Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mars, 2012

Bur for verpehøner framleis lov i Norge

I januar skreiv norske medier ei rekke saker om at no var bur blitt forbode for verpehøner i Norge. Dette var ein faktafeil. Norske verpehøner står framleis i bur, men i ein an type bur enn før. Sjekk bilete av bura her. Merk deg bilettekstane til burbileta: "hønene kosar seg", står det under dette biletet. Alle bileta er henta frå linken over. Og denne bodskapen, hønene kosar seg, greidde fjørfebransjen og Fjørfelaget lure mediene med på. Dermed fekk vi saker på trykk av denne typen: bur forbode for verpehøner i Norge. Men norske verpehøner står i bur den dag i dag. Eller kva vil du omtale installasjonen på biletet over som? Biletet under: det første her viser då altså reiret for høner i bur. Skikkelig flott reir, eller kva?  Biletet under viser då altså strøbadet hønene i dei nye bura får tilbod om. Denne måten å halde høner på er flott, ifølge fjørfelaget. Kva seier det oss om fjørfelagets syn på dyrevelferd? Spørsmålet er tabu å stille, men det er ganske ty...

Google translate meiner at kvinner bør vaske huset, kler og ta oppvasken sjølv om ein skriv inn at det er ein mann som gjer det.

Klikk på bileta og dei blir store og leselege. Så ser du korleis google translate overset!!

Min verste datingopplevelse

Siden folk skriv om jogging og sånt på sosiale medier, skriv eg om min verste datingopplevelse. Satt på kjøkkenet med denne karen og tok en pils da eksen kom inn, slo han ned tre gonger, knuste ei rekke glasboksar som stod på disken på kjøkkenet, slo inn to vindu + ei dør og kjørte over gressklippern med bilen før ho stakk. Hell hath no fury like a woman scorned. Dating er gøy.

Liker du gode aviser og god musikk?

Det er sjeldan eg driv reklame, men idag er eit unntak. Om du ønsker å skaffe deg ei god avis som serverer kvalitetslesestoff, gode saker og stoff du ikkje finn andre stader, send DT3V til 2007 så får du tre veker gratis avisa Dag og Tid . Dag og Tid er ei kvalitetsavis som kjem ein gong i veka på nynorsk. Og så litt god musikk. God helg!

Slaktekylling skal få "betra velferd" gjennom å stå stadig trangare, seier Fjørfelaget

- Vi skal forbedre dyrevelferden i fjørfenæringen, seier leiar i Fjørfelaget, David Koht Nordbye, og argumenterer i same andedrag for å auke antalet kilo levandevekt kylling per kvadratmeter frå dagens 34 til 39. Kyllingen skal med andre ord få betra velferd gjennom å stå stadig trongare. Les kommentaren her. Det er ingen andre enn fjørfenæringen som ser logikk i ein slik argumentasjon: mindre plass per dyr gir auka velferd, og få andre enn næringen sjølv som vil påstå at kyllingar har god dyrevelferd. Det er ikkje vanskeleg å sjå at fjørfenæringens mål på dyrevelferd i grunnen handlar om økonomi. Det er tomme ord og dobbelmoral når Koth argumenterer for betre velferd i produksjonen av stadig meir påskekyllingar til folket. Lat oss slå det fast med ein gong. Dyrevelferd er eit ord utan innhald i fjørfenæringen. No skal det tømmast ytterlegare. Og argumentet, ja det er dyrevelferd. Ein bør vere klar over at forskrifter for hald av fjørfe ikkje er utarbeidde av hensyn til dyrevel...

Kosher - sjå korleis det praktiseres i USA

Etter at halsen er avskoren på eit levande dyr, medan det står fastspent, blir det dumpa ut på eit golv der det vert liggande og kaste seg hit og dit med avskoren hals. Dette gjentek seg med dyr etter dyr. Dei ligg og kastar seg i fleire minutt før dei ikkje orkar meir og mister bevisstheten av blodtapet. Er dette religion? Å la eit dyr ligge med avskoren hals og kaste seg rundt og rundt i sitt eige blod på betongen i eit industrielt slakteri? Sjå videoen. Kosher. Sjå også denne. Halal. Obs. Svært stygge scener.

HALAL- gamal metode i ny kontekst

Les mitt innlegg i dagens Morgenbladet på web Eller last ned artikkelen i PDF. Det er gått ut ei rekke fatwa som seier at bedøving før avliving er godkjent halal. Her kan du lese tolkningar av koranen , korleis profeten vil at dyr skal bli behandla. Det tviles på om profeten ville godkjent industrislakt eller meint at det var haram: HALAL: Our Holy Prophet(s)'s overwhelming concern for animal rights and their general welfare would certainly have condemned (La'ana) those who practice such methods (factory farming), in the same way as he condemned similar other cruelties in his days. He would have declared that there is no grace or blessing (Brakah) - neither in the consumption of such food nor in the profits from such trades... If animals have been subjected to cruelties in their breeding, transport, slaughter, or in their general welfare, meat from them is considered impure and unlawful to eat (Haram). The flesh of animals killed by cruel methods (Al-Muthiah) is car...

