1. sep. 2008

Ukritisk- atter ein gong i lokalmedia

Når ein stortingsrepresentant går frå tinget til ikkje ein gong å vere vara ved neste valg, er det kult om ein gjer meir enn å referere kilda.

"På eit medlemsmøte i lokallaget, først referert i NRK, fann ein ikkje rom til å ta med stortingsrepresentanten Ingrid Heggø frå Kyrkjebø, heller ikkje som listefyll."

Nei då er det nok berre det at ein heller vil ha ein representant frå Førde. Geografi betyr trass alt alfa og omega. Kva med EIT kritisk spørsmål? Denne saka er jo kun eit klassisk referat, men referat er jo ord på skjerm og om målet er ord på skjerm, er jo dette godt nok. Korvidt det er journalistikk, er ei heilt anna sak.