Gå til hovedinnhold

Innlegg

She is my wife - I can kill her if I feel like

Why were women pushed aside always and everywhere? The question kept on churning inside me. Sangati by Bama. A call for action Oxford University Press

India, life in a village - Andhra Pradesh

Night in the village. Me at work talking to these great Dalit-women. The buffalo and it's calf in it's shed outside the house.

India - Hyderabad

/ eg sit å høyrer på fuglekvitter og hinduhyl i ein supertørr park omgitt av mystiske lågtflygande fuglar og skrot/ / skrot er til for å kastast/ slengast ut bilvindu/ tette toalettavløp/ fylle kumagar/ tommer parkar/ byrom/ grassletter/ vere barnehage for kyllingar / hundar med høg hale/ skremte hundar/ laushundar med muskuløs kropp og glatt pels/ straidogs joggar/ loffar/ ruslar raskt gjennom krysset/ forbi porten/ bortover stien under palmetrea/ kråkeflokken/ rakettblomster, søv i veikryss/ har kvalpar i veikryss, er sjølvsikre med sterk hale/ sjølvsentrerte med territorium, blir av og til slått i bakhodet/ drept/ avliva, fanga i nett/ vaksinert mot galskap/ rabies/ / menn hostar/ harkar/ spyttar/ pissar/ snyt seg over alt, kvar kan eg sitte/ bakken er innpissa/ påspytta/ kvar centimeter dekka av kroppsvæsker, ingen leiar/ kosar/ klemmer, alle pissar/ snyt seg/ fis i trynet mitt/ fjeset mitt/ fasaden min/ / aper har sex i veikanten/ nøyaktig på asfaltkanten i store flokkar/ på lange...

India - Medak

holdt på å rygge/ køyre over/ smadre ein gul hund/ ei gul tispe med stort hengejur/ store hengepuppar trass bjelleklang-ryggelyd/ jingle bell-ryggelyd det viser seg å vere fem ekstra journalsitar/ der er tre frå før, alle menn i strøkne skjorter som blir informert av sonny om meg og kva eg driv med, det blir sendt rundt ei sprite-flaske med vatn som alle drikk av/ vatn frå ein tank på kjøkkenet, og på golvet står eit fat med to typar kjeks/ eit blekkfat med småkaker. vi får chaite av blekkrus/ den er altfor søt for min smak, og eg fortel at i Norge kan det bli mange titals minusgrader i nord/ ein kan rekne med å tjene over 300 000 kroner på eit år har egentlig vore bissi med alle intrykk/ fekk total skrivesperre, men no skriver eg litt/ er delvis kvitt skrivesperra. det er heilt utrulig fasinerande å vere her nede/ eg storkosar meg/ India er ikkje så vanvittig som eg trudde/ opplever ingen terrorangrep/ politiet vil ha kopi av passet mitt/ terrorkontroll på kinoen. varmt og godt er det...

Incredible India

Kingcrab-captains visiting Oslo

Torsdag ringte Kelly meg. Kelly er ein amerikansk kongekrabbefisker (kaptein på ein russisk krabbetrålar) som eg vart kjend med i Kirkenes i 2007 og traff att same stad i 2008. No var han i Oslo ein dag medan han og to andre kapteinar venta på flyet som skulle ta dei heim til jul i USA. Etter mange år med krabbefiske i Alaska, vart han sjef for tolv russiske krabbetrålarar. Båtane ligg til havn i Kirkenes store delar av året, her lossar dei og vaskar utstyr blant anna, og resten av året fiskar båtane etter krabber i Barentshavet. Investoren som eig båtane held til i St Petersburg, medan mannskapet på båtane er russarar. From DN bilder nordområdene Årsaka til at Kelly kom til Kirkenes/ Russland, er russarane si manglande erfaring med fiske etter kongekrabber. Krabben vart sett ut utanfor kysten av nordvest-Russland på sekstitalet og er no i ferd med å spre seg langs norskekysten. Den er dermed ein ganske ny ressurs for nordmenn og russarane, medan amerikanarane har langt historie med k...

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs...