24. nov. 2010

Knuser Thomas Moens bloggplakat grundig i dagens bloggpost hos Dagsavisen.

Moen er ein kommersiell aktør i bloggsfæren. No samarbeider han med IKT Norge for ein ny bloggplakat.
Moen har fortsatt ikkje forstått at ein ikkje kan lage ein plakat som skal gjelde for alle bloggarar og han verkar fullstendig oversjå at der finst to sfærar av bloggarar. Dei kommersielle og dei ikkje-kommersielle. Likevel skal han tre den same plakaten ned over oss alle.

Å sette opp like reglar for samfunnsbloggarar og kommersielle bloggarar, er ei form for kulturimperialisme.

Om vi sjekkar ut Bootstrap Marketing si nettside kan vi lese at Thomas Moen lever av å snakke, utvikle og lære mennesker om sosiale medier. Han tjener penger på å fronte kommersielle bloggarar:

«Jeg representerer følgende bloggere fra og med i dag: (liste over bloggar). Sammen med disse kommer jeg til å jobbe aktivt med å bygge opp merkenavnet deres samt å skape oppmerksomhet rundt dem og kjøre kampanjer og skaffe dem inntekter i forbindelse med bloggen.»

 
Les mitt innlegg hos Dagsavisen.