Gå til hovedinnhold

Bestialsk landbruk

Eg drog til USA. Der lærte eg å mishandle kyr.


Denne artikkelen stod på trykk som signert-artikkel i Klassekampen 23.mai 2010. Det er fleire som har kontakta meg for å få lov til å republisere denne artikkelen. Send meg ein epost så blir vi enige.


For åtte år sidan gjorde eg ei meir eller mindre vellukka dannelsesreise til ein melkefarm i USA. Denne reisa er det tydeleg at verken Lars Peder Brekk, det såkalla "distriktspartiet" Senterpartiet eller andre medlemmer av den rødgrøne regjeringa har teke. Dei held i tilfelle godt kjeft om det dei har sett.


Difor skal eg her fortelle dykk nokre historier om korleis melk blir produsert i USA. Forestill dykk vassen kumøkk, diare som sprutar over alt, at alle kyrne har fått halen fjerna med gummistrikk-metoden (kutt blodtilførsel, halen fell av etter nokre veker der den har hengt og rotna) og at dei fleste har store problem med å bevege seg normalt. Dei krummar ryggen medan dei vaggar sakte bortover på ømme bein. Bak dei går ein mann med stokk og ropar. På alle kantar er det maskinlydar og trucks. Temperaturane er over førti grader, det er så varmt at kyrne ikkje maktar ete nok i forhold til kor mykje dei melkar. På enkelte dagar har åtti prosent av kyrne utslag på ketosetest, dei lir av energiunderskot.


Alle slike kyr vert fanga, bundne fast og får ein liter Dextrose, eller sukkervatn, rett i blodet. Mange er så oppstukne på halsen etter sprøyter at der knapt er stadar att å stikke. Sjå føre deg meg som baskar med dei store kyrne, bind dei fast med tau så hovudet står i skrustikke mot jernbåsane, stikk dei i halsen og får skryt for min brutalitet. Eg er ganske sterk, eg har inga frykt for store dyr og vil gjerne imponere mine læremeistrar her ved American Farm of the Year, ein av verdas fremste forskningsfarmar innan melkeproduksjon. Du får unnskylde meg med at eg dette er nokre få år sidan.


Farmen, som har 2 500 melkekyr, er tilknytt eit universitet som utdannar veterinærar. Dei har ansvar for å lære opp morgondagens landbruksforvaltarar.

Tre gongar kvar dag vaggar dei 2 500 kyrne på rekke og rad fram til melkegrava der dei vert melka. Når kyrne nærmar seg melkegrava, går eit straumførande grind ned bak dei. Kvar gong ein ny pulje skal inn i grava, høyrer ein lyden tut-tut, alle kyrne trykker seg saman medan gjerdet bevegar seg framover og gir dei elektriske støt i halen. I melkegrava står illegale meksikanske immigrantar som arbeider sekstentimarsskift og bur i campingvogn i dritten utanfor fjøsdøra. Dei har familie i Mexico som dei aldri får besøkt fordi dei ikkje har papir til å krysse grensa.


Ei av kyrne begynner brått å springe ukontrollert framover, den krasjar inn i veggen og dett i bakken. Hjartestans. Det same hender neste dag, og neste.

Kvar tiande dag sprøyter ein kyrne med melkehormon. Dette er mi oppgåve. Eg stikk tusenvis av kyr på bogen, ved halen, på halsen. Kyrne her kan melke fleire år i strekk. Dette er ikkje normalt. Dei må inseminiserast rundt ti gonger før dei blir drektige. Årsaka til den elendige fruktbarheita er høgt stress og eit enormt produksjonspress.


Fleire av kyrne har kroniske infeksjonssjudomar. Johne’s disease, eller paratuberkulose, sprer seg frå mor til kalv. Når kyrne er nokre få år gamle, slår den ut. Dyra visnar gradvis vekk og dør. Dei går som skuggar i fjøsen. Ein tyner dei til det siste.

Fleire kyr ligg strekk ut på betongen og greier ikkje reise seg. Folk gir dei drabelige spark når dei går forbi. Ein dag køyrer dei ho ut med gaffeltrøkk og dumpar ho inn i ein lastebil. Ho rullar kast i kast innover i bilen. Så forsvinn ho til Mac Donalds.

