31. des. 2012

Det blir servert dårleg etikk på mange festbord rundt jul og nyttår

Når ein veit korleis produksjonen går føre seg, er det vanskeleg å forstå korleis kalkun kan kallast festmat. Bryr folk seg eigentleg?

Kronikken er trykt i Bergens Tidende.


* Folk veit nok om fjørfehald til å vite kva dei serverer når dei serverer kalkun. Å servere kalkun, er å bevisst nytte eit produkt ein veit har sitt utspring i betenkelege produksjonforhold.
* Ein skulle legge litt energi i å servere gjestane sine festmat. Det er trass alt berre jul og nyttår ein gong i året. Spander på gjestene dine skikkelig mat neste gong. Det er dårleg stil å servere gjestane halt mat frå dyr med dårleg helse



Hos mange står kalkun på festmenyen.

På sine nettsider skriv Nortura dette: «- fra råvarer til merkevarer. Norges ledende aktør innen kjøtt og egg. Vi leverer landets fremste merkevarer. Nortura er en garantist for at forbrukeren får et mangfold av kvalitetsprodukter med likeverdige tilbud i hele landet».

Merk deg «landets fremste merkevare». Slagord og biletbruk er heftig nytta for å skape historier om produkta dei ønskjer å selgje deg, men slagorda i marknadsføringa av norske fjørfe kunne vel knapt vore lengre frå røynda.

Det folk vil ha: Landbruksminister Lars Peder Brekk (Sp) sa på eit møte i Småbrukarlaget tidleg i november, at det er avgjerande for landbruket å levere det forbrukarane vil ha: «Vi er heilt avhengig av å ha eit godt forhold til forbrukarane. Forbrukarane vil ikkje finne seg i at vi politikarar skal bestemme kva folk skal ha på tallerkenen», sa Brekk til landsmøteutsendingane. (Nationen 5. november 2011). Brekk snakka vidare om at legitimiteten til bøndene avheng av at ein leverer det forbrukarane etterspør.

Spørsmål: Vil norsk fjørfe behalde sin legitimitet om forbrukarane visste meir om korleis produksjonen går føre seg? Er fjørfeproduksjonen slik den går føre seg i dag, det forbrukarane vil ha?

Fakta: Fjørfe i Norge er ikkje friske dyr som ville sprunge rundt på tunet med kyllingar om dei fekk lov. Det er dyr som er avla opp for eit liv på betong.

Kalkunar: greier ikkje pare seg naturleg fordi dei er for feite. I naturen utan evne til formeiring, og med store, unaturlege kroppar, ville dei effektivt utrydda seg sjølv. Grunna overvekt slit dei med hofteleddsproblem. Det er difor kalkunar i fangenskap verkar svært rolege. Dei har for vondt til å røre seg.
«Kalkunar sliter med halthet og sirkulasjonsforstyrrelser. Helseproblemene skyldes den hurtige veksten, som nesten er fordoblet i løpet av de siste 25 år. Verken hjerte-/karsystemet eller skjelett- og seneapparatet utvikles proporsjonalt med kroppsstørrelse og -tyngde. Ein periode på 1990-tallet oppsto omfattende problemer med at kalkunenes hud revnet på grunn av forets sammensetning. Det benyttes kunstig inseminasjon, da fuglene ikke er i stand til å pare seg naturlig». (Kilde St.meld. nr. 12 (2002-2003) Om dyrehold og dyrevelferd).

Spørsmål: Korleis kan ein kalle kalkun produsert på denne måten for festmat?
Reklamen: «Prior har produkter av kylling, kalkun og egg. Med den nye visjonen ‘Gjør livet lysere’ tilbyr vi deg sunn og trygg mat som vil gi forbrukerne gode matopplevelser, og være tilpasset den moderne forbruker. Prior skal gjøre livet enda lysere på alle norske fest- og kjøkkenbord». (Prior, www.nortura.no)

Industrielle verpehøns. Verpehøns kan ikkje lenger ruge. Rugeeigenskapen er bortavla fordi høner som ruger, tar ein verpepause, ergo må eigenskapen bort. Å ta verpepause er uøkonomisk i ein industri der eitt egg skal leggast kvar dag, året rundt. Hønene sit fjørlause i bur, eller oppvarma hallar, ingen av alternativa særleg hensiktsmessige med tanke på dyrevelferd.

Om dyrevelferd skriv Nortura: «gjennom mange år har (det) vært stort fokus på dyrehelse i Norge. Både gjennom avlsarbeid og annet forskningsarbeid, samt aktiv deltagelse og ønske om forbedring ute hos produsentene.»

