15. feb. 2009

Leik, løgn og sodomi

Dagens sitat er henta frå Dag og Tids intervju med Lars Ove Seljestad om hans nye bok Frægd.

Han seier: "Eg ryddar meg eit rom og gjer kva eg vil. Har nokon vanskar med det, er det ikkje mitt problem. Skal ein leggja seg opp til alle mogelege politisk korrekte prosjekt, får ein heller la vera å skriva. (...) Eg har rana meg eit fritt rom i eit gjennomkontrollert og gjennomdisiplinert samfunn. (...) Eg vil rikka ved førestellinga om at me er så moderne og frie og individualiserte."

Mine frie kommentarar til sitatet:

Tommelen opp - det er tidvis ganske trøttande å forhalde seg til alle dei politisk korrekte. Det er ei lita utfordring å halde seg vaken til tider ettersom kvart einaste argument frå motparten kunne ein ha forutsagt to år i forvegen. Takk og pris for alle som har noko friskt å kome med.

Men politisk korrekthet er eit vanskelig begrep. Det kan vere korrekt å meine noko som er heilt i strid med virkeligheten, berre fordi det er "korrekt" å meine dette. Nei, takke meg til litt sprelske utspel. Heia Ari Behn og co. Eg digger forresten prinsessenavna. Det er kult at nokon tørr vere så kontroversielle i vår strigla norske kvardag der korrekthet og enighet er ein dyd som får deg til å sovne på fest blant det som skal vere landets skarpaste hovud.