Gå til hovedinnhold

Imagedebatt: ønska eller helst uønska

Eg var på fest i Bygstad i jula. Då var det ein kar som sa til meg at han var redd for å ha meg på besøk all den tid han hadde fleire bunader og feler ståande framme. Det var ein spøk frå hans side, men sidan eg ikkje har på meg skotsikker vest i dag, skal eg forklare eit enkelt ord: metafor. Ein metafor er eit språklig bilde for noko anna, og «Brenn bunadene» er eit språkleg bilete for at vi treng eit nytt bilde av Sogn og Fjordane.

Metaforar er barneskulepensum, men eg kjenner til barneskulelærarar som seriøst trudde at eg ville sette fyr på bunader og sluttar meg herved til kritikken av nivået på norske lærarar.


No har eg ikkje kome hit for å bedrive eit reinspikka raid mot bunadseliten (ein metafor/ språkleg bilete for låg takhøgde), men eg vil likevel nevne buandsdebatten med eit par alvorsord all den tid den debatten for evig tid har brent seg inn i mitt bilete av mitt heimfylke Sogn og Fjordane. Mitt engasjement er og var eit personlig engasjement basert på ei interesse for Sogn og Fjordane. Det har uansett blitt tolka på svært mange måtar av publikum.

Debatten var ein delvis sjokkarta opplevelse for meg som den gongen ikkje var van med offentlig debatt. Den var ei oppvisning i trangsynt argumentasjon, i sneversyn og intoleranse, og eg opplevde den då som ei avkledning av kor ille det stod til i Sogn og Fjordane. Seinare har eg blitt kjent med ei rekke flinke folk i media, politikk og kultur som ikkje er av den same grumsete typen.

Du kan sei at lesarbrevet røyka ut bunadseliten. Og vi veit alle kva som skjer når troll ser sollys. Ut velta grums og drit frå djupet av fjordfylket.

I Oslo elska dei denne debatten. Vi kan jo lure på kvifor. Dei såg det som eit realt slag ute i bushen. Spørsmål: fordi dei såg det som eit oppgjer med den låge takhøgda dei alle har forlatt til fordel for byen? Eller opplevde dei den som eit oppgjer med det bildet av bygda som dei trur er sant?

Og har ting egentlig endra seg sidan bunadsdebatten i 2007? Eller er det like ille enda? Takler ein å diskutere biletet av Sogn og Fjordane, sånn egentlig, SÅNN EGENTLIG? Eg er faktisk ikkje heilt sikker.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...