20. apr. 2009

Transgene melkekyr


Transgene melkekyr er vegen å gå, skal vi tru India 2020 - Visions for food, agriculture and processing. Transgene melkekyr og innkryssing av høgproduktive dyr ved bruk av kunstig inseminasjon skal gjere verdas største melkeproduserande stat, India, enda meir melkeproduserande. Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk viser stadig, eller heile tida, til India i sine taler. Eg vil anbefale han å lese denne boka. Medan Brekk er mot genmodifiserte organismar, er India veldig pro, og medan Norge vil produsere for eige marked, vil India gjerne eksportere. Den auka produksjonen av melk i verdensklasse, som India omtaler i sine visjoner, er ikkje meint for Indias fattige.

Treng dei melk i verdensklasse? Den er vel helst mynta på den stadig meir konsumerande og kjøtetande indiske middelklassen, samt for eksport til nære naboland, der det er marked for oss, som det heiter. Eg trur Brekk må sette på fasinasjonshandBrekk(a) si og skru på den India- kritiske sansen sin.

Vi snakkes på folkemøte i Bergen imorra;)