sakte og bruker to år på å bli vaksne. Men så får dei inga antibiotika i maten og er heller ikkje avla fram for å skaffe billeg kjøt. Tippar at det første som hadde blitt gjort om ein skulle omdanne påfugl til industrifugl, var å avle vekk halen. Halen krev altfor mykje energi å gro, og det ville vore altfor dyrt å importere store mengder kraft...

Indisk kyllingindustri,

Ein indisk kyllingfarm ved Hyderabad i Andhra Pradesh, såkalt contract farming. Foto: meg, 2009.

Bur for verpehøner framleis lov i Norge

I januar skreiv norske medier ei rekke saker om at no var bur blitt forbode for verpehøner i Norge. Dette var ein faktafeil. Norske verpehøner står framleis i bur, men i ein an type bur enn før. Sjekk bilete av bura her. Merk deg bilettekstane til burbileta: "hønene kosar seg", står det under dette biletet. Alle bileta er henta frå linken over. Og denne bodskapen, hønene kosar seg, greidde fjørfebransjen og Fjørfelaget lure mediene med på. Dermed fekk vi saker på trykk av denne typen: bur forbode for verpehøner i Norge. Men norske verpehøner står i bur den dag i dag. Eller kva vil du omtale installasjonen på biletet over som? Biletet under: det første her viser då altså reiret for høner i bur. Skikkelig flott reir, eller kva?  Biletet under viser då altså strøbadet hønene i dei nye bura får tilbod om. Denne måten å halde høner på er flott, ifølge fjørfelaget. Kva seier det oss om fjørfelagets syn på dyrevelferd? Spørsmålet er tabu å stille, men det er ganske ty...

Google translate meiner at kvinner bør vaske huset, kler og ta oppvasken sjølv om ein skriv inn at det er ein mann som gjer det.

Klikk på bileta og dei blir store og leselege. Så ser du korleis google translate overset!!