3. mar. 2009

Ubrukelige mannfolk og sjekking

Dette er ein litt interessant ting. Her om dagen var det ein type som prøvde å sjekke meg opp. Eg var ikkje, har aldri vore og kjem aldri til å bli interessert. Det er opp og avklart.

Greia er berre den, at denne gubben då med ein gong begynte å lekse opp for meg om kvinner som utnytter menn som selskap, for så å stikke av med ein eller anna slask som kjæreste. Det var ganske tydelig at han meinte eg hadde utnytta han som kaffedrikkande selskap utan å ville noko meir.

Eg har aldri før møtt nokon som flaggar standpunkt alla "du flaggar ektepakt når du løftar kaffekoppen", men han la da tydeligvis meir i vår sosiale omgang enn det eg gjorde. Han fekk det da uansett til å høyrest ut som om det var eg som hadde utnytta han. Sanninga var vel heller at eg tenkte vennskap, medan han tenkte kjæresteri. Han overtolka, det begynte eg jo å merke, og sjølv om eg flagga no way-argumentet ganske høgt etterkvart, hadde han eit sterkt behov for å fortelle om alle desse stakkars mennene som går på kvinnenes gras, for så å bli lurt når ein bad guy kjem forbi.

Med andre ord. Det denne gubben sa, var at vi damer held oss eit heilt pool av mannlige venner som vi berre brukar som kameratar, eller selskapsdyr, men som ikkje er gode nok for seksuell omgang.

Eit anna argument eg har hørt frå ein type ein gong var at det var min feil at han hadde trudd at han hadde sjans. Det var visstnok eg som hadde prøvd meg på han og ikkje omvendt. Sjølv om eg faktisk hadde gitt klar beskjed om null interesse frå mi side, og at det aldri hadde vore så mykje som eit kyss inn i bildet.

Eit tredje er typen som blir jævlig forbanna og legger deg for hat dersom du ikkje er interessert. Det har eg opplevd ein gong, og dette representerer menn som ikkje respekterer kvinner, og som heller ikkje ser ut til å ha sjølvrespekt.

Alle desse tre argumenta er til å rygge av. Det er faktisk litt skremmande kor mange stokk konservative menn som finst der ute, som ikkje ser ut til å ha forstått at kvinner agerer fritt og med eigen vilje ute i verda, og at vi shopper menn som det passer oss, anten det er som venner eller kjærester.

Dersom det å vere kompis med ein fyr skal oppfattast som utnyttelse av hans tid, eller det å vere grei blir oppfatta som eit signal om at ein vil hoppe til sengs, kan ein jo ikkje ha venner av anna kjønn. Ein må også kunne forvente at folk tar eit nei for eit nei.

På tampen vil eg tilføye at dette er tre enkeltsaker. Dei aller fleste menn eg har møtt i mitt liv, kompiser og bekjente og kjærester, har vore fine folk.