5. feb. 2009

Feminist!

Generell synsing utan praktiske eksempel kan foregå slik:

Eg lurer på om det i heile tatt går an å kalle seg feminist lenger, all den tid fleire av feminismens spaltesoldatar/ og argumenterande kontorintellektuelle baserer seg mest på å gjengi enkel grunnfagsteori i kjønn frå Blindern.

Kvifor seier eg dette? Eg les Fett og synest det er eit supert tidsskrift og eg kjenner mange bra feministar, men av og til vert eg såå lei av teoriveldet. Då får eg lyst til å skaffe meg ein praktisk feminist og hive teoriterroristane på dynga. Småkk!