Hvem skaper vår tids bilde av kjønn? Iallfall ikke feministene.

De møter debatt med en paranoid og skyggeredd feminisme som demoniserer. Ikke pådrivere. Jeg satt på kafé med noen venstremoderate venner og drøftet hvordan norske feminister møter debatt i det offentlige rom. Konklusjonen var ikke oppløftende. Heller enn å ta ledelse, møter feminister som oftest debatt med kjønnskorrekte korrigeringer. De er et vedheng. Ikke pådrivere. Feministers takhøyde er lav. Derfor utvikles ikke nye argumenter. Hva man kan mene og hva man ikke kan mene, skal man ha god oversikt over som feminist. Ellers blir man utdefinert. En må gå i takt for å passe inn, ikke tenke selv. Akseptere. Det er dogmatisme. En ideologisk en. Gå i takt. Skillelinjene i debatten går tilsynelatende ikke mellom hvem som har peiling og hvem som ikke har peiling. Den går mellom de som går i takt, og de som ikke går i takt til feministenes bongotromme. Går du ute av takt, må du regne med represalier. Du har de som følger programmet, og de ukorrekte. De ukorrekte som tør å si...

Kjære bønder. Vil de ha folkets støtte også om ti år? Om hersketeknikkar i landbruksdebatten.

Ein ting eg har tenkt på, er kor defansive mange bønder er i debatt. Det er personangrep dei bruker, og harselas, når dei skal imøtegå kritiske innspel. Dette er ein dårleg strategi. Det bør bønder tenke litt på. Så kjære bønder. Keep your friends close, and your enemies closer. De har støtte i folket idag, vil de ha det også om ti år? Tenk over det, grundig. Debatter og ordlegg dykk så i tråd med konklusjonen de kjem fram til. Eit argument eg stadig møter på når eg skriv om landbruk og dyrehald, er at eg har ikkje peiling på kva eg skriver om. Det hagler med personangrep, karakterestikker av meg og så og sei ingen saklege tilsvar, utenom harselas, frå bønder. Det finst nokre få bønder som greier svare meg sakleg, resten vrir seg i personangrep. For kva kan vel eg vite om dyr? Akademiker (veterinær). Eg har trass alt ikkje vore bonde i førti år, har heller ikkje levd i førti år, og er dum som eit brød, sånn for det meste. Å vere veterinær er for dårleg. Ein må grave i jorda, he...

Holdningar som problem i husdyrproduksjon.

Ein del mennesker som held dyr, slår desse dyra. Ein del mennesker som jobbar i slakteri, slår også dyra. Dei overdriv bruken av strømførande jageredskaper og dei skrik og bråkar. Dette er eit haldningsproblem. Mykje mishald av husdyr skuldast dårlege haldningar hos bonden. Han bryr seg ikkje. Mange av funna i rapporten om fjørfe som vart lagt fram av Mattilsynet for ei tid sidan , skuldast dårlege haldningar hos fjørfebøndene. Ikkje dårleg økonomi. Uforsvarlege transportar som transporterer kyllingar fram til slakteri, er godkjent av Mattilsynet. Kva slags haldningar har Mattilsynet som godkjenner desse dyretransportane, der kyllingar frys ihjel på vegen til slakteriet? Og kva slags haldningar har Nortura som held fram med å bruke bilane? Og kva slags haldningar har sjåføren som køyrer den? Økonomi blir ofte trekt fram som ein forklaringsfaktor, men dårleg økonomi er langt frå alltid forklaringa når pelsdyr sit i skitne bur eller kyllingar er mishaldne. Det er haldningar det g...

Dagens strek

Trykk på bileta så blir dei store.

Halal utan bedøving er avansert dyreplageri, men ein billeg måte å slakte på. Difor blir det i EU produsert langt meir halalkjøt enn markedet etterspør.

Medan etterspørselen etter halalkjøt i EU ligg på åtte prosent, vert 65 prosent av alle franske kyr og kalvar avliva med strupekutting, utan bedøving. Altså halal. I Belgia vert 92 prosent av alle sauer avliva halal. Kilde: det EU-finansierade prosjektet Dialrel (Dialog angående religiøs slakt). Nesten all slakting i Paris blir utført på halal - eller kosher-måten - for å forenkle produksjonen og spare kostnader (Kampen om ytre høyre, Stavanger Aftenblad 27.februar 2012).Men sjølv om alt er slakta halal, er det merka som halal, kosher og vanlig ( VG 23.feb ). Strupen kuttes medan dyret står. Etter at den er kutta kan dyret bli ståande medan blodet sprutar.  Dei står med avskoren hals og ser rundt seg i slakteriet før dei daudar. Etterkvart vil det segne om. Det kan ta fleire minutter å dø. Ved import av kjøt er det sannsynleg at HALAL kjem i butikken også her. Dette er ikkje merka og ein kan difor ikkje vite kva kjøt som er halal og ikkje. Dette er eit problem i Sverige. Ein ...