Gå til hovedinnhold

Svar til Jan Erik M: ein må ut av skapet og slipe knivane

Jan Erik M skriver: "Jeg er for et likestilt samfunn, og derfor feminist. Om noen medfeminister bruker en retorikk en er uenig i, bør ikke det bety at en slutter å kalle seg feminist!" Dette er eit veldig godt poeng.

På same tid kan det bli ei belastning å bli identifisert under paraplyen til dogmatikere og intolerante lite sjølvrefleksive stemmer. Feminisme er eit belasta begrep, og det vert ikkje betre. Eg veit ikkje kva eg skal kalle meg. Eg står for feministiske målsetninger, men eg veit ikkje om eg vil identifisere meg med ein slik bakstrebersk retorikk som enkelte feminister bedriver. Samt at takhøgda er så låg.

Eg som feminist, og individ, har høgare ambisjoner enn å jatte med dei enige feministdamene i Oslo. Dei må jatte for meg, men eg jatter ikkje med med mindre eg er enig. Men miljøet er prega av utprega mangel på sjølvinnsikt samt sterk grad av sjølvdyrking, samt at ein støtter seg på kompisers synspunkt og utsegner, uten å ta hensyn til at dette kanskje ikkje er nok. At kompisene dine kanskje ikkje utfordrer deg men kun støtter deg uansett kva du meiner. At du trenger å slipe deg på hardare knivar for å skjerpe retorikken din. Alle veit at du ikkje nødvendigvis er smart sjølv om mora di seier det til deg. Dette gjeld også i debatt.

Ein må også henvende seg til samfunnet rundt seg for tilbakemeldingar, og makte å absorbered desse, ellers vil ein raskt oppnå å kun dyrke fram det middelmådige, blant anna dårlige skribenter, slik vi no ser at feminismen sliter med. Ein må ut av skapet og bli stilt krav til, samt stille krav til seg sjølv om å delta saklig. Slipe knivane med andre ord. Og dette blir ikkje gjort. Heller sløver ein knivane mot kvarandre og sine venner innad i feministiske kretser. Her ligg mykje av problemet.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...