Gå til hovedinnhold

India - Medak

holdt på å rygge/ køyre over/ smadre ein gul hund/ ei gul tispe med stort hengejur/ store hengepuppar trass bjelleklang-ryggelyd/ jingle bell-ryggelyd


det viser seg å vere fem ekstra journalsitar/ der er tre frå før, alle menn i strøkne skjorter som blir informert av sonny om meg og kva eg driv med, det blir sendt rundt ei sprite-flaske med vatn som alle drikk av/ vatn frå ein tank på kjøkkenet, og på golvet står eit fat med to typar kjeks/ eit blekkfat med småkaker. vi får chaite av blekkrus/ den er altfor søt for min smak, og eg fortel at i Norge kan det bli mange titals minusgrader i nord/ ein kan rekne med å tjene over 300 000 kroner på eit år

har egentlig vore bissi med alle intrykk/ fekk total skrivesperre, men no skriver eg litt/ er delvis kvitt skrivesperra. det er heilt utrulig fasinerande å vere her nede/ eg storkosar meg/ India er ikkje så vanvittig som eg trudde/ opplever ingen terrorangrep/ politiet vil ha kopi av passet mitt/ terrorkontroll på kinoen. varmt og godt er det/ eg blir kokt/ har skifta farge/ får ikkje puste/ blir brun, og kjekke folk/ viser fram huset sitt/ gir meg mat/ tar meg med på Bollywood-film, og maten er fantastisk/ superhot/ heimelaga kvar dag, eksosen altomfattande/ støvet over alt inni og utanpå/ eg nys.

synest det er ein opplevelse å vere her/ masse inntrykk/ overveldande/ får Norge til å sjå ut som eit kjedelig klatteland/ får Norge til å sjå ut som luksusland/ får meg til å tenke at eg har mange penger/ at eg er rik/ at mange her er fattige/ er det virkelig mulig at det finst så mange menneske som det faktisk gjer i India/ korleis klarer bøfflar å leve i tørkesesongen/ kleda her er så utrulig fine/ fargerike/ eg blir prøvd gifta bort/ eg bør ikkje vere single/ seier det er bad luck at eg ikkje er gift/ eg svarer nei på spørsmålet: pleier du å banke opp broren din?/ her er vold mot kvinner ein del av slik samfunnet "slik samfunnet er"/ ein mann kutta halsen over på ei kvinne som sa nei til hans tilnærmingar/ kasta syre på kvinne som sa nei til hans tilnærmingar/ politiet drap dei tre syrekastarane/ kjærestepar tok gift fordi dei ikkje fekk gifte seg/ ektepar kutta strupane sine i ei kirke/ hus jevna med jorda for å gi plass til valgkampmøte/ incredible India

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...