Gå til hovedinnhold

Innlegg

Næringsliv i Sogn og Fjordane: finansier Førsund sin film!

Grattis. MEN ho treng langt meir penger. Om det blir realitet: dette gleder eg meg faktisk skikkelig til. På tide med litt store greier frå fjordane. Dersom næringslivet maktar å løfte denne filmen, og den ikkje berre koker ned til ei fillegreie dei utilstrekkelige og kulturkompetanseblakke lokalmediene serverer pressemeldingsbasert småpjatt om i ny og ne, kan dette bli staselig. Resten av næringslivet må henge seg på. Markedsføringsstunt for fjordfylket og masse morro i tillegg. Pose OG sekk, dere. Tenk det. Hei næringslivet og lokalpolitikere og anna godfolk blant fjordane! Skal vi vere litt konstruktive? Kossen kan ein bruke denne filmen? Kva slags positve tankar kan vi trekke fram om dette prosjektet? Skal vi mane til næringslivsfinansiert storfilm? I fall ville det vere ganske så fantastisk om sogn og fjordane makta det, og det ville vere eit eineståande markedsføringstriks. Så korleis skaffe nok penger??

FØL FRYKT, KAMERATER!

siterer Torbjørn Røe Isaksen i dagens blabla: "Norsk samfunnsdebatt vil også i nær fremtid domineres av venstresiden, men venstrekonsensusen slår sprekker. Debatten beveger seg. Nye stemmer kommer til. Som de sier i filmen The Fly fra 1986: Be afraid, be very afraid. Kompiskampen must go on!

Det måtte ein vestlending til..

for å heilt enkelt fortelle oss litt om kompiskampen. Bravo, Hilde Sandvik! Men kompiskamp-ordet er min patent. Beste ordpatent so fare idag. and the story continues: Samfunnsdebatten i Sogn og Fjordane skrik etter analyse og kompetanse medan lokalavisene overlet dei viktigaste nyhendene til BT og riksavisene skreiv eg i fjor sommar og debatten om lokalmediene raste i fleire veker. I år stille eg det same spørsmålet. Denne gongen spør eg riksmediene. Sommarens store agurk, kulturkampen er over oss og det er tid for å repetere grunnfagspensum i evolusjonsteori og sosiologi. Vi treng visstnok meir kjennskap til moderne evolusjonsteori, meiner Aslak Nore, men eg trur ikkje det er evolusjonsteori dette dreier seg om. Det dreier seg om medier i fritt fall. bip bip melder om intern uenighet i leiren. Funny funny

Kulturkampen fortsetter

Den eine halvkveda visa slår den andre ihjel, gammel kunnskap mikses på ny og hamres ut, tankane stoppar opp og vi går alle i ring. Det er iallefall veldig lett å peike på kven det er som ikkje kjem til å bringe verda eit steg vidare, og som ikkje kjem opp med ein einaste ny tanke. Men i andedam, stasjon Oslo, treng ein ikkje tenke nytt for å taste hardt. Her er det nok å ha lyst til å blafre litt med bjellene i spaltane. I andedam Oslo går vi alle på repeat, og hei kor det går. Det smartaste eg har lese idag er dette sitatet frå Jørgen Lorentzen og Wenche Mühleisen i Aftenposten: "det er ingen motsetning mellom evolusjonsteorien og humanistisk eller samfunnsvitenskapelig forskning på kjønn. Spørsmålet er grensene for de biologiske forklaringene i forhold til kvinner og menns intellekt, emosjonalitet og atferd." Men igjen: dette er svææært gammelt nytt. Kva blir det neste som presenteres i spaltane? At jorda er rund? Wiki om kulturkamp.

Sosialisme - eit romantisk alternativ for eliter

Sosialisme er fortsatt et romantisk alternativ for eliter, men i virkelig politikk er den plassert i periferien i land etter land, mens partier som plasserer seg i sentrum, og litt til høyre for sentrum, gjør det godt, skriver Torkel Brekke , og det ser ut som om sommarens store dueller skal gå hardt ut mot venstresida. Men dette argumentet er da vitterlig steingammalt? Vi har hørt det før, igjen og igjen. Når skal vi få ein ny argumentasjon mot sosialismen, heller enn den vi har blitt spent fulle av i fleire tiår allerede? Høgresida blir visst aldri lei av å gjenta seg sjølv.