Gå til hovedinnhold

Siv Jensen er reaksjonær og kunnskapslaus - trur ho virkelig på det ho seier sjølv? Meiner ho at politiske utspel skal vere på vitsenivå?

Siv Jensen er reaksjonær. Av og til må eg nesten le av kva ho faktisk kan finne på å sei. Meiner ho det ho seier? Det er jo beint fram nede på vitsenivå, og i tillegg sagt med ein så bestemt og bastant tone at ein skulle tru det var faktiske tilstander ein snakka om. Eg skratter i skjegget. Siv Jensen raser blant anna mot at damer 8. mars går i tog under parolen Norge ut av Afghanistan. Har ho ikkje fått med seg alle dei andre parolene, eller kan ho kanskje ikkje lese? Jensen legger opp til eit debattnivå der det ser ut til å vere eit krav å vere dum for å delta, eventuelt kunnskapslaus i grotesk grad.

Dette med snikislamisering av Norge... Til og med imamen i Rosengård i Malmø sa at Jensen neppe hadde vore i Rosengård, då hadde ho aldri brukt denne bydelen som eit eksempel på islamiseringa ho prediekrer at foregår.

Eg lo og rista på hovudet, er ho spinn vill? lurte vi på, men så er det jo eit snev av alvor oppi dette her: Trur folk på det ho seier? Er folk virkelig så kunnskapslause at dei trur på Siv Jensen? Det er i såfall ille om ho utnyttar dette kunnskapsholet til å spre skremselspropaganda og misforståingar.

Siv Jensen er ein reaksjonær politiker som spelar på folks frykt og vankunne. Det er ein grunn til at blant anna dei fleste journalistar stemmer til venstre politisk. Norsk høgreside er beint fram i ferd med å bli til ei forrykande oppvisning i det glade vanvidd kva utspel angår. Frp er i ferd med å bli noko vi med rette kan frykte, av mange årsaker.

Ein ting er galskapen dei står for, ein an ting er at dei faktisk har så stor oppslutning at ein kan risikere at dei ein dag får makt. Denne dagen er det mange som fryktar. Lat alle gode krefter samle seg så dette ikkje skjer.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...