Gratulerer med dagen og takk for invitasjonen! Det er ei ære. Det er flott å tale her i Bygstad, under Storehestens massive veggar. Du kan lese heile talen i denne bloggposten, eller sjå den på videoen under. Videoen tar 20 minutt . Anne Viken taler 17.mai 2013 i Bygstad from anne viken on Vimeo . Når vi ser rundt oss, er det ikkje så grønt som vi skulle ønska det var i mai, men sjølv om bøane ligg gule og brune etter ein kald vinter finst der liv innimellom. Når ein ser utover bøane vil vi finne eit og anna grønt strå. Det er nesten som å sjå Sogn og Fjordane frå lufta. Ein ser for det meste natur, fjell og fjordar, men ser ein nøye etter oppdagar ein folka som bur her, langt inne mellom fjordar og under bratte fjellveggar. Her har vi klamra oss fast i uminnelege tider. På Kleppe, foto John Ole Kleppe Heilt frå steinalderen, då kysten var skogkledd og folk budde i steinholer, gjennom tida som del av Holmedal prestegjeld, seinare Indre Holmedal, til vi i...