Gå til hovedinnhold

Kingcrab-captains visiting Oslo

Torsdag ringte Kelly meg. Kelly er ein amerikansk kongekrabbefisker (kaptein på ein russisk krabbetrålar) som eg vart kjend med i Kirkenes i 2007 og traff att same stad i 2008. No var han i Oslo ein dag medan han og to andre kapteinar venta på flyet som skulle ta dei heim til jul i USA.

Etter mange år med krabbefiske i Alaska, vart han sjef for tolv russiske krabbetrålarar. Båtane ligg til havn i Kirkenes store delar av året, her lossar dei og vaskar utstyr blant anna, og resten av året fiskar båtane etter krabber i Barentshavet. Investoren som eig båtane held til i St Petersburg, medan mannskapet på båtane er russarar.

From DN bilder nordområdene

Årsaka til at Kelly kom til Kirkenes/ Russland, er russarane si manglande erfaring med fiske etter kongekrabber. Krabben vart sett ut utanfor kysten av nordvest-Russland på sekstitalet og er no i ferd med å spre seg langs norskekysten. Den er dermed ein ganske ny ressurs for nordmenn og russarane, medan amerikanarane har langt historie med krabbefiske i Alaska.

Det er per idag ein amerikansk sjef på kvar av dei tolv båtane, men no føler russarane etterkvart at dei beherskar krabbefiskinga godt sjølv, og det spørs kor lenge dei vel å behalde amerikanarane. Kelly vert vel uansett verande. Han er sjefseksperten og blir kanskje forflytta til St Petersburg etterkvart. Å hente inn ekspertise, lære seg det sjølv eller kopiere kunnskapen, er eit typisk russisk triks;)
Kongekrabbeplakat på Youngstorget ein bitande kald Oslo-kveld etter ein betre middag med dei tre amerikanske krabbekapteinane. Dei var på veg heim til USA for å feire jul og hadde ein dag i Oslo. Eg håper å kunne besøke Kelly i Kirkenes i 2009, og kanskje få bli med båtane ut på fiske. Det hadde vore sabla moro.

Fredag var eg på Podium på Hausmania for å snakke om nordområdesatsinga basert på mi fire vekers reportasjereise i sommar. Leif intervjua.
Meg og Leif.
Etter intervjuet var det Dans for voksne-konsert.
.. og eg drog på Mono for å henge ut sidan Mono er ein ålreit plass.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...