Gå til hovedinnhold

Innlegg

Mitt innlegg frå debatten med Georg Arnestad gjengis her i si heilheit

1 Eg var på fest i Bygstad i jula. Då var det ein kar som sa til meg at han var redd for å ha meg på besøk all den tid han hadde fleire bunader og feler ståande framme. Det var ein spøk frå hans side, men sidan eg ikkje har på meg skotsikker vest i dag, skal eg forklare eit enkelt ord: metafor. Ein metafor er eit språklig bilde for noko anna, og «Brenn bunadene» er eit språkleg bilete for at vi treng eit nytt bilde av Sogn og Fjordane. Metaforar er barneskulepensum, men eg kjenner til barneskulelærarar som seriøst trudde at eg ville sette fyr på bunader og sluttar meg herved til kritikken av nivået på norske lærarar. Eg kjem vidare i dette innlegget til å bruke ein anna metafor: nemlig «bunadseliten». Bunadseliten er eit språkleg bilete for låg takhøgde og allergi mot nye tankar. 2 No har eg ikkje kome hit for å bedrive eit reinspikka raid mot bunadseliten, men eg vil likevel nevne buandsdebatten med eit par alvorsord all den tid den debatten for evig tid har brent seg inn i mitt bilet...

Gaular kommune, ei reise tilbake til steinalderen

Her er vakkert, og dei skryter av sin fiiiiine natur. Jada, vi er ikkje blinde, vi ser at det er pent her. Som aktivitet anbefaler Gaular kommune: smi di eiga steinøks! Vi er nemlig eit steinaldersamfunn. Internett er vi ikkje så glade i her, så du må klare deg utan, skjønar du. Vi maktar heller ikkje å få folk til å jobbe for oss. Telenor driver dank og mekker linjer ingen veit om, så smi deg ei steinøks mens du venter. Etter steinalderen kjem som kjent bronse og jernalder, så vi har ei stund igjen. Mellomalderen blir langt og mørk, og så kjem vi vel snart til industrialisert tid og år 2010. Men det tek tid, gitt. Kjære Gaular kommune. De er ubrukelige. Skjerpings, Senterparti-tullingar og andre bygdekarrikaturar, no må de snart begynne å levere kvalitet her. Steinøkshakking på kveldstid er ikkje noko morro i lengda. No seier Telenor at her finst internett. Det har det visst gjort ei stund. Dei hadde berre rota så masse med papira sine, og systema sine, og linjene sine, at dei var i...

Imagedebatt: ønska eller helst uønska

Eg var på fest i Bygstad i jula. Då var det ein kar som sa til meg at han var redd for å ha meg på besøk all den tid han hadde fleire bunader og feler ståande framme. Det var ein spøk frå hans side, men sidan eg ikkje har på meg skotsikker vest i dag, skal eg forklare eit enkelt ord: metafor. Ein metafor er eit språklig bilde for noko anna, og « Brenn bunadene » er eit språkleg bilete for at vi treng eit nytt bilde av Sogn og Fjordane. Metaforar er barneskulepensum, men eg kjenner til barneskulelærarar som seriøst trudde at eg ville sette fyr på bunader og sluttar meg herved til kritikken av nivået på norske lærarar. No har eg ikkje kome hit for å bedrive eit reinspikka raid mot bunadseliten (ein metafor/ språkleg bilete for låg takhøgde), men eg vil likevel nevne buandsdebatten med eit par alvorsord all den tid den debatten for evig tid har brent seg inn i mitt bilete av mitt heimfylke Sogn og Fjordane. Mitt engasjement er og var eit personlig engasjement basert på ei interesse for So...

Er den nye lov om dyrevelferd så fin som den høyrest ut til?

