10. aug. 2009

Bloggen sliter litt teknisk til tider

Eg anbefaler alle som prøver å poste på bloggen, å ta ein kopi av innlegget FØR du postar det. Årsaka er at det er ikkje alltid at bloggen publiserer innlegga. Av og til blir innlegga borte når du trykker "post". Har sjølv mista eit innlegg i dag, og har forstått det slik at Anne Bitsch også har slite hardt med å poste her.

Difor: ta ein kopi av kommentaren din før du postar den, trykk post og prøv igjen seinare dersom det ikkje går å poste den første gongen. Det går som regel eit par minutt seinare. Dersom det ikkje funker, så prøv igjen litt seinare. Det skal gå til slutt. Om det blir heilt umulig, send det til meg på mail så kan eg legge det ut for deg.