Broilerkyllingar: toler ikkje fri mattilgang, evne til matregulering er øydelagd gjennom avl. Ein har avla fram dyr som berre toler å ete førti prosent av det dei hadde sett til livs om dei fekk fri tilgang til mat. Grunna matrestriksjonane går dei konstant svoltne. Det er desse kyllingane som skal, ifølge Prior, «lyse opp» ditt middagsbord.

Etterlysing: bevisste forbrukarar. Men ein høyrer sjeldan frå forbrukarane. Forteljingane om norsk fjørfeproduksjon si fortreffelegheit er vel det nærmaste ein kjem indoktrinering. Der finst ulike forklaringar: Forbrukarane føler seg makteslause, dei trur på historiene om fjørfenæringa eller dei bryr seg ikkje.
Eventuelt manglar dei informasjon. Det er så vasstette skott mellom næringar og forbrukar at ein nesten må vere dyrlege for å få innsikt i kva som går føre seg.

Problem: Det er vanskeleg for forbrukar å stille krav når forbrukar ikkje får tilgang til informasjon om kva som skjer i næringane.

Fakta: Prognosene for 2011 viser at cirka halvparten av kraftfôret vi nyttar i Norge i år, vil vere importert. Totalt 900. 000 tonn. (Kilde: SLF og NILF). Norge beslaglegg 2,5 millionar dekar mark utanfor Noregs grenser for produksjon av kraftfôr. Kraftfôrproduksjonen er driven av, og prisane haldne nede, ved bruk av sosial dumping.


Fjørfenæringa baserer seg eine og aleine på kraftfôr som mat. Kvitt kjøt som kjem frå kraftfôretande fjørfe er ikkje betre for helsa di enn raudt. Det er kvitt kjøt frå fjørfe på naturleg grasdiett som er helsefremjande, men dette forskingsfunnet er for mange ein godt bevart hemmelegheit. Kanskje ikkje utan grunn all den tid eit krav om grasbasert fjørfeproduksjon ville slå beina under næringa slik den er i dag.
I den framlagde landbruksmeldinga ser det ut til at fjørfenæringa vil halde fram som den stevnar. Sidan forbrukaren etterspør fjørfe, vil det bli det dei får. Under dekke av at utgiftene må haldast nede, vil produksjonsforholda forbli som dei er.

Etterpå vil forbrukaren få skulda. Fjørfenæringa produserer trass alt berre det folk vil ha. Metodane dei brukar, eller etikken, er i følge næringa gode nok. Men vi er etter kvart ganske mange som ikkje ønskjer å ete søppelkjøt frå sjuke dyr på nyttårsafta.

Spørsmålet eg stiller meg er dette: Kan norske industrikalkunar kallast for festmat? Eg hadde aldri servert slik mat til eit festmåltid.

Og så til forbruker, eit lite piskeslag:

Mange er opptekne av hunden sin. Den skal ha det bra. Men dei er ikkje så opptekne av at dyra dei et ved høgtidene skal ha hatt eit godt liv. Dette har sitt utspring i anten ignorans eller kompetanseløyse. Eit av to. Der finst få andre forklaringar, og ingen av dei stiller konsumenten i eit godt lys. Folk veit nok om fjørfehald til å vite kva dei serverer når dei serverer kalkun. Å servere kalkun, er å bevisst nytte eit produkt ein veit har sitt utspring i betenkelege produksjonforhold.

Ein skulle legge litt energi i å servere gjestane sine festmat. Det er trass alt berre jul og nyttår ein gong i året. Spander på gjestene dine skikkelig mat neste gong. Det er dårleg stil å servere gjestane halt mat frå dyr med dårleg helse;) Billeg er det også. Altfor billeg til å matche eit festbord.

Tenk på dyrevelferd i 2013. Velg bort fjørfe. Einaste kalkun som kan anbefalast med tanke på dyrevelferd, er meg bekjent Homlagarden.

Fakta Kalkun

Kalkunar for kjøttproduksjon vert importerte som daggamle foreldredyr frå Storbritannia. Desse legg rugeegg som i andre generasjon blir slaktekalkunar.

Kalkunar vert produserte anten som porsjonskalkun (julekalkun) eller foredlingskalkun som vert skorne ned og gir opphav til ulike kjøtprodukt (kalkunfilet, pålegg, pølser etc.)
kilde: dyrevelferd.no