Fleire kyr vert haldne i live som levande skjellett. Beingrinder med tynt skinn på, håra avskalla i store områder, ligg i sjukebingen. Beina er bundne saman med tau. Dei greier ikkje ete, ikkje drikke.


Hadde denne farmen vore i Norge, hadde den vore politianmeldt og stengt, men her i Wisconsin er den ein suksess. Den er kåra til Farm of the Year i USA, og farmarane er i topp ti sjiktet i USA. Eigarane har kjøpt seg inn i store russiske farmar og driv melkeproduksjon i Midt-Austen. Dei skal ut i verda med produksjonsmetodane sine. Dei flyg Holstein-kyr til Russland, til India, til Afrika.


Virkeligheten der ute er langt verre enn vi er i stand til å forestille oss, her vi sit skjerma bak rosemalte fjøsdører og gradvis undergrev eigen matproduksjon, no sist demonstrert i dei miserable landbruksforhandlingane. The American way kan bli realiteten i Norge om vi ikkje snart får landbrukspolitikarar med ballar. Mat kostar.


EKSTRA MATERIALE:


Alle kviger får ein stram strikk rundt halerota når dei flyttar inn i fjøsen som toåringar. Strikken skal hindre blodtilførsel. Få veker seinare ramlar halen av. Ei ku utan hale held seg nemlig reinare enn ei ku med hale. Berre kyr med stambok får behalde halen, og det er berre desse kyrne som kan dra på utstilling. Då blir dei kamba og børsta først, men det er knapt nokre av denne farmens tusenvis av kyr som nokon sinne ser ein børste. Ei heller ei blomstereng. Produksjonen per ku er her omtrent det doble av i Norge. Antal celler i melka så høgt at den her i Norge ville ha blitt nedklassa eller ein hadde fått forbod mot å levere den til meieriet.


Fleire år seinare drog eg til Andhra Pradesh, India for å gjere eit feltarbeid. I Andhra tek tusenvis av bønder sjølvmord kvart år på grunn av dei vanskelege forhalda i landbruket. Hit flyg amerikanarane Holstein-kyr. Dei indiske bøndene tek opp lån, kjøper kyrne, men Holstein-kyrne tåler ikkje varmen, dei svelt, blir ikkje drektige og kan ikkje nyttast som trekkdyr. Att står bonden med eit slakt han ikkje ein gong kan ete.


I USA er mine amerikanske venner i ferd med å bli multinasjonale. Eg er ikkje naiv. Dette toget kan vi neppe stoppe, men vi kan, ved å oppretthalde eigen matproduksjon, unngå å måtte importere mat produsert under slike forhold. Men det krev politisk vilje og vågemot, samt eit langt høgare kunnskapsnivå enn vår rødgrøne regjering ser ut til å inneha.


Anne V er veterinær. Har hatt praksis på ein av verdas største forskningsfarmar i Wisconsin, USA (eg nevner ikkje navnet) og utført eit feltarbeid der ein såg på spreiing av infeksiøse sjukdomar i kjølvatnet av den internasjonale landbruksmarknaden i Hyderabad, Andhra Pradesh, India.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Spelet om ØKO-maten, The øko-GAME: Marked - forbruker

Om spriket mellom PR og røyndom. (Med andre ord-artikkel publisert i Klassekampen 26.februar 2010) Bønder er og blir ei spesiell gruppe. Før var det høgstatus å vere storbønder. No er du er ein systematisk dyremishandlar, industriforbrukar av stakkars kyr og ellers ein trussel mot vår alles eksistens. Du tømmer dritt ut i atmosfæren, og driver oss alle lukt i undergangen. Før var det lågstatus å vere småbonde. Du hadde mindre makt, mindre pengar, sat gjerne på leigd jord og måtte sende alle sønene dine til USA om dei ville overleve. Du hadde så lite gras over vinteren at kyrne dine knapt klarte stå på beina når du slapp dei ut om våren, og du budde i eit lite hus fullt av ungar du streng tatt ikkje burde hatt meir enn halvparten av. No er det høgstatus å vere småbonde. Du er småskala og naturvennlig, lever gjerne på ein stad der ingen skulle tru at nokon kunne bu, og småskala kyr er innhylla i eit mytologisk teppe av grønt gras under spreke klauver. Dei har forgyl...

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys...