Gå til hovedinnhold

Kulturelite! Det trenger vi

Ja, vi trenger ein kulturelite.
Det er no eg iallefall einig i. Vi trenger folk som har kompetanse og vi trenger folk som tenker sjølv og folk som har begrunna meiningar. Men skal vi kalle dei ein elite? Kanskje eit anna ord hadde vore betre. Meiningselite, kunnskapselite, medieelite, synserelite. Det er litt elitistisk. Og kvar finn ein denne eliten? For dei som er elite i Sunnfjord feks ville ikkje nødvendigvis nå opp i Oslo der konkurransen er langt hardare. Må ein ha ein elite knytt til kvar klasse? eller ein klasse som elite? eller kriterier på tvers av klassar for å fastslå kven som var eliten? Ein kunne kanskje heller snakke om kompetente mennesker heller enn elite, men det blir ikkje heilt bra det heller. Kva med folk som sit med kunnskap. Kunnskapsprodusentar og meiningsforvaltarar? Tja, folk som får verda til å svinge, og tankane til å endre mønster er utvilsamt elite i kraft av evne til å få folk til å tenke. Kva med å sei at det å få folk til å tenke, kvalifiserer til å vere elite. Men da blir det opprøsking i hjernen til folk som står på tapeten.

Lat oss håpe jantelova er på tilbakegang slik at kompetente mennesker kan få agere utan at folk flest (eit skjellsord for kven er vel folk flest?) skal drive å pese dei i nakken. Det er jo ikkje folk flest som driver verda framover, er det vel? Folk flest er jo nettopp folk flest, dei er i fleirtal og fleirtalet går i takt. Ellers ville det vore kaos og anarki. Og folk flest hatar at andre veit betre enn dei sjølve, men dei må berre venne seg til det og dei klarar ikkje å fjerne desse betrevitarane. Kunnskap er til sjuande og sist makt.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Spelet om ØKO-maten, The øko-GAME: Marked - forbruker

Om spriket mellom PR og røyndom. (Med andre ord-artikkel publisert i Klassekampen 26.februar 2010) Bønder er og blir ei spesiell gruppe. Før var det høgstatus å vere storbønder. No er du er ein systematisk dyremishandlar, industriforbrukar av stakkars kyr og ellers ein trussel mot vår alles eksistens. Du tømmer dritt ut i atmosfæren, og driver oss alle lukt i undergangen. Før var det lågstatus å vere småbonde. Du hadde mindre makt, mindre pengar, sat gjerne på leigd jord og måtte sende alle sønene dine til USA om dei ville overleve. Du hadde så lite gras over vinteren at kyrne dine knapt klarte stå på beina når du slapp dei ut om våren, og du budde i eit lite hus fullt av ungar du streng tatt ikkje burde hatt meir enn halvparten av. No er det høgstatus å vere småbonde. Du er småskala og naturvennlig, lever gjerne på ein stad der ingen skulle tru at nokon kunne bu, og småskala kyr er innhylla i eit mytologisk teppe av grønt gras under spreke klauver. Dei har forgyl...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...