9. apr. 2009

Klimatilpasning lokalt

Skal ein kunne møte klimaendringane, må ein møte dei lokalt. Dette er svært interessant. Blant anna kan ein ta vare på lokalt tilpassa artar av husdyr og plantar for å sikre tilgang til mat lokalt. Her er eit eksempel frå Nepal. Men klimaproblematikken er ikkje tatt inn i utviklingsspørsmål, iallefall ikkje til fulle.

Det er slik det ser ut til å vere: politikken og dens virkemiddel ligg alltid langt etter, og i FNs klimapanel skjer ei politisering av vitenskapen i skjeringspunktet mellom byråkratar og vitenskapsfolk. Dette er ei hasardiøs utfordring. Korleis få til ein god klimapolitikk? Eg driv og lagar ei liste over tiltak eg meiner norsk landbruk må ta innover seg, men den er ikkje offisiell per dags dato. Den som venter, får kanskje sjå den. I mellomtida kan du sjå ein video om klimaendringane.