I « Lov om dyrevelferd » som trådte i kraft 1. januar får norske husdyr eit sterkare vern. Dette er bra og nødvendig. Likevel klarer eg ikkje å vere like begeistra som landbruks- og matminister Lars Peder Brekk (Sp) gjerne vil ha meg til å vere, og det er paragraf tre eg heng meg opp i. Her står det nemlig at dyr har eigenverdi : «Dyr har egenverdi uavhengig av den nytteverdien de måtte ha for mennesker. Dyr skal behandles godt og beskyttes mot fare for unødige påkjenninger og belastninger». Sjølv om den nok er godt meint, framstår paragrafens bruk av ordet eigenverdi på grensa til pervers. Årsak: eg har sett bak for mange norske låvedører og bak dørene på for mange norske slakteri. Desse dyras liv vil neppe endre seg ved å putte eit vakkert ord inn i ein lovtekst all den tid det i stor grad er uendra forskrifter som detaljregulerer. Eigenverdi vil difor frå 1.januar 2010 bety fjørlause, halte kyllingar med knekte venger stabla tett i tett i plastkassar før dei vert gassa i...

Eit gufs frå fortida

Det som eg meiner er eit problem, bortsett frå det som står i kronikken , er at det ser ut for meg til at politikarane ikkje er i synk med dei som er nyutdanna. Dvs dei følger ikkje med, er dei for gamle,spør eg meg av og til. Er dei i kontakt med unge, veit dei kva som foregår, er dei klar over at problemet faktisk er at mange vil flytte hit, men at dei ikkje finn seg jobbar??? Eg lurer. Når Aps Ingrid Heggø presterte på NRK igår å sei at "unge må vite kva arbeidsplassar som finst, slik at dei kan utdanne seg til det vi treng her i fylket", så er det eit gufs frå fortida. Sorry men slik tenker ikkje folk i stor grad lenger. Det Heggø insinuerar er at "vi må utdanne oss til det dei treng oss til". Ho grip dermed problemet i feil ende. Fakta er dette: "DE må tilby OSS jobbar Vi vil ha, eller innsjå at vi stikker." Vi er bortskjemte, mobile, vi kan flytte oss. Det hjelp ikkje å tilby småpenger for varige endringer. For nedbetaling av studielån er virkelig sm...

Er Sogn og Fjordane eit helvete på jord?

Bergens Tidende prøver seg idag med eit drapsforsøk på underteikna, ved å sette på ein ny og vakker tittel: Er Sogn og Fjordane eit helvete på jord? Tittelen er heilt vanvittig tabloid, og underteikna fekk eit lettare sjokk då eg såg den idag, for fem minutt sidan, på nettsida til BT, men etter å ha sjekka responsen på kronikk og tittel online, er det visst greit. Den tittelen slår hardt frå seg, men funker seier folk. Eg skjønar heretter at eg har litt å strekke meg etter når det gjeld å sette titlar på mine kronikkar. Dagens tittel er tidenes villaste, men alright. Den blir hard å slå, men eg skal alltis forsøke framover. Les kronikken her. Kronikken har ei rekke gode poeng som er verdt å ta med seg, så den bør lesast og takast på alvor. Les også Sparebankens respons på kronikken. Klokka halv fem-fem er eg på NRK Sogn og Fjordane, radio, for å snakke om tematikken.

Debatt med Georg Arnestad og Anne Viken

Tid : 19:00 - 20:45 Arrangør : Samfunnviterne i Sogn og Fjordane Stad : Sogn og Fjordane Kunstmuseum , Førde, centrum i verdens finaste fylke. Etterpå: Pikant. Dette med takhøgde trur eg er eit viktig signal å sende ut når vi no vert konfrontert med at folk flyttar som piskar skinn frå Sogn og Fjordane. Distriktsnorge er "viden kjent" for å vere både bakpå og intolerant. Denne påstanden kan benektast, men å benekte andre sitt inntrykk av deg sjølv fungerer sjeldan i praksis. Ein må bevise, og eg trur fortsatt Sogn og Fjordane har ein del å bevise før det faktiske bildet av fylket trenger gjennom og utover fylkesgrensene. Rett nok prøver Arbeiderpartiet no å sette alle gode tiltak i revers ved å krisenedbetale studielåna våre om vi skulle v...