Den einaste saka som er interessant å følge i dei store trashmediene er sakene om Ari Behn. Mannen har blitt eit fritt vilt for dei konforme trashmediene som anser mannen som eit sært utskot. Kor straite er dei egentlig i Akersgata/ Havnelageret? Dette spørsmålet er ofte stilt. Svært streite, ser svaret ut til å vere. Dei maktar til og med lage ei sak på at nordmenn har sex i bilen. For ein overraskelse, dere. Perverse landsmenn rider igjen. Akersgata og Havnelageret har kun sex i ektesenga, og kun i misjonær.
No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske. Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...