Gå til hovedinnhold

Sexy bitch i KrF

Denne kommentaren stod på trykk som Dagboka-spalte i Klassekampen 22.mars 2010.


Lørdag morgon logga eg meg på Twitter. Der fekk eg servert ein link til VGs framside. Saka «KrF-topp poserer i undertøy. VIL VÆRE SEXY for å provosere», stod ved sida av saka «Kraniet sprakk etter takras». Dette må vere ein spøk, tenkte eg. Mannen bak linken er god på photoshop. Men det var ingen spøk. Inger Lise Hansen, nestleiar i KrF, dekka heile VG-framsida iført svart minikjole.


What the fuck? tenkte eg. Trur ho virkelig at ho provoserer i eit antrekk som dette? No begynner eg å lure på dømmekrafta hennar. Greit nok at dama er kontroversiell og modig, all respekt. Eg har digga Hansen frå månen og tilbake, men no vart eg skikkelig skuffa. Og det var ikkje fordi ho stod fram i minikjole og ei lita utringing, for vi har vel alle gått med større. Årsaka var at Hansen sa at ho «kler seg sexy for å provosere». Eg som hadde inntrykk av at Hansen var ein politisk leiar anno 2010, fekk brått mitt inntrykk snudd på hovudet. Provosere? I svart minikjole?



Det var for tretti år sidan, Hansen. Du provoserer ikkje idag. Du er vakker, Hansen, ingen tvil om det, og desse bileta kan du trygt klistre utover alle aviser i heile landet, men ikkje fortel oss at du kler deg sexy for å provosere. Den må du lenger ut på landet med, eventuelt inn i KrFs indre kretser. Kanskje provoserer du enkelte av dei aller eldste og mest forgubba typane i eige parti, men for mange utanfor KrF framstår påstandane slik dei er framsett i VG som komiske. Iallefall for mange av oss som er på din eigen alder. Sitatet kan kanskje passe i ein setting i ein motereportasje i Det Nye, eg har ikkje lese den, men når det kjem ut i VG på denne måten, blir det rart. Det framstår harry. Overskrifta kunne ha vore: «Kler seg vanlig for å provosere kristelig gubbeparti».


Min første reaksjon var Kristelig Harryparti med Harry-Hansen i spissen, men eg har tenkt meg om. Hansen kom kanskje dårlig ut av dette, men det var vel meir VG sin feil enn Hansen. Saka fortel oss uansett mykje om KrF. Det er, som Hansen sjølv har påpeikt, på høg tid med ei fornying dersom det virkelig er slik at ein nestleiar provoserer med å kle seg slik som andre på eigen alder. Utspelet osar av gubbekultur. Inntrykket av KrF som eit gubbeparti vart forsterka av saka i VG. Ein kan ikkje anna enn ønske Hansen lykke til i fornyingsprosessen. Stå på, sexy bitch. Du har mange fans. Spank.


Les også Elin Ørjasæters kommentar, Sexy taper.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...