Gå til hovedinnhold

Litteratur på Blå

Tirsdag var det Litteratur på Blå med ja, nettopp, litteratur, vin og jodling. Forfattern var ein laidback dud frå Helsinki (Mikko Rimminen) som klarte å trekke det å skrive bøker ned på bakken: Kvifor vart starten på boka di som den blei? Tja, nei, ei bok trenger jo ein start.
Kvifor er det så mange som liker boka di? Nei, det aner eg virkelig ikkje.

Med andre ord ein stor, og deilig, kontrast til høgtsvevande karakterar som Hanne Ørstadvik der du omtrent må halde deg fast i ein stol for å ikkje havne oppe under taket når du lyttar til dei svært abstrakte tilnærmingane til litteraturen og det å skrive. Rimminen preika om å drikke øl og å henge i byen, og gjorde det å skrive til det der er, nemlig eit handverk.

Eg føler at dette spørsmålet er viktig, iallefall når ein skriver sjølv: "Planlegg du karakterane sine handlingar på førehand, slik at du veit kva du skal skrive når du set deg framfor tastane, eller kjem handlinga til deg der og då?" Rimminen svarte omtrent dette: "Det eg planlegg å skrive, funker ikkje. Karakterane mine gjer det dei vil uavhengig av kva eg hadde tenkt, og dei gjer heilt andre ting ofte enn det eg skulle ønske. For eksempel kunne eg godt tenke meg at karakterane i boka hadde ein jobb". Boka han snakkar om er Pussikaljaromaani. Den er oversett til svensk, men ikkje til norsk. Den er muligens på veg snart.


Her er omtalen av arrangemanget, henta frå Litteratur på Blå si heimeside:

Finsk litteratur (Øl, vennskap og terningspill), 11. november kl 19:
Mikko Rimminen (1975-) er en av Finlands mest anerkjente unge forfattere. Han har tidligere skrevet to diktsamlinger og romandebuterte med "Pussikaljaromaani" (2004). "Pussikaljaromaani" er oversatt til flere språk og har solgt nesten 20.000 eksemplarer i hjemlandet. På svensk har boken fått tittelen "Öl, vänskap och tärningsspel". Boken er en humoristisk skildring av tre øldrikkende dagdrivere som i løpet av et døgn i Helsinki møter mange rare folk og hendelser. Rimminen har også utgitt romanen "Pälkky" (2007). På Blå skal han lese fra sin første roman og blir intervjuet av dikter Endre Ruset. Tema for samtalen er Rimminens eget forfatterskap, finsk litteratur og den generelle galskapen som skal til for å holde et forfatterskap levende. Det blir musikk ved Polkabjørn, Norges mest særegne jodler og polkaartist, også kjent som "Der Jodelprinz Aus Skandinavien". Følg med på Litteratur på Blå sitt program framover. Masse bra. Sjekk også ut Tekstbehandlingsprogrammet på Radio Nova, Litteratur på Mono samt Litteraturhuset.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...