3. aug. 2008

Lappland

Buss frå Kirkenes til Ivalo. Eit av problema her i nord, er infrastrukturen , og det merka ein på vegen til Ivalo. Det var ekstremt humpete, humpidump og i full fart. Dermed vart det bråstopp då denne rakkaren, eller reinen som det heiter på godt norsk, fant på å stå midt i vegen. Det er veldig tundraaktig landskap her oppe. Den sibiriske taigaen starter i Sør-Varanger, i Pasvikdalen. Utrulig flott landskap. Eg forestiller meg at her bur troll og tusser, men det gjer det sikkert ikkje. De tusen sjøers land, absolutt, men fakta er at her er 187 888 sjøar (!!!) her. Det er utrulig vakkert. Finland har litt over fem millionar innbyggarar, og har ei befolkningstettheit på 17 personar per kvadratkilometer. Her i nord er det enda mindre, her er langt mellom husa, og dei husa som er, ligg spreidd. I sør av Finland er det 130 personar per kvadratkilometer, mot ti i nord.
Her stansa bussen, ved Sevetin Baari, ein bar/kafe/butikk langt ute i ødemarka. Det minna meg faktisk litt om pubane langs vegen nord i USA, og rundt grensa til Canada. Ein rusler inn, setter seg i baren, får seg ein Coke og ein burger, før ein drar vidare. Vi var ved Sevetin Baari i eittida, drog frå Kirkenes kl kvart over elleve, og her var det full fart i øldrikkinga.
Slik ser det ut her, posti er post. Inne var det butikk over disk og mange folk som snakka merkelig finsk, eg forstår ikkje finsk. Ikkje eit ord. Det er synd, men dei snakker heldigvis for meg litt engelsk.

Drikke litt på morrakvisten.
Her var ein vakker plakat. Litt vill vest, og som eg sa, fekk litt vill vest-usa følelse her oppe i nord.
Ein lokal kar eg traff. Han kalte seg reindeerguy, og brølte "helveti", då eg sa eg budde i Oslo. Tonen vart ein ganske anna då eg sa eg kjem frå gard på Vestlandet. Oslo var tydeligvis ikkje så populært. Han ville gjerne at eg skulle fotografere han, men sidan bussjåføren brølte frå bussen at vi hadde dårlig tid, bussjåføren ropte stadig ut beskjeder, måtte eg sprinte inn i bussen uten å få tatt fleire fine bilder enn dette. Sjåføren hadde forøvrig berre sommarjobb som bussjåfør og jobbar til dagleg som russisk-finsk tolk, og har budd 17 år i Russland. Det er utrulig internasjonalt her i nord.
Mitt reisefølge på bussen, Henrikki som eg traff på busstoppet i Kirkenes, drog idag til Kirkenes frå Inari for å kjøpe snus, og tilbake same dag. Han sa ein får ikkje kjøpt snus i Finland, men røyke får ein lov til. Inari kommune grensar til Norge, og er Sør-Varangers vennskapskommune. Pechenga er Sør-Varangers russiske vennskapskommune. I Pechenga vil og har norske fiskeoppdrettarar etablert seg. Sjøfly tar av utanfor baren.
Så kom vi til Ivalo, nedanfor. Her bytta eg buss for å dra til Rovaniemi. Eg forstår altså ikkje eit kvekk av finsk. Det er eigentleg ganske frustrerande å ikkje forstå språket. Eg med min Russlands-interesse må snarast lære meg russisk. Var på Island ifjor, og det var virkelig vanskelig å skjøne, sjølv om ein forstår enkelte ord og lærer ganske raskt, er det frustrerande med uforståelege språk. Kva betyr kuukkeli for noko? Aner ikkje.
Julenissen held til i Rovianemi, men den kan sporast alt her i Ivalo. Ivalo er forøvrig, slik det ser ut når ein berre køyrer gjennom, kun gater med butikkar og ellers ikkje så stort. Hit går det direktebuss frå Kirkenes kvar dag. Frå Inari dreg det i august ein heil del folk til Kirkenes for å snakke med bedrifter der oppe. Inari har, imotsetning til Kirkenes, meir arbeidsløyse. Kirkens har ekstremt behov for ny arbeidskraft ganske straks, og dei ser også mot Finland for å skaffe denne. Russland har også ekstrem etterspørsel etter kompetansearbeidskraft, så den som kanskje tenkte at ein kan sjå til Russland for å hente folk til norsk næringsliv, får nok ei utfordring. Eg får høyre på min tur at kvifor skal russerane kome til Norge, eller jobbe for norske bedrifter i Russland, når dei tjener like bra i Russland og i russiske bedrifter? Russland er i sterk vekst. Eg er veldig spent på korleis det er om ti år, om tjue år.
Nissar over alt i Ivalo.
Frå Ivalo tok det omtrent 5 timar til Rovaniemi, hovudstaden i Lappland og ein av Finlands viktigaste byar med 36 000 innbyggarar, og no skal eg ut å sjekke den ut. Ein ting er uansett sikkert, her sel dei julenissekort over alt!! Men ei dame eg traff på turistkontoret i Kirkenes sa at nissen kunne vere farlig, ho hadde faktisk havna i slosskamp med den då ho var her ein gong. Eg skal prøve å unngå det siste.