Gå til hovedinnhold

Innlegg

Dyrlegekunst!

No er det altså slik at eg har motteke bestillingar på boka privat fordi folk vil ha med teikning. Og ja, det er fullt mulig å bestille boka via meg med teikning. Eg har, som de ser, funne ei nisje innanfor dyrlegekunsten!! Trykk på bileta så blir dei store. viken.anne att gmail.com

Sogn og Fjordane finst ikkje

mitt bidrag i den nye kulturavisa i Sogn og Fjordane, Kome til deg Tidende. Eg skjønner ingenting. Det er berre å tilstå. Åra i hovudstaden har øydelagt mi forståing av lokal kultur og lokaljournalistikk og gjort meg til ein arrogant betrevitar som heller les engelsk enn norsk, meiner motmakt er ein bad joke og elles tar meg til rette og meiner småskala landbruk er ein merkevarebløff. Les avisa på http://gettingtoyoutidende.wordpress.com/ eller les mitt innlegg.

Traktorkunstnar inntok Florø

Sidan eg ikkje greier tenke ut ei einaste helsing, utover god dag mann økseskapt og god helg, har eg slått meg på teikningar når bøker skal signerast. Eg er svært folkeleg, og har krasja med traktor minst to gonger, så traktor er ein disiplin innanfor kunsten som eg føler eg kan relatere meg til. Berre sjekk den stilen. Her bilete frå Kystdagane ved Kystmuseet i Florø 2.september 2012. Les meir om boka her. For ei landkrabbe som meg er dyr frå havet noko svært vanskelig å stappe inn i munnen, men det går.   Om du vil bli eit lykkelegare og heilare menneske kan du enkelt kjøpe denne boka.  For John Egil blir dette garantert eit vendepunkt.   Fiskekakesteiking i friluft er definitivt sunt for deg. Og under her: Hilde Buer som lagar tråd frå villsauull og eg som tvingar på folk bøker.  (Det er eg forresten ganske god på). Dette er eit miljø Elise-boka passer inn i. Torsdag skal eg lese på biblioteket på Sande kl 17. SommarL...

Wow! Eit øleldorado i Sunnfjord!

   55 ølsortar, derav 5 frå eige bryggeri! Og glimrande tapas! Ah, alle vi som liker skikkeleg øl har no fått ein pub i Sunnfjord som like gjerne kunne lagt på løkka i Oslo eller NY gitt inventar, utvalg, mat og øl. Hurra!   Rett ved ferjekaia i Dale sentrum.

Økologisk landbruk stadig meir industrialisert

Den svenske garden har to tusen storfe, mjølkerobotar i lange baner, mange store traktorar, svære areal, bruker mykje kraftfôr. Konvensjonell industri, tenker du. Du tar feil. Denne garden er økologisk.  Smak på det: to tusen storfe og økologisk . Det er kyr så langt auget rekk og endå lenger. Som professor Michael Carolan ved Colorado State University påpeiker i The Sociology of Food and Agriculture , har økologisk landbruk tatt opp i seg ei rekke trekk frå konvensjonelt landbruk og ført til ei konvensjonalisering av det økologiske landbruket. Økologisk industri er eit omgrep å lære seg. Les meir Det er ingenting ved økomerket som seier at produktet kjem frå eit system, ein produksjonsmåte, som ikkje er energiintensiv, storskala, eller som tar høgd for sosial urettferd, eksempelvis sosial dumping av arbeidskraft i framstillinga av kraftfôr.    Medan snittet for konvensjonelle bruk i Norge i 2007 var på 112 000 liter mjølkekvote, låg økobøndene på 12...

Tamme elgar som produserer ELGpapir, ELGolje og ELGmelk

I Jämtland lagar Sune Häggmark papir frå elgmøkk, ost frå elgmelk og lanolin frå elgpels. ­ Verdas dyraste ost! roper Sune Häggmark på svensk, stotrande engelsk og improvisert fransk. ­ Shit is money! Money, money, money! Jag älskar moose!   Fleire titals turistar, deriblant mange nordmenn, står tett i tett på tunet i Orrviken, ein kjapp køyretur sør for Østersund i svenske Jämtland. Her har Häggmark realisert sitt eige elgparadis med produksjon av papir frå elgmøkk, ost frå elgmjølk og lanolin av feittet i elgpelsen. Han er den entusiastiske gründeren bak turistverksemda Moosegarden, eller "elghagen" på norsk. Häggmark lever godt, svært godt etter at Moosegarden vart starta i 1997 som ein følge av to morlause kalvar som trong ein heim. Han gjer det klinkande klart for dei store flokken turistar at det er ei mengde pengar i elg. Moosegarden eksporterer elg til Polen, Tyskland og England. Inspirasjonen hentar han frå Russland. Ein tam elg kostar 35 0...

Vil du bli hemmelig agent?

Ligaen har alt fleire agentar og alle jobber undercover slik ekte agentar ofte gjer. Eg søker no etter fleire hemmelige agentar som kan hjelpe meg å selge boka om ELISE. Trykk på denne linken. Klikk så på det nederste vedlegget, print det ut, ta det med og legg det att ein stad eller tretten. Les bokomtale av Elise hos NRK. Kjøp boka hos Haugen Bok og få den rett i postkassen. PS med lita skrift: Den som legg ut flest ark, kan vinne ein svært hemmelig agentpremie om dei gir meg lyd på min superhemmelige epost. PS2: Du finn eposten i høgre marg.