Gå til hovedinnhold

Fylkeskommunen for slappe med nynorsk

Eg har opna bloggen min for kommentarer,. så kommenter gjerne! men sakleg.

Eg les i dag ei sak på firda.no: Her står blant anna: "Ei undersøking Utdanningsdirektoratet har gjort, viser at sju fylkeskommunar ikkje kontrollerer at bøkene dei kjøper inn, ligg føre på begge målformer. "

Dette er kort sagt slurv! Sogn og Fjordane fylkeskommune bør skjerpe seg dersom dette stemmer. MEN eg trur ikkje dette løyser problemet sjølv om enkelte vel vil klø seg i skjegget og skulde på fylket. Vi må gjere store endringar på det nynorske skriftspråket også.

Eg mottar interessante og lange mail frå både professorar, lærarar og andre som meiner debatten om nynorsken er viktig å ta, og som viser til praktisk erfaring som underbygger problemet. Kontornissane på fylkeskommunen kan gjere jobben sin, deretter kan nynorskgeneralane begynne å høyre på oss samfunnsengasjerte folk med peiling på kva vi snakkar om, og så kanskje vi får ei løysing på nynorskdilemmaet. MEN det spørs vel om nynorskgeneralane tørr ta debatten mot meg og Jung TJønn. dei har for lengst gjort seg sjølv til tullete underhaldningskaninar viss argumenter ikkje ein gong heng på spade, så dei må først realitetsorientere seg litt så vi kan ta dei alvorleg igjen. No sit dei på tuene sine å raser, og tenker hoff ho der anne viken, ja fytterakkern for ei dame, men you bet, eg har rett.

ai Dessuten. Eg har opna bloggen min for kommentarer,

Populære innlegg fra denne bloggen

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...

Keisaren er naken: norsk landbrukspolitisk retorikk

Ein bygger ikkje landbruk på retorikk. Av veterinær, journalist og forfattar Anne Viken. Klikk på bileta så blir dei store og leselege. Lat oss ta ein rask kikk på utviklinga i landbruket sidan 2005. I denne perioden er det fjerna 18 000 årsverk frå landbruket og lagt ned 8330 gardar. Nedgang i kornareal er på 285 633 dekar og reduksjonen i dekar fulldyrka areal er på 456 219 dekar. Dette har ikkje skjedd på tross av, men på grunn av, landbrukspolitikken. Tala kan ikkje bortforklarast.  Fakta: Nedbygging av kornareal dei siste åtte åra er rekordhøg i norsk samanheng. Fem tusen fotballbaner med korn har forsvunne kvart år sidan 2005. I det same tidsrommet har kraftfôrimporten auka med 108 prosent, og matkornimporten stige med 72,9 prosent. I klartekst: Norge bygger ned eigne kornareal, på same tid som vi importerer stadig meir kraftfôringrediensar og matkorn. I 2012 importerte vi, ifølge Statens Landbruksforvaltning, 697 869 tonn kraftfôr til Norge, meir enn